Else Olsen S debuterer denne våren i USA med konsertar på ulike scener i New York. Den første konserten finn stad i kveld, og Else Olsen S vil framføra friimprovisasjonar av Pauline Oliveros, Christian Wolff og seg sjølv – i lag med nettopp Oliveros og Wolff, samt Fred Frith, og Øyvind Storesund.

Else Olsen S 2007

I tillegg er tre andre konsertar planlagt, i tidsrommet april-mai.

”Pianoorkesteret består av køller, fløyter, kazoo, spilledåser, fuglefløyter, Den bøyde ku, bedehusgafler, syngebolter, munnspill og bolt-ebow i tillegg til pianoprepareringer”, skriv Else Olsen S i ei pressemelding, og legg ved følgjande program:

10. April: Four sides to Everything I
Pauline Oliveros, Christian Wolff, Øyvind Storesund og Else Olsen S.
Verk av Oliveros, Wolff, Olsen S.
The Renee Weiler Concert Hall, Greenwich House Music School 46 Barrow St, NYC. www.deeplistening.org/calendar and
Greenwich House Music School’s www.gharts.org

13. April: Four sides to Everything II
Pauline Oliveros, Chrisitan Wolff, Øyvind Storesund og Else Olsen S.
Verk av Oliveros, Wolff, Olsen S., and friimpro
New York, Kingston, Alternative Books. Kl. 7pm

11. May: Duo
Pauline Oliveros og Else Olsen S.
The Stone. Corner of Ave C and 2nd St.

12. May: Trio
Pauline Oliveros, Fred Frith, and Else Olsen S.
The Stone. Corner of Ave C and 2nd St.

Om utøvarane

Pauline Oliveros (akkordeon) er komponist, utøvar og ein viktig pioneer innan amerikansk musikk. Improvisasjon, elektronisk musikk, undervisning og meditasjon er sentrale område for Oliveros, som gjerne nyttar omgjevnadsbaserte lydar i den musikalske framføringa. Olivero spelar akkordeon stemt i to ulike intonasjonssystem. I tillegg nyttar ho elektronikk for å skapa andre klangbilete og for å inkludera og transformera den romlege akustikken.

Pauline Oliveros har skrive ei rekkje komposisjonar for solistar og ensemble. Ho var den første leiaren av Center for Contemporary Music (tidlegare Tape Music Center ved Mills College), og ho var leiar for Center for Music Experiment gjennom dei 14 åra ho var professor i musikk ved University of California i San Diego. I dag er Oliveros “Distinguished Research Professor of Music” ved Rensselaer Polytechnic Institute, Darius Milhaud Composer in Residence ved Mills College og mentor ved Bard College summer MFA program.

Fred Frith (gitar) er komponist, improvisator og mulitintrumentalist, og har i meir enn tredve år arbeida i spaningsfeltet mellom rock og samtidsmusikk.
Frith var ein av stiftarane av det britiske undergrunnsbandet Henry Cow (1968-78). Han flytta til New York på slutten av 70-talet der han kom i kontakt med musikarar som John Zorn, Ikue Mori, Tom Cora, Zeena Parkins, og Bob Ostertag. I New York var han med i grupper som Massacre (med Bill Laswell og Fred Maher), Skeleton Crew (med Tom og Zeena), og Keep the Dog, ein sekstett som framførte ein stor del av Friths komposisjonar.

På 80-talet byrja Frith komponera for dans, film og teater og vidare for Rova Sax Quartet, Ensemble Modern, Arditti Quartet, Asko Ensemble, med fleire. Frith er kanskje mest kjent som guitarist, og har og spelt i ei rekkje andre kontekstar, som bassist i John Zorn’s Naked City og fiolin i Lars Hollmer’s Looping Home Orchestra.

Øyvind Storesund (kontrabass), har utdanning innan klassisk og jazzutøving. Han framfører mellom anna friimprovisasjon og alternativ rock. Han er medlem av Cloroform, Frode Gjerstad Trio, Ciculatione Totale Orchestra, og Kaizers Orchestra. Han har gjort innspelingar og turnear med ei rekkje utøvarar som Peter Brötzmann (Ger), Jeb Bishop (US), og Kaada/Mike Patton (US). Meir informasjon på www.cloroform.com og www.kaizers.no

Christian Wolff (piano/meldicon) studerte piano med Grete Sultan og komposisjon i ei kort periode med John Cage. Komponistar og utøvarar som John Cage, Morton Feldman, David Tudor og Earle Brown har vore viktig for han, i dessutan samarbeidet med Cornelius Cardew og Frederic Rzewski. Eit særtrekk ved mykje av Wolffs musikk er fridomen den gjev utøvaren ved framføringa, og dermed dei mange moglege resultat av framføringane av eitt enkelt stykke, der nye notasjonsmåtar stadig er oppfunne.

Frå 1953, har ei rekkje av komposisjonane hans vorte bestilt av Merce Cunningham og dansekompaniet hans. Wolff har vore aktiv som utøvar og som improvisator, med Takehisa Kosugi, Steve Lacey, Christian Marclay, Keith Rowe, William Winant, gruppa AMM, Kui Dong og Larry Polansky. I 2004 mottok han eit æresdoktorat ved California Institute of the Arts.

Else Olsen S. spelar piano og preparert piano, samt hardingfele som biinstrument. Ho er oppvaksen på Hommersåk, i Sandnes, og har sine musikalske røter i salmene frå bedehuset. Olsen S er utdanna ved Høgskolen i Stavanger, Ole Bull Akademiet, Norges musikkhøgskole og hjå Christian Wolff i USA.

Else Olsen S. jobbar med nyare musikk, og har spesialisert seg på preparert piano. I si hovudfagsavhandling ”Det preparerte piano – et klanglig kaleidoskop” har Olsen S dokumentert mykje av det ho har eksperimentert med i høve til dette instrumentet.
I friimprovisasjonstrioen Adeaforon spelar ho piano, preparert piano og leketøyspiano, saman med Tora Ferner Lange på fløyter, og Sigrun Eng på cello. Dei er alle klassisk utdanna utøvarar, I danseensemblet Rød Flux, saman med Sigyn Fossnes (fiolin), Mari Bjørnsdotter Vinjar og Ragni Reitan Haugum (dans) har ho i tillegg til musikk og stått for rammer for koreografien til dansarane gjennom sitt verk ”Less III”.

Else Olsen S. arbeider og med norske komponistar, og fleire har skrive verk for preparert piano til henne. Den siste tida har ho også komponert sjølv, då spesielt for preparert piano. Olsen S har utforska nye måtar å preparera pianoet på, og jobbar særleg med komposisjonar med open form.

Publisert:

Del: