– Den kreative samansetjinga av store musikarar er kunstnarisk leiar Truls Mørks store styrke, skriv Solveig Grødem Sandelson i si oppsummering av årets utgåve av Den Internasjonale Kammermusikkfestivalen i Stavanger. Ho meiner at festivalen i år nok mangla ei overbygning som kunne opna større rom for innsikt og refleksjon, men at det framleis er nok av grensesprengjande framføringar, dramatikk, gneistrande samspel – og magiske augneblink.

ICMF-musiker (stor)

Av Solveig Grødem Sandelson

Enno dryp minna om store augneblink frå takhimlingane i Stavangers gamle katedral. Om spennet mellom Håvard Gimse og fiolinisten Julian Rachlin i Mozarts klaverkvartett i g-moll, om den årvakne dialogen mellom Truls Mørk og same Rachlin i Schuberts klavertrio, om Ole Edvard Antonsen og den finske pianisten Juhani Lagerspetz’ gneistrande Sjostakovitsjkonsert. Men blankast av alle skin minnedropane om Dvoraks andre klaverkvintett, ei framføring som fekk Arnfinn Bø-Rygg til å skriva om Sensasjonen i Domkyrkja, og på eige initiativ kasta terningen. Så det sa seks i Stavanger Aftenblad.

Den kreative samansetjinga av store musikarar er kunstnarisk leiar Truls Mørks store styrke. År etter år har det skapt dirrande møte mellom utøvarane, år etter år gir det publikum intense opplevingar av den klassiske musikkens største kammerverk. Hovudtyngda ligg på Brahms, Schubert, Schumann og Mozart. Nyare er Dvorak, Racmaninov og Ravel.
Det er eit tveegga sverd. Ikkje bare er dei siste femti åras musikk høglydt fråverande, men verka framstår også som gjengangarar frå år til år. Alt kviler på utøvarane, på at dei korte møta mellom dei klaffar.

I år hang høgdepunkta perletett, men utan nokon samanbindande tråd eller overbygning som kunne opna større rom for innsikt og refleksjon. Utan ein tydeleg programprofil. Opningskonserten baud på ein ufullend stryketrio av Schubert, ein klaverkvartett av Mozart, songar av Korngold og konsert for klaver, trompet og orkester av Sjostakovitsj. Det virka tilfeldig. I avslutningskonserten frå stemningsfulle Utstein Kloster, har fire Valensongar fått plass, ein gest knytta til at det er femti år sidan Fartein Valen gjekk bort. Men når dei blir etterfølgde av Brittens store opus 10 for strykeorkester, og Brahms’ strykarsekstett opus 18, endar Valen likevel som ein parantes.

Sjølvsagt er det forståelege grunnar til prioriteringa. Utøvarane har i stor grad sjølv fått bestemma kva dei vil spela, stramme budsjett og tre dagar kortare festival gir ikkje mye tid til å øva inn nye verk. Sannsynlegvis gir det heller ikkje Truls Mørk spelerom stort nok til å handtera både programprofil med ein eventuell festivalkomponist, så vel som å oppretthalda det høge nivået og den spennande samansetninga på utøvarsida.

Sistnemnde skapar enno grensesprengjande framføringar, men i kva retning? Vil neste års festival måtta oppvisa endå fleire høgdepunkt, endå meir dramatikk, endå meir gneistrande samspel? Det nærmar seg i tilfelle ein ustoppeleg karusell der vi, konsumentane, ropar fortare og fortare, høgare og høgare, meir av det same, meir av det vi likar best. Bare med sterkare virkemiddel. Sublimt, sublimare, sublimast.

At Den Internasjonale Kammermusikkfestivalen i Stavanger klarer innfri slike krav, er vi ikkje i tvil om. Men ønskjer dei det?

Publisert:

Del: