Sigurd Aae Klausen 2005

Den vesle prinsen blir folkedans-framsyning for born

Sigurd Aae Klausen vann Førde Internasjonale Folkemusikkfestival sin idékonkurranse – så til sommaren kjem hans folkemusikk-versjon av «Den vesle prinsen» til å bli syna før den vert ein del av den kulturelle skulesekken for hausten 2006. Romanen av Antoine Saint Exupéry tek opp mobbing, framandfrykt, diktatur, einsemd og kjærleik.

Kalender

Orgelkonsert på Påskeaften: Kåre Nordstoga

30/03/2024 Kl. Kl,12.oo

Viken

Members Choice

06/04/2024 Kl. 20:00

Agder

På festivalen i Førde til sommaren vil born og vaksne få oppleve ein folkemusikk-versjon av den gripande historia om «Den vesle prinse»n. Dette er klart etter at juryen har kåra Sigurd Aae Klausen til vinnar i idékonkurransen til barneframsyning på festivalen. Det utvalde stykket får premiere på festivalen, for så å verte ein del av programmet for den kulturelle skulesekken hausten 2006.

Sigurd Aae Klausen (34) er regissør og koreograf med tidlegare erfaring frå produksjonar som byggjer på folkemusikk og folkedans. Mellom anna har han vore engasjert ved Sogn og Fjordane teater i samband med dei to folkedansteater-stykka som vart framførte på festivalen i 2004. Han var regiassistent på «Meistermøy» og hadde sjølv regien på «Jenta som ingen kunne målbinde». I desse dagar er Sigurd Aae Klausen i innspurten som koreograf for «Jul i Blåfjell»-framsyninga som har premiere i Grieghallen torsdag 8. desember.

— Med 18 forslag å velje mellom, var det inga enkel oppgåve å plukke ut ein vinnar, fortel Hilde Bjørkum ved Førdefestivalen. Det var mange gode idéar, og alle heldt seg innanfor dei viktigaste kriteria for konkurransen, som var å ha med element frå folkemusikk og folkedans. «Den vesle prinsen» er skriven av den franske forfattaren Antoine Saint Exupéry og er verdas mest kjence science fiction roman for born. Romanen tek opp mobbing, framandfrykt, diktatur, einsemd og kjærleik; tema som vedkjem oss heile tida – både vaksne og born.

Produksjonen av barnestykket blir eit samarbeid mellom Førde internasjonale folkemusikkfestival, Sogn og Fjordane Teater og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Og på vegne av desse tre, ønskjer Hilde Bjørkum på festivalen å presisere, med eit smil: – Valet av «Den vesle prinsen», var gjort FØR laurdag 3. desember, og såleis ikkje har noko å gjere med det faktum at vi nettopp har fått ein ekte liten prins i landet vårt!!

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er den største festivalen i Skandinavia for folk/world/trad musikk. Kvart år presenterer festivalen rundt 250 artistar frå heile verda.gjennom 80 store og små programpunkt på fire dagar. Neste festival blir arrangert 6.-9. juli 2006.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.