PLATEMELDING: Utgjevingar med sekkepipe er sjeldan vare. Elisabeth Vatn presenterer her ei overtydande blanding av nytt og gamalt, frå tradisjonssterke ”Danny du” til eigne komposisjonar. Men det er i dialogen med det gamle at plata står sterkast, meiner Ballades meldar.

Elisabeth Vatn: Piper on the roof

Av Ida Habbestad

I platecoveret berettar Elisabeth Vatn om sitt første innkjøp av ei sekkepipe. Det fann stad i Makedonia i 1993, kort tid før ho fann ut at der også fanst ein nordisk tradisjon. Dei svenske instrumenta lokka, og snart vart ho lukkeleg eigar av opptil fleire slike.

Dette var igjen starten på ei lang reise, geografisk og estetisk, berettar Vatn. Gjennom verksemda som musikar (og også som arrangør) har ho rørt seg over stilistiske grenser, frå utøvinga på klaver til den på sekkepipa: I det opne landskapet av improvisert og rytmisk musikk, med nordiske og endå vidare tradisjonar.

Utgjevinga av ”Piper on the roof” kan sjåast som ei understreking av dette spennet. Vatn blandar tradisjonens materiale med sitt eige, hentar referansar frå ei rekkje ulike hald, og resultatet kling friskt, frigjerande.

Kjend men sjeldan

Mykje kan seiast om sekkepipa: Rørinstrumentet med den gjennomtrengjande, nasale klangen – med borduntonen og med ei historie som strekkjer seg – så langt ein veit – til 700-talets Egypt. Assosiasjonane er mange; til liktklingande instrument som skalmeien og dens øvrige barokke slektningar. Og der dannast enkelt bilete av skotsk høgland, til med menn i rutete skjørt, til Ceilidh-dansar og vide åkrar.

Men lite er sagt i form av overlevert materiale. I den nordiske tradisjonen er dagens utøvarar så godt som overletne til seg sjølve kva gjeld repertoar og tolkingar.

Fleirsidige aspekt

Og kanskje innbyd det siste til eksperimentering?

Musikken Vatn presenterer er i alle fall ei god blanding av nytt og gamalt. Assosiasjonane ovanfor er uungåeleg til stades på plata, men òg hennar eiga stemme og særpreg.

Innleiinga, ”Fanfare”, er langt på veg beteiknande. Den gjev oss først ei historisk-klingande innleiing, der strengeinstrumenta flørtar med tonespråk frå endå lengre aust enn hittil nemnt. Men snart fører den oss vidare, til klangen av noko anna, meir moderne.

Dette fleirsidige aspektet kjenneteiknar mykje av materialet på plata. Idei få tilfella der tradisjonelle songar er tekne i bruk, er det alltid med ein vri: Den så innprenta svenske ”Visa från Utanmyra” føreligg i samisk språkdrakt, med Niko Valkeapää som vokalist.

Den like tradisjonssterke irske ”Danny du”, har fått norsk tekst, som Øyonn Groven Myhren framfører så den liknar ein rotnorsk bygdesong. Og i den svenske springleiken etter Troskari Erik er der plass både for seljefløyta, elgitaren og harmonikaen, samt ei lang rekkje av instrumentaleffektar – som om Vatn heile tida ynskjer understreka at grensene ikkje er til for henne.

Liv og variasjon

Slik finst noko fascinerande levande ved Vatn si traktering av instrumentet. Det framstår lettare enn ein tenkjer seg det i skotsk samanheng, virtuost og – ikkje minst ved hjelp av mange gode medspelarar – imponerande variert.

Skal ein så kritisera noko, måtte det vera det ”søkket” eg opplever midtvegs, der eit følgje av Vatn sine lite varierte låtar som ”Bagging”, ”Noor / Bjørka” og ”Pipes of peace” gjev inntrykk av eit meir einsprega spor – der grensene tross alt ikkje er så langt unna som opninga gjev inntrykk av. Det tek seg mot slutten, ved innføringa av eit nytt instrument, Meråkerklarinetten, i ”Reed Poetics”, samt i den vakre “Bagcarolle” som ei vuggevise til sist.

Men inntrykket har sett seg fast: at det aller mest er i dialogen med tradisjonsmaterialet at den største nedbrytinga av grenser finn stad.

For underteikna er det dermed opning og avslutting som står stekast på albumet, som framfor alt er ei kjærkomen presentasjon av den så altfor sjeldne sekkepipa – men som sikkert har endå fleire aspekt ved seg enn dei som har fått utløp her.

Elisabeth Vatn – Piper on the roof
Selskap: Heilo

Medvirkende:

Elisabeth Vatn – svenske/nordiske sekkepiper, klarinetter, trøorgel m.m.)
Gjermund Silset – bass
Helge Norbakken – perkusjon
Olav Torget – gitarer
Geir Sundstøl – gitarer
Øyonn Groven Myhren – vokal
Niko Valkeapaa – vokal
Tori Snerte – fløyter
Anne Hytta – hardingfele
Tellef Kvifte – fløyte

Publisert:

Del: