– Akkurat som forventa er dette eit defensivt farvel frå den avtroppande kulturministeren, mener dagleg leder i landslaget for Spelemenn, Magnar Sundt. – Den sittande regjeringa har gjort lite gjennom praktisk politikk i retning av å skape positiv optimisme innan vår sjanger, er dommen som Landslaget for Spelemenn feller.

Magnar Sundt, LfS (Foto: Kjell Bitustøyl)

Av Magnar Sundt, daglig leder, Landslaget for Spelemenn

Akkurat som forventa – eit defensivt farvel frå den avtroppande kulturministeren.

Ein burde ha vore skuffa, men er det ikkje. Den sittande regjeringa har gjort lite gjennom praktisk politikk i retning av å skape positiv optimisme innan vår sjanger.

Regjeringa vil styrke tilskottet til Rådet for folkemusikk og folkedans for å vidareføre danseprosjektet ”Snu nordvest” i Møre og Romsdal. Dette er flott, men er elles det einaste unntaket i eit budsjettframlegg som ikkje gir noko ekstra til folkemusikksektoren.

Vidare sender regjeringa ut ei deprimerande avskjedsgåve til barn og unge ved å rett og slett avvikle heile Frifond-ordninga og lagt ordninga inn i spelemidlane.

Da den nye kulturmeldinga vart lagt fram for 2 år sidan, fekk folkemusikksektoren for første gong brei omtale i meldinga, og vi hadde grunn til å tru at regjeringa tok si eiga melding på alvor. Fjorårets budsjett dempa optimismen og forventningane, og årets budsjettframlegg stadfestar nok at meldinga truleg berre var meint for skrivebordskuffa.

Årets budsjettframlett har ei samla auke til programkategori Kulturformål på berre 1,3 %. Dette er snaue tal for ein opptrappingsplan for å realisere kulturmeldinga.

Vi minner om kva for konkrete folkemusikktiltak kulturmeldinga nemnde som viktige:

• Utvikle formidlingsarenaer og eit landsomfattande nettverk av folkemusikkscener for å gi rom for fleire folkemusikkturnear ut til eit breiare publikum.
• Prosjektmidlar til større folkemusikkproduksjonar. Utøvarstyrt oppbygging av frie grupper og ensemble.
• Midlar for å vidareutvikle nettbasert utøvarkatalog og formilding.
• Styrke folkedansen.
• Styrking av arkiva for folkemusikk og –dans, og gjere desse tilgjengelege.
• Auka satsing på presentasjon av norsk kultur i utlandet

Landslaget for Spelemenn meiner at både artistane og publikum no fortener;

| • Utbygging av Folkemusikkscena som turne- og konsertnettverk samt turnémidlar
• Riksscene for folkemusikk og folkedans i Oslo
• Eksportretta tiltak på folkemusikkområdet

Desse punkta er prioritert i Samstemt-dokumentet som dei viktigaste satsingsområda framover.

Samstemt-samarbeidet har ”gjort det ein har vorte bedt om”, nemleg å utarbeide ein felles satsingspakke for dei rytmiske sjangrane. Dokumentet har fått gode attendemeldingar, men det har tydelegvis ikkje gjort spesielt inntrykk på den sittande regjeringa.

Skal vi våge å lite på den påtroppande raud/grøne alliansen? I alle fall har dei vist ei svært positiv vilje gjennom Kulturløftet med m.a. 1% av statsbudsjettet til kulturformål , og gjennom den framlagde regjeringserklæringa som rett og slett seier at det skal skje ei omfattande satsing på norsk musikk.

Vi ønskjer ei ny regjering velkommen – med ein forhåpentlegvis ny og offensiv kulturpolitikk.

Til slutt vil vi gratulere Norsk jazzforum med gledeleg auke og støtte til m.a nasjonal jazzscene.

Publisert:

Del: