DEBATTINNLEGG: – Debatten om livet og døden til klassisk musikk er ingen ny debatt. I fjor på denne tida raste debatten etter eit innlegg i Aftenposten av Knut Olav Åmås. Utgangspunktet då var eit anna enn det som provoserte til debatt no i haust, men begge to omhandlar eksistensielle spørsmål om kor vidt klassisk musikk har appell blant (nok) folk og om det er ei døyande kunstform eller ikkje. Dette skriver komponist Brede Rørstad.

Brede Rørstad_2 (Foto: Amy Morisse)

Av Brede Rørstad, komponist, Music Population Project

Lufta har no gått ut av debatten, og då kanskje takka vere innlegget frå Marit Gaasland i Oslo-Filharmonien som illustrerte at røynda kanskje ikkje er fult så dyster for den klassiske musikken som den Per Erik Kise Larsen og Mattias Lundqvist skildra for nokre veker sidan.

Men har noko skjedd sidan i fjor haust og kjem vi til å sjå endringar før debatten kjem att neste år?

Eg undrast på om desse debattane har noko å seie for dei som går, eller ikkje går, på konsertar; om dei har den noko å seie for musikarar, komponistar, orkester og administrasjonar. Er formålet til Gaasland å teie dei som kritiserer ramma rundt symfonisk musikk, eller kan det vere at ho og Filharmonien også er best tent med ein dialog om stoda i miljøet? Dersom det vi debatterer er viktig, bør vi ikkje då over tid kunne vente at vi får sjå konsekvensar av debattane?

Eg vågar å trur at alle som har teke del i denne debatten eigentleg ønskjer å sjå at klassisk musikk blir ein større del av livet til fleire.

Når Bigbang går på scena i Oslo i desember veit publikum kva dei går til. Publikum har ein kunnskap om bandet og musikken deira som gir eit grunnlag for å kunne avgjere om konserten kjem til å bli verdt pengane eller ikkje. Sjølv om prisen er 275 kroner vil eit stort publikum seie at, ja, på tross av høg pris kjem denne konserten til å bli verdt pengane. Publikum er villige til å betale når dei veit kva dei får tilbake. Bigbang er i ferd med å selje ut tre konsertar på Sentrum Scene, ein konsertsal med ein publikumskapasitet på 1800.

Innan klassisk musikk er det få som kan skilte med den same luksusen, men prosessen er likevel den same for publikummet. Nokre kan betale for seg uansett kva billettprisane er, medan andre må vurdere om det er verdt pengane eller ikkje. Dersom ein ikkje har vore på ein orkesterkonsert før, og ikkje kjenner til musikarane, dirigent, musikk eller konsertlokale, kan til og med hundre kroner bli dyrt for ein konsert.

Eg skulle gjerne sett at det kosta mindre å få høyre det best innan klassisk musikk, men realistisk sett trur eg ikkje det er her endringa kjem til å skje. Akkurat som med Bigbang er det dyrt å oppleve musikk på høgt internasjonalt nivå, uansett sjanger. Eg trur på endringar, men eg trur at dei må finne stad utanfor dei store konsertsalane og styreromma. Der kan alle ta del, uhindra av byråkrati, stramme rammer og millionar av kroner. Der kan vi spørre oss sjølve heilt grunnleggjande spørsmål og vi kan tenkje nytt om korleis ramma rundt den klassiske musikken bør vidareutviklast.

Men før dette kan skje må vi tillate oss sjølve å tenkje grunnleggjande økonomi. Termane amatør og profesjonell må brukast i økonomiske forstand og ikkje som termar som seier noko om kor flink ein artist er. Som ei følge av profesjonalitet kjem høgare pris, men ofte er det eit urealistisk forhold mellom pris og det som kan seiast at verdien av ein konsert er. Mange konsertar er alt for dyre og uansett om ein er profesjonell eller amatør, blir pris lett ein ekskluderande faktor for publikum.

Dersom meininga er å rekruttere eit nytt publikum, må mindre konsertar prisast i forhold til etterspørselen.

Vi treng også fleire musikarar som i etableringsfasen set meir nøkterne prisar. Ideelt sett blir det også fleire som set ein større lit til lidenskapen for musikken enn til honorar når dei spelar konsertar. Kortsiktig kan dette innebere mindre pengar i lomma for kvar konsert spelt. Langsiktige ringverknader kan bli større publikum, større etterspørsel for klassisk musikk og ein marknad som faktisk treng fleire profesjonelle musikarar. Eg lurer på kor mykje Bigbang tente på sine første konsertar i 1992 og når dei tok til å kalle seg sjølve for profesjonelle musikarar. Eg høyrde først om dei då “Girl in Oslo” kom ut i 2000, åtte år etter bandet vart starta.

Dynamikken er ein heilt annan i den klassiske musikken og kontrasten blir stor til orkesterprøver i t.d. USA som blir avslutta på sekundet av musikarane om dei ikkje får betalt for overtid. Når det blir så viktig å verne om makta som arbeidstakar, vitnar dette om at musikken som jobb er viktigare enn musikken som lidenskap. Eg trur dessverre at vegen dit er kort når det er viktigare for ein musikar å spele musikk enn å spele den musikken ein trur på.

Kunst er ikkje sidestilt marknadskreftene og vi må derfor skape behov for klassisk musikk. For å skape eit større behov, må vi også auke tilbodet. Det må arrangerast fleire konsertar og terskelen for desse konsertane må bli lågare, både med tanke på pris, lokale og musikk. Klassisk musikk bør kunne opplevast nær kor som helst. Kvifor spelar ikkje kammergrupper på scenene der andre musikarar speler jazz, rock, pop og elektronika?

Eg trur kanskje noko av svaret ligg i at vi som musikarar ventar at publikum skal endre seg for å tilpasse seg oss og ikkje omvendt. På platemarknaden er det liten tvil om at det er plateselskapa og ikkje forbrukarane som må endre åtferden sin for at ein skal kunne hanskast med dei utfordringane som har dukka opp dei siste åra. Eg trur det same gjer seg gjeldande for oss.

Å tenkje klassisk musikk utanfor dei tradisjonelle konsertsalane er heldigvis ingen ny trend. I Oslo har bl.a. opera på Underwater Pub og Klæssik Kløbb vore med på å byggje opp nye rammer for klassisk musikk og det blir fleire med dei etter kvart. Eg trur det er her det største potensialet ligg for å gjere noko nytt for klassisk musikk.

Eg trur ikkje på ein revolusjon; på enkle steg og kjappe løysingar, men eg trur at vi over tid kan byggje ei bru som kan leie eit nytt publikum til konsertar med t.d. Filharmonien, Det Norske Kammerorkester og Ultimafestivalen. Oppgåva vår, som musikarar, komponistar, ensemble og administrasjonar, er dermed å utdanne publikum og la dei få sjansen til å bli ein del av musikkmiljøet, slik at ein som vil på konsert med eit orkester kan ha betre føresetnader for å avgjere om det vil bli verdt pengane eller ikkje.

“There exists a primal apathy toward classical music in America. (…) The crisis has been building quietly for nearly a decade, as Mozart and Bach have lost ground steadily to the Beatles and the Rolling Stones.” — Newsweek, 1970

“Fewer classical records are being sold because people are dying. Today’s dying classical market is what it is because fifteen years ago no one attempted to instill a love of classical music in the then impressionable children who have today become the market.” — Stereo Review, 1970

“Concerts are poorly attended and budget deficits grow from year to year. The general level of musical performance is visibly declining. Only the flattest, least challenging music enjoys success.” — Hans Heinz Stuckenschmidt, 1926

Sitata er henta frå Alex Ross sin blog, therestisnoise.com.

Brede Rørstad har denne hjemmesiden.

Publisert:

Del: