Hilde Bjørkum vil motta prisen på fylkestingsmøtet i Sogn og Fjordane 8. desemeber

Hilde Bjørkum, © Førdefestivalen

Mangeårig direktør for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Hilde Bjørkum får Fylkeskulturprisen 2015 i Sogn og Fjordane.

– Eg vil takke familien min, som har fått merke at eg har vore veldig dedikert til å bygge opp festivalen, og som har stått i det når mor har vore litt fjern. Eg har også lyst å dele prisen med heile staben og alle frivillige. Dette er eit teamarbeid som det ligg vanvettig mykje arbeid bak, seier Bjørkum, til Firda

Juryens begrunnelse:
Hilde Bjørkum har sidan starten i 1990 bygd opp Førdefestivalen til ein av dei sterkast kulturmerkevarene fylket har i dag. Bjørkum har klart å kombinere kunstnarleg utvikling og suksess med fast økonomisk og administrativ styring. Ho har reist verda rundt for å lære, gjere festivalen kjend og kvalitetssikre artistane som kjem til Førde. Hilde Bjørkum har meistra alle sider ved det å drive ein festival, frå planlegging og etablering til drift og utvikling. Det er ikkje mange leiarar av norske kulturinstitusjonar som kan vise til slike resultat.

Bjørkum har heile tida satsa på kvalitet. Målet har vore å utvikle ein sjangerfestival med tydeleg profil. Å skape ein festival for dei musikalsk nysgjerrige. Ho har heile tid hatt mot til å fornye og presentere musikk og dans på nye måtar og arenaer, frå det intime til det storslåtte og spektakulære. Både Førde og nabokommunane blir nytta som arenaer for konsertar. Gjennom tallause prosjekt har ho løfta fram den lokale tradisjonsmusikken og gitt mange unge folkemusikarar frå fylket rom til å utvikle seg til profesjonelle utøvarar.

Som direktør har ho markert seg nasjonalt og internasjonalt, og mellom anna vore president i organisasjonen «European Forum of Worldwide Music Festivals» og medlem av ekspertkomiteen for EU sitt «Culture 2000-programme». Ho har også vore medlem i fagutvalet for musikk i Norsk kulturråd. Ho vart nemnd opp som medlem til styret for Norges Musikkhøgskule i 2014. I 2006 fekk Hilde Bjørkum heidersprisen til Rådet for folkemusikk og folkedans. Prisen går til personar som har utmerka seg med stor innsats av nasjonal verdi for folkemusikken og folkedansen.

Publisert:

Del: