Meranosnittet & Muskelstrutt: Ballades utsendte medarbeider under Festspillene i Bergen, Nicholas H. Møllerhaug, har i år særlig latt seg fascinere av innslagene av sirkus. Her kan du lese om torsdagens halsbrekkende forestilling i regi av La Tribu Iota.

La Tribu Iota

Av Nicholas H. Møllerhaug, Bergen

Sjå det for deg: Kristus i bleie. Ei kåt davidsstjerne som dansar piruettaktig ikring til selsomt ustemd sigøynermusikk. Uendeleg antal spretne og muskuløse jenter og gutar som fører oss inn i ei heilt anna verd. La Tribu Iota er eit sirkus av merkverdige visjonar, risikofylde sprang og masse erotikk og sveitte. Deira versjon av juleevangeliet avsluttar det heile – ein flying final!

Kan fort bli skitkjeisamt!
Saltomortaler, linedansing og trapeskunst kan fort bli skitkjeisamt. Og ein tenker på Sirkus Merano sine raude og blå kostymer, kvinner med bart, glitter og fjas. Og svensktopp! Då er Tribu Iota noko heilt anna. Ikkje minst kroppsleg eleganse – seksuelle signal sendt ut under det høge taket. Pirrande jenterørsler kombinert med forførane mannesprang og muskelstrutt. Musikken spelte også ein ypparleg rolle her. Dette er nok ei forestilling rulla inn i rekka av gode Festspillsirkus. Dette får oss til å overleva resten av året med berre Sirkus Agora, Merano og Arnardo.

Alex Rosen ravande dritings?
For alle borna i salen i går var måpinga stor. Alt frå starten – med det hysteriske fylliknummeret – ein mann som likna Alex Rosèn ravar dritings i manesjen. Ein fallkreativitet ein ikkje har sett sidan Keaton. Eller dei to mennene med babyhode- som akkompagnerar ei følsom akrobatdame høgt oppi slengtauet. Mennene med babyhode gjer det heile urkomisk poetisk. Dette er ein typisk karakteristikk av dei nye sirkusensembla – slik som dette franske. Alt som føregår – føregår på to plan. Ikkje i avslutninga – med kombinasjonen springbrett og supermorosam Monthy Pytonaktig versjon av Kristus. Eit svært bustete langt hår og skjegg og bleie. Ensemblet får på denne måten jomfrufødselen til å bli ein flyvande farse. Super farse og briljant vågalt akrobatikk! I lufta kjem nemleg alt i rommet fykande: Dei heilage tre kongane, kristus og resten av dei i forteljinga. Tenk om ein hadde slikt spel på juleavslutningane på ungdomsskulane rundtom. Det er noko anna enn prost Bla Bla sin selsomme juleynskje.

Vaudevilleinspirert
Skryt bør dei musikalske ansvarlege også få. Repertoiret av eigne og eigenspelte låtar gjorde stemninga mettande. Vaklevårent – ok! Ei fyldig kvinne i nesten barmfri korsettdrakt song vaudevillesong. Tre russiske dvergkoner var kordamer. Ikkje skikkelege dvergar – men, du kor ekte det såg ut. Tankane gjekk etterkvart til David Lynch si verd av velur og myrke fargar. Uendeleg poetisk – og med god formidlingsevne langt over Meranosnittet.

Publisert:

Del: