Forfattaren opnar den 47. utgåva av Vossa Jazz.

Edvard Hoem, © Paal Audestad

«Vår tids Bjørnstjerne Bjørnson» har han vorte kalla, den samfunnsengasjerte diktaren og forfattaren med eit stort og mangslunge forfattarskap bak seg.

– Han har gått i djupna på både eksistensielle og politiske emne i ulike skjønnlitterære sjangrar og kunstnarlege uttrykk, skriv Vossa Jazz i ei pressemelding.
– Hoem er ein framifrå Shakespeare-gjendiktar, og han har mykje god sakprosa på samvitet, både som essayist, debattant og biograf. I tillegg er han ein markant og stilsikker nynorskrøyst – betre vert det ikkje!, melder festivalen begeistra.

I går fekk Edvard Hoem også Brageprisens heiderspris, som NRK melder om her.

Vossa Jazz 2020 vert opna fredag 3. april kl. 19.00 i Vossasalen på Park.

Publisert:

Del: