Kvalitet, kritikk, mangfald og nyfikne er viktige stikkord i arbeidet med Ballade, skriv Ballade sin nye redaktør.

© Flickr.com / Kheel Center, Cornell University

Ballade har vore taust i drygt to månader og i den tida har kulturfeltet vore ei stemme fattigare. Merkar ein fråværet i mylderet av informasjon der ute? Sjølv meiner eg at stilla har vore merkbar, og det er ei viktig årsak til at eg ser fram til å redigera nettavisa framover.

At stemmene som kjem til uttrykk gjennom Ballade er viktige, meiner openbart òg organisasjonane som har gått saman om å få avisa tilbake i drift. I første rekke gjeld det NKF og NOPA, som begge representerer skapande kunstnarar. Men interessa har vore tydeleg frå fleire organisasjonar, og ei rekkje andre aktørar som på kvar sine vis vil bidra til å halda nettsida levande. Den siste tida har fleire kulturinstitusjonar kjøpt annonser, trass i fråverande publisering. Det er eit signal om at eit breitt musikkfelt ser behovet for aktivitet på Ballade.

Uavhengig grunnpilar
Spørsmålet eg har fått oftast dei siste dagane er om nettavisa vil bli eit informasjonsorgan for stiftarane av Foreningen Ballade. Slik er det ikkje. Den redaksjonelle fridomen er ein grunnpilar, sik det også var då eit brennande ivrig miljø i 1977 tok initiativet til opprettinga av Ballade.

I artiklane som blir publiserte i dag ser me attende i tid. Ballade sin aller første redaktør, Synne Skouen, fortel om det essensielle behovet for at nokon ytra seg, og stilte spørsmål ved feltet i ei brytningstid. Arvid Skancke-Knutsen redigerte ballade.no då det vart lansert på nett, med MIC Norsk musikkinformasjon som eigar. På nettet var ein tidleg ute, hadde behageleg få konkurrentar om kampen om merksemda, og kunne spela ei heilt sentral rolle i musikkjournalistikken.

Eksplosiv vekst
Når Ballade no startar opp for tredje gong, er tilbakeblikket ein del av det å tenkja kring kva Ballade kan og bør vera. Musikklivet og verda såg annleis ut i 1977. Det var annleis i år 2000 og i tida som har gått til år 2013 har det skjedd ei eksplosiv utvikling både i musikklivet og på nett. For ei nettavis er det sjølvsagt ei utfordring at nettet er ein slik uoversiktleg masse, med mengder av godt og dårleg lesestoff, og av god og dårleg informasjon. I tillegg har det musikk-Noreg som Ballade skal skriva om vakse i mangfald og strukturar.

Berre sidan år 2005 har løyvingane til kulturfeltet auka radikalt, og nest etter det frivillige er musikkfeltet det området som har hatt størst prosentvis vekst. I kulturpolitikken har ein arbeidd med å likestilla sjangrar. Det rytmiske feltet er styrka, det same er dei store institusjonane. Den totale produksjonen av kulturelle uttrykk er svært omfattande i dag.

Å sikra kvalitet
Aktiviteten har eksplodert, men den kritiske omtalen har ikkje på langt nær auka tilsvarande. Etter mitt syn er behovet for diskusjon, både om kunstnarlege resultat og høve, og dessutan om korleis musikklivet forvaltar ansvaret sitt, større enn nokon gong.

I gode tider ivrar ein kan henda ikkje like mykje for å engasjera seg som når økonomi eller tryggleik står på spel. Men det kritiske blikket kan vera med på å sikra kvalitet. Og kva er elles kunsten til for, om den ikkje på eitt eller anna plan inneheld refleksjonar, erfaringar som skal diskuterast eller ganske enkelt delast mellom fleire?

Kultur som ytring
Eg er glad for at Kulturutredninga som vart lagt fram denne veka oppmodar til å sjå kultur ikkje berre som ein reiskap for å gjera elevar flinkare på skulen eller for å gje byar og tettstader eit sterkare næringsliv. I utredninga anerkjenner ein kultur som ytring. Ein hevdar at eit rikt og variert kulturliv er ein føresetnad for eit levande demokrati og for at ytringsfridomen vert ivaretatt.

Feiringa av Music Freedom Day denne helga er ei påminning om at ein slik fridom ikkje er sjølvsagt. I ein av dei første artikkelseriane på Ballade skal det òg handla om musikk og ytringsfridom, og dei mange nivåa emnet kan sjåast på, frå det å kunna kritisera idear og maktforhold, til å kunna ytra seg om erfaringar med kunst, og til det å vera bortgøymd og usynleg i det offentlege rommet.

Dersom kulturlivet skal fungera som ein styrkar av ytingsfridomen, må kulturpolitikken leggja vekt på kvalitet, kritikk og mangfald, skriv ein i Kulturutredninga. Kvalitet, kritikk og mangfald er viktige stikkord i mine tankar om kva Ballade skal vera, omgrepet nyfikne er eit viktig tillegg.

Ballade blir taust om ingen diskuterer røynslene sine. Eg vonar derfor at enkeltutøvarar, utøvande institusjonar, representantar frå det frie feltet, interesseorganisasjonar, politikarar og alle musikkinteresserte vil bruka Ballade aktivt, og vera med på å gjera avisa til det den kan vera, med respekt for den enorme verdien som finst i det ein har rett til å ytra seg fritt.

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Følg Ballade på Twitter

Publisert:

Del: