– Christian Sinding var i si samtid rekna for å vere på høgde med Edvard Grieg og større enn Jean Sibelius, og han var komponist av verdas mest spelte klaverstykke, skriver Alfred Fidjestøl i dette intervjuet med Sinding-biografen Per Vollestad: – Om Christian Sinding ikkje hadde meldt seg inn i Nasjonal Samling åtte veker før han døydde, hadde vi i år markert det store Sinding-jubileet. Hadde han berre døydd åtte veker tidlegare, hadde han vore i folks medvit på ein heilt annan måte, sier Vollestad. Sinding markeres forøvrig med en forestilling i Nasjonalbiblioteket lørdag 7. januar, i regi av Norsk Musikksamling. Denne artikkelen er tidligere trykket i Klassekampen, og bringes her videre med artikkelforfatterens og Klassekampens velvillige tillatelse.

Christian Sinding

Av Alfred Fidjestøl, journalist i Klassekampen

Christian Sinding var i si samtid rekna for å vere på høgde med Edvard Grieg og større enn Jean Sibelius, og han var komponist av verdas mest spelte klaverstykke. Men ein skal følgje uvanleg godt med i timen for å vere klår over at det i år er 150 år sidan Christian Sinding vart fødd.

Hausten 1941, berre åtte veker før han døydde, melde den 85 år gamle, sterkt reduserte komponisten seg inn i Nasjonal Samling. Og av denne grunn er han i ettertid vorte boikotta, gløymd og retusjert ut av historia.

– Hadde han berre døydd åtte veker tidlegare, hadde han vore i folks medvit på ein heilt annan måte, meiner Per Vollestad; han er songar og musikkforskar og som tidlegare har tatt ein praktisk doktorgrad ved Norges musikkhøgskole om songane til Sinding.

Lita markering

Den 11. januar er dagen for jubileet og den 7. januar skal det vere ei mindre tilstelling på Nasjonalbiblioteket med ei førestelling Vollestad har laga basert på Sindings ord og musikk. Musikksamlinga same stad skal òg setje opp ei lita utstilling.
Men ynskjer ein meir storslagne Sinding-markeringar, er ikkje Noreg rette plassen:

– Seinare i januar skal eg til Moskva, der skal dei ha ein eigen Sinding-festival. Festspela i Bergen var ikkje ein gong klår over at det var jubileum i år, sukkar Vollestad.

Men i Sindings samtid var hans «Frühlingsrauschen» verdas mest spelte klaverstykke:

– Mange meiner at det vart litt av bana hans òg, at han vart ein «one hit-composer» i folks oppfatning. Det var eit veldig iøyrefallande stykke. Og dessutan høyrest det vanskelegare ut å spele enn det eigentleg er, og difor vart det nok mykje spelt i heimane til folk.

Spesielt i USA vart stykket ein stor suksess:

– Notane kom ut på 50 forskjellige forlag berre i USA, men det fanst ikkje nokon avtale mellom USA og Noreg om opphavsrett, og Sinding fekk ikkje pengar for det.

Kva set du sjølv høgast av musikken hans?

– Eg er veldig glad i songane, mange av songane hans er veldig sterke. Men produksjonen hans er ujamn, han skreiv for å overleve, og det vart mange noter rett og slett for å betale gamal gjeld.

Vil nyansere

Vollestad spelte i samband med doktorgradsavhandlinga inn tre CD-ar med Sindings songar for plateselskapet Simax Classics, og utanlandske kritikarar som melde platene undra seg over at dei ikkje hadde høyrd om denne musikken frå før.
Den openberre årsaka til at vi har høyrd så lite av Sindings musikk dei siste tiåra er sjokket og skuffinga over hans medlemskap i NS. Men Vollestad vil gjerne nyansere den einsidige domen:

– Det er tragisk at dei siste åtte vekene av eit såpass langt liv skal vere det som gjer at ein har avskrive han heilt. Han var innmeld i NS, men han var openbert ikkje tilrekneleg då han melde seg inn. Han betalte ikkje ein gong kontigenten sjølv.

Vollestad har funne fram til Sindings innmeldingsskjema og kan opplyse at det med raud blyant er skrive på skjemaet at kontingenten ikkje skulle betalast av Sinding, men av den tyske generalkonsulen i Noreg.

– På Riksarkivet sa dei at dei aldri hadde sett det før. Eg trur nok at Quisling-regimet brukte Sinding, han var ein utruleg populær mann rett før krigen.

Større sjokk

Sjokket over Sindings NS-medlemskap vart difor vel så stort som sjokket over Hamsuns støtte til Hitler:

– Fleire av dei eldre eg har snakka med har oppfatta det slik. Ein visste kvar ein hadde Hamsun før krigen, men Sinding vart beteikna som radikal, han var ven av Nordahl Grieg og stod alltid opp mot undertrykking. Difor var Sindings NS-medlemskap eit større sjokk for folk.

Men Vollestad meiner Sinding sjølv skjønte lite av det som føregjekk:

– Vi har bilete frå tilstellinga då han vart heidra som nytt NS-medlem, og bileta syner ein liten, gamal og litt tussete mann, seier Vollestad.

Erik Bye har stadfesta Vollestads versjon. Bye var nemleg – som andre skuleelevar i Osloområdet – utkommandert på ei kulturmønstring hausten 1941 der NS skulle syne fram sine kulturelle støttespelarar, derimellom den gamle Christian Sinding.

“Selv for en 15-åring som meg var det åpenbart at den lille rare mannen ikke ante hva han var med på,” har Erik Bye seinare fortalt.

– Sinding skreiv jo sjølv rett før krigen at det var på tide å pelle seg vekk. Han hadde vore meir eller mindre døv i fleire år, og det må ha vore ein deprimerande tilstand å vere i for han.

Boikott

Etter krigen var vunne vart det iverksett ein uformell Sinding-boikott, som gradvis sklei over i generell gløymsle.

– NRK hadde eigne boikottreglar. I orkestra fanst ikkje tilsvarande regelverk, men folk hadde ikkje lyst å spele han. Etter ei tid visste ein ikkje heilt kvifor han ikkje vart spelt, og ein tenkte vel at det var fordi han ikkje heldt mål. Ved 100-årsjubileet gjorde ein eit poeng av at ein fyrst måtte verte ferdig med krigen, og at deretter kunne musikken hans tone utover verda. Men slik har det ikkje gått. Det har heller ikkje vore mogleg å etablere eit skilje, slik vi har gjort med Hamsun, mellom den store kunstnaren og den forferdelege politikaren:

– Ein har ikkje gjort som med Hamsun, tvert om har ein sagt at han var sterkt overvurdert som komponist. Det har òg vore hevda at NS-medlemskapen ikkje kom som ei overrasking for nokon, men eit intervju som vart gjort med Sinding den 9. april 1940, syner det motsette.

«Tenk at det er tyskerne som overfaller oss på denne måten. Det samme folket som jeg har hatt så mye godhet og forståelse av,» sa Sinding til den svenske journalisten som tilfeldigvis hadde intervjuavtale med komponisten den dagen tyske troppar marsjerte opp Karl Johan.

– I ettertid har ein skrive at NS-medlemskapen hans ikkje kom som ei overrasking på nokon, men mellom anna dette intervjuet viser at det er fullstendig feil.

Fann arbeidsrom

Då Sinding døydde, vart arbeidsrommet hans pakka ned og sendt til Norsk Folkemuseum, og til alles overrasking låg det framleis uopna og nedstøva i kjellaren der då Vollestad fann det for nokre år sidan.

– Når ein får vite at arbeidsrommet ligg nedpakka utan at nokon veit om det, på eit museum som burde vite betre, får det ein til å tenkje over om ikkje andre ting kan ha gått tapt på same viset. Det er veldig tilfeldig kva som vert spart her i verda.
Sinding har heller ikkje sjølv etterlate seg mykje av personlege dokument. Han var flinkare med fyrstikker enn arkivskuffer.

Han frykta kanskje ein biograf som deg?

– Ja, hehe, eg trur nok helst det hadde praktiske årsaker. Han var nær 70 år før han fekk fast bustad, og eg trur heller ikkje han var så oppteken av å sjå bakover. Han hadde eit sunt syn på mange ting.

Men dimed vart han eit lettare offer for retusjert historieskriving?

– Ja, det er det som er paradokset. Ved ikkje å ha vore så oppteken av å vise kven han var, vert han plutseleg ein heilt annan mann for ettertida.

Norsk Musikksamlings Sinding-markering finner sted i Nasjonalbiblioteket den 7. januar, der Sinding-tolkerne Per Vollestad og Sigmund Hjelset bidra med musikalske innlag. Forestillingen begynner klokken 14:00. Klokken 13:00 vil det bli omvisning i det nyrehabiliterte biblioteket.

Ballade har tidligere publisert et lengre intervju med Vollestad om nettopp Sinding, dette intervjuet kan du lese på denne lenken.

Fidjestøls artikkel er publisert på Ballade etter velvillig tillatelse fra artikkelforfatteren og Klassekampens kulturredaksjon. Artikkelen kan også leses på Klassekampens nettsider ved å trykke på denne lenken.

Publisert:

Del: