Stillheit har alltid vore det viktigaste for meg ved musikk, både som lyttar og utøvar. Difor har eg brukt to år på å lytte til eit komponistnettverk frå Tyskland: Kva er det som gjer stillheita sterkast?

Utsnitt fra Jürg Frey sin String Quartet no. 3

Ordet stillheit er på den eine sida eit ord for noko som ikkje eksisterer – eit fråvær av lyd. På den andre sida er stillheit noko vi alle har ei oppleving av. I ei verd med støy, både i form av lyd, visuelt bråk og informasjons-overload er det kanskje ikkje så rart at mange søkjer stillheit i dag meir enn nokon gong.

Nokre meiner stillheita er utryddingstrua. Andre kallar det ei luksusvare. Vi oppsøkjer stille meditasjon og “retreats”. Vi kjøper bøker om stillheit – dei siste åra har til dømes Susan Cains Quiet eller Erling Kagges Stillhet i støyens tid stått høgt på bestseljarlistene. Vi kjøper billettar på stillevogna eller øyretelefonar som reklamerer med å stenge lyden ute. Vi jaktar på stillheita i naturen – fuglekvitter, vind i lauv, elvesus.

Andre opplever ho sterkast i musikken – for paradoksalt nok kan stillheita innehalde lyd. Eg har ofte hatt musikkopplevingar som best kan skildrast med ordet stillheit. Det kan ha vore ein Bach-koral, ein folkesongar frå Mali, ein frijazzkonsert, ei norsk vise – gjennom heilt ulike uttrykk er det dette stille dei har felles. Men kva ligg i denne lydlege stillheita?

Dette spørsmålet førte meg til komponistnettverket Wandelweiser, som er samla rundt ideen om stillheit i musikk. Wandelweiser ble grunnlagt av Burkhard Schlothauer og Antoine Beuger i 1992, og sidan den gong har fleire vorte knytta til nettverket på kvar sin kant av verda med komponistar som Michael Pisaro i USA og Eva-Maria Houben frå Tyskland som kanskje dei mest synlege. Dei norske musikarane Henrik Munkeby Nørstebø og Johan Lindvall har gitt ut plater på plateselskapet Edition Wandelweiser. Sistnemnde har gått i lære med Beuger, og Lindvalls komposisjon Giraffe vart utgjeve i Mai i år, framført av gitarist Fredrik Rasten.

Torkjell Hovland Foto: Privat

1992 var dødsåret til John Cage. Cage er kjent for å ha uttalt “there is no such thing as silence”, noko han mellom anna ville vise i verket “4’33”. Der set han ei tidsramme for musikken, men ingen lyd blir produsert av utøvaren på scena – lyttaren blir tvinga til å lytte til lydane i rommet og høyrer at det aldeles ikkje er stille. Wandelweiser tek på mange måtar tak i dette spørsmålet Cage stiller i dette verket, og utforskar musikken i grenselandet mellom lyd og stillheit.

Som pust – inn og ut – blir klangar lagt fram. Lyd på utpust, stillheit på innpust. Forsiktige strøk på fiolinar, bratsj og cello. To klangar fram og tilbake. Etter eit par slike pust to nye klangar.

I Jürg Frey sin String Quartet no. 3 (2010-2014) blir strengen så vidt rørt med bogen, og lyden så svak at stillheit blir einaste moglege neste steg. I Michael Pisaros Harmony Series (2004-2006) glir sinus-tonar inn og ut og ein blir usikker på når lyden sluttar og stillheita startar. I Eva-Maria Houben sitt Breath for organ (2018) høyrer vi pust frå orgelpiper. Som ein songar som kviskrar med hes stemme, uttrykkjer det eit fråvær av lyd – det er noko som manglar. Frey sitt stykke sam lazaro bros (1984) er utan ein tydeleg start og slutt. Ingen framgang, haldepunkt, taktstrekar eller dynamiske variasjonar – det står stille.

Vi får ei oppleving av tidlausheit – ein nær slektning av stillheit.

Stillheita tek altså særs ulike former i Wandelweiser-nettverket sin musikk. Gjennom lågmælte lyduttrykk, lite informasjon, fråvær av lyd, stillstand.

Øyrene våre stiller seg inn på dei svakaste lydane og gir stillheita ein kropp. “(…) there is instead a sensitivity for the presence of sound and for the physicality of silence.”, seier Jürg Frey. Musikken løftar slik fram kvalitetar ved stillheita og omvendt. Dette skjer ikkje skilt frå kvarandre, men i grenselandet mellom det høyrlege og uhøyrlege.

Les også: Låtskriving som middel til sjølvrealisering

Opplevinga av stillheita ligg ikkje berre i musikken, men også i måten vi reagerer i møtet med ho – rolla ho spelar i rommet. Stillheita kan viske ut skiljet mellom lyttar, utøvar og komponist. I det stille rommet tek alle partar like mykje plass. Vi som lyttar fyller stillheita med kjensler eller meining og blir skapande lyttarar. Lyttaren eig soleis stillheita like mykje som utøvarane.

Samtidig kan ein som lyttar oppleve at den stille musikken nærmast tvingar stillheita på oss. Den blir ein spegel der vi blir nøydde til å lytte til oss sjølve. Kanskje er det derfor vi kan oppleve stillheita som påtrengjande – full av vår indre støy. Antoine Beuger er oppteken av at stillheita ikkje nødvendigvis er vakker, behageleg eller trøystande. “[silence] has nothing to do with calmness or quietness(…)Silence in my music always is encounter with reality, enforced by the event of a situation being disrupted without any reason.” – eit møte med røynda.

Stillheita i musikken viser seg kanskje først og fremst gjennom ein måte å lytte på. Den stille musikken tvingar oss til å lytte på denne måten, men lærer oss kanskje slik å lytte til all musikk med nye øyrer.

Torkjell Hovland er kontrabassist, musikkskribent og har skrevet masteroppgaven Wandelweiser – stillheit og musikk

Publisert:

Del: