Frå venstre Suzanne Nyhuus (Gramo), Ole Nilssen og Anne Tone Raknes (Gramo) Foto: Thomas Westling / FolkOrg

Her er vinnerane av Folkelarm-pris

Prisane blei delt ut på Riksscenen i Oslo, under Folkelarm, laurdag.

Kalender

Bratsjdagene i Asker: Musikk og Poesi

01/05/2024 Kl. 18.00

Viken

Bratsjdagene i Asker: MEDITATIV KONSERT

03/05/2024 Kl. 18.00

Viken

Bratsjduell på Filtvet Fyr

06/05/2024 Kl. 19.00

Viken

INTRO-folk er eit lanseringsprogram for unge, lovande folkemusikarar i regi av FolkOrg, der det overordna målet er å styrkje norsk og samisk folkemusikk. Etter dei innleiande rundane på Folkemusikkveka, Førdefestivalen og Telemarkfestivalen vart tre finalistar valt; Rasmus Kjorstad (1996), Ingvild Blæsterdalen (1989) og Ole Nilssen (1993).

Under finalen laurdag vart det klart at Ole Nilssen er Årets unge folkemusikar 2018. Nilssen mottar eit Gramo-stipend på 100 000 kr, speleoppdrag på Riksscenen våren 2019 og showcase på Folkelarm i 2019, i tillegg til at han søndag spelar for utseld hus på Operaen under Meisterkonserten

Juryens begrunnelse:
Vinneren overbeviser både som musiker og formilder. Han behersker sine instrument til fulle, og vet å utnytte dem. Han skaper stemning i salen. Han fremhever en tradisjon som ikke har vært så mye kjent, og presenterer tradisjonelle låter på en brilliant måte med gode arrangement som passer låtene.

Han fremstår på alle måter som en skikker, troverdig og overbevisende soloutøver som juryen spår en lysende fremtid. Årets unge folkemusiker 2018 er Ole Nilssen

Folkelarmprisen løfter også fram dei beste platene frå året som har gått, og vart delt ut under Folkelarm. Dette er årets vinnarar:

Dei andre Folkelarmprisane gjekk til:
I kategorien tradisjonelt samspel: Sudan Dudan – Heimen der ute.
I kategorien solospel: Thomas Nilssen og Ole Nilssen – Løten 2018.
I kategorien open klasse: Mattis Kleppen – Bassgitar.
I kategorien dokumentasjon: Alfred Maurstad – Alfred Maurstad-innspelingar frå 1927 til 1962.
Årets lokallag: Hardanger spelemannslag
Årets folkemusikkarrangør: Trad. Sessions i Fredrikstad

Om Folkelarmprisen
Folkelarm er eit bransjetreff for tradisjonsmusikk, arrangert for fyrste gong i 2005. Folkelarmprisen har heilt sidan byrjinga vore ein del av Folkelarm. I tillegg til å løfte fram dei besta platene innan dokumentasjon, solospel, tradisjonelt samspel og open klasse blir Årets Folkemusikar kåra. Denne prisen blir utdelt i morgon søndag 11. november under Meisterkonserten 2018 i Operaen.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.