Fartein Valen uttalte fylgjande i eit intervju frå 1950: “Hvis man dermed mener at den (atonale musikken) er mindre følt er det fullstendig feil. Når vi blir grepet av den atonale musikken erfarer vi det Michelangelo kaller “l’altra belta”: den annen skjønnhet (…); den atonale er like følsom som en hvilken som helst annen musikk, kanskje til og med enda mer, men på en annen måte”. I går byrja Fartein Valen-festivalen 2006, og gjennom fem dagar kan ein oppleva til saman 19 arrangement og konsertar. Mellom høgdepunkta er framføringa av “Sonetto di Michelangelo”, som representerte gjennombruddet for Valen som komponist.

Fartein Valen/www.farteinvalen.no

Av Ida Habbestad

Fartein Valen-festivalen byrja i går, og opningskonserten med Iver Kleive, Povl Dissing og Knut Reiersrud resulterte i terningkast seks frå Haugesunds Avis sin meldar Truls Horvei.

Vidare dette året vil det vera eit spesielt fokus på dei mange jubilerande:

— Det er mange jubilantar representert under festivalen i år, seier Ole Jørgen Furdal i Valendagane til Ballade:

— Arne Nordheim fyller 75 år dette året, dei to prisvinnarane (Hanna-Marie Weydahl og Einar Henning Smebye), Mozart jubilerer sjølvsagt, og Nordic Voices, som er 10 år i år.

Festivalen sjølv feirer sitt 25 års jubileum i 2006. Av høgdepunkt trekk Furdal fram eitt av festivalens seminar:

EIn treng drøfting kring framføring av Fartein Valen

— Det kanskje mest spanande i år er pianoseminaret, der pianostudentar frå institusjonar, hovudsakleg her i landet, samlast for å spela Fartein Valens musikk. Dette har ikkje vore gjort før i same grad. Ein treng ei drøfting kring framføring av musikken hans, seier Furdal.

Professor Einar Røttingen frå Griegakademiet har teke initiativ til, og er fagleg ansvarleg for gjennomføringa av seminaret, saman med førsteamanuensis Torleif Torgersen. Seminaret er ope for publikum, og strekkjer seg frå torsdag til laurdag før det vert avslutta med konsert i Haugesund Bildegalleri laurdag kl. 17.00

Reinskrivne Valen-partitur

Eit anna viktig arrangement er framføringa av “Symfoni nr 2” av Valen – i korrekt utgåve:

— Stavanger Symfoniorkester har vore her jamnleg, men det er første gang dei framfører ein symfoni av Fartein Valen – i alle fall i mi tid i festivalen, seier Furdal. – Det er eit viktig arbeid som er gjort her: ein oppdaga at dei opptrykte partitura til symfoniane til Valen inneheldt mange feil. Orkesteret fekk midlar av Norsk kulturråd for å reinskriva dei, og Christian Eggen gjekk til Najsonalbiblioteket og har fått retta opp dette. Orkesteret held no på med plateinnspelingar av symfoniane, fortel Furdal.

Konserten fredag opnar med “Clamavi” av Arne Nordheim, og avsluttast med Mozarts “Requiem”. I tillegg vert nok eit verk av Valen framført, “Sonetto di Michelangelo”.

— “Sonetto di Michelangelo” er det verket som representerer gjennombruddet for Valen, fortel Furdal. – Det belyser òg begrepet om “den annen skjønnhet” som Valen ofte henviser til.- den uttrykkskraften i den atonale musikken, som er like følsom som annan musikk.

Den slåande koplinga med renessansemusikken

“Sonetto di Michelangelo” gjev òg eit hint om Valens interesse for gamal musikk, og dette er ein av årsakane til at Nordic Voices stadig vert invitert attende til festivalen:

— Eg likar veldig godt måten ensemblet syng Fartein Valen på – og koplinga dei har til den gamle renessansemusikken. Den slår meg alltid, og den gjev mykje innblikk i Valens musikk, seier Furdal.

Nordic Voices står i år for avslutningskonserten under festivalen, ilag med Oslo Kammersolister og Einar Henning Smebye.

Urframføringar

For øvrig vert det ei urframføring laurdag, av verket “Lurebruretrommeslåtten” for lur og skarptromme, av Ketil Hvoslef. Verket er tinga og framført av Gaute Vikdal og Odd Børge Sagland. Under same konsert vil ein òg for første gong få høyra Einar Økland lesa monologar med sine inntrykk av komponisten:
— Desse monologane er kkje framførte før, fortel Furdal. – Økland skreiv dei til ei anledning då dei ikkje vart brukte, men no skal me altså få høyra dei. Einar Økland bur i bygda, og har sjølv truffe Valen, til tross for at han var liten då.

Festaftanen laurdag foregår kl. 18.30 på festiviteten.

For det fullstendige programmet, sjå Fartein Valen-festivalen sine heimesider.

Publisert:

Del: