KONSERTANMELDELSE: Festspeldirektør Per Boye Hansen uttrykkjer skuffelse over det bergenske publikummet for manglande oppmøte ved konsertserien ”Danske impulser”. Det held me gjerne med han i, for konsertane med dansk tilsnitt har vore mellom dei meir interessante konsertproduksjonane under festspela dette året. Det er ingen overraskande konklusjon at radikale, nyskapande produksjonar ikkje appellerer til bergenspublikummet så mykje som det kjende, kjære, eller artistar med kjendisstatus, som Bryn Terfel eller Hilliard Ensemble, skriver Ballades Ida Habbestad her.

Athelas Sinfonietta Copenhagen (Foto: elevator-design.dk)

Av Ida Habbestad

For eit år sidan, i Per Boye Hansen sitt første år som festspeldirektør, vart ”Nordiske Impulser” innført som tema for Festspillene i Bergen. Med mål om å vekkja internasjonal merksemd har festspela valt å redusera antalet ferdigkjøpte utanlandske produksjonar, og i stor grad satsa på unike norske og nordisk baserte produksjonar.

Enkelte satsingar teiknar til å bli eit fast innslag i denne profilen. Mellom anna konsertserien der eit nordisk orkester frå same land som årets festivalkomponist spelar musikk av denne, samt musikk frå kjernerepertoaret i deira nasjonale tradisjon.

I fjor var den finske musikken i fokus, og i tillegg til verk av Magnus Lindberg, vart Sibelius sin totale symfoniproduksjon presentert. I år gjesta Det danske Radiosymfoniorkestret og dirigent Thomas Dausgaard Grieghallen, og forutan verk av festspelkomponist Bent Sørensen, sto fire større verk av Carl Nielsen på programmet.

— Bergensere kjenner ikke sin besøkelsestid!

Det kan sjåast som eit paradoks at denne konsertserien – som jo er resultat i satsinga på større internasjonal merksemd – ikkje er nokon publikumsvinnar; i alle fall ikkje hjå det bergenske publikummet. I fjor var Sibelius på billegsal på Torgalmenningen og som tiltak for å få fleire publikummarar selde ein to konsertar for prisen av ein. I år uttrykte festspelsjefen skuffelse over bergenspublikummet i sin logg på BT:

“Bortsett fra lørdagens konsert der det var mye ny musikk på programmet, har Grieghallen vært så godt som utsolgt. Det samme med mange andre konserter. Men i kveld, når det fantastiske danske symfoniorkestret sammen med en av vår tids virkelig store fiolinvirtuoser Leonidas Kavakos, entrer podiet, gjentar historien seg fra i fjor – da finnene kom med Sibelius og møtte halvfulle saler. Bergenserne kjenner ikke sin besøkelsestid som det heter. Kan det være fordi billetter koster fra kr 200-350? Kan det det?”, skreiv han.

Festivaldirektøren rettar tvil mot at at billettprisen kan vera årsaka, og som han sjølv påpeikar: Konsertane i Grieghallen har stort sett vore utselde. Det kan heller ikkje, slik eg ser det, skuldast kvaliteten på konsertane med dansk tilsnitt. Tvert i mot, var både orkesterkonserten i Grieghallen og dei mindre kammerkonsertane i forlenginga av denne mellom dei meir interessante produksjonane under festspela dette året.

Danske impulser II

Under konserten ”Danske impulser II” var festspelkomponist Bent Sørensen sin musikk sett i samanheng med Carl Nilsens klarinettkonsert og hans 4. Symfoni, ”Det Uutslukkelige”. Samansetjinga bar ikkje preg av noko stort slektskap mellom dei to komponistane, snarare om nokså ulike inngangsportar til den kompositoriske verda. Det gjorde oppbyggjinga av konserten interessant, frå det stillfarande, klangfokuserte opningsverket, via ein virtuos og tyngre anlagt klarinettkonsert, til den meir bombastiske avslutninga.

Konserten opna med Sørensen sitt verk ”Den vesle havfrue”, der Danmark Radios pigekor, Inger Dam-Jensen (sopran) og Gert Henning-Jensen (tenor) deltok i H.C Andersen beretning, her i Peter Asmussen sin versjon.

Sørensen sin musikk lukkast fanga eventyret. Den teikna riss av havfrua, dei lyse jentestemmene – havfruen sine søstre – blanda seg med det lyse i orkestret. Sørensen fanga lyden av havet – bølgjer av klang, av glissandorørsler, lyden av vind, det luftige, flyktige.

Samstundes sakna eg kanskje variasjonen; noko som ikkje flaut i alt dette skimrande, eller ei utladning som fann feste i noko handgripeleg. Og eg sakna tekst. Korkje solistar eller kor lukkast bringa orda tydeleg fram – i alle fall ikkje for eit norsk publikum – og dermed vart historia fortalt utan at betydninga heilt nådde fram.

Martin Fröst gjorde ein god jobb som solist under Carl Nielsen sin klarinettkonsert. Det virtuose verket nådde meg likevel ikkje så mykje som Nielsens Symfoni nr 4. I dette verket med fem samanhengande satser fann dei tidlegare sakna kontrastane og utladningane stad, og Det danske Radiosymfoniorkestret synte seg som eit orkester av klasse, med suveren klang i alle stemmegrupper.

Kammerportrett

Etter fleire møte med Bent Sørensens musikk er inntrykket at musikken av kammermusikkformatet kanskje er den som kler han best; slik BIT20 presenterte verka i festspelforestillinga med Carte Blanche, og slik Athelas Sinfonietta Copenhagen teikna bilete av komponisten under konserten ”Sange i ringe af klokker”.

Musikken gjekk i eitt, verka gleid over i kvarandre, og som i festspelforestillinga kjendest kombinasjonane så naturlege at det heile kunne vore eitt større anlagt verk.

Det verkar enkelt å laga slike kombinasjonar av Sørensen sine verk, og truleg handlar det om at så mange av verkemidla går att; ikkje minst er det særeigne tonespråket gjennomgåande i musikken hans.

Det meditative var eit slikt gjennomgåande trekk denne konserten; den lyttande innstillinga, ei stille som tykkjest vera meir til stades i musikken enn i pausene mellom satsane, og den svevande rytmikken minna meir om austleg inspirert mystikk enn om vestleg framstegsretta tankegong.

Likevel fanst òg variasjonar som gav liv til konserten. Delvis gjennom vekslande besetningar, frå fullt ensemble til solistiske verk på piano, gitar og trombone. Dels var det òg ein gjennomtenkt dramaturgi i konserten, med dei to solistane Marius Hesby (trombone) og Frederik Munk Larsen (gitar) plasserte på kvar si side oppe på galleriet.

Framifrå blåsarar i Athelas

Ei siste oppleving tileigna dei få, men som fortener positiv omtale, var Athleas Sinfonietta Copenhagen – her representert ved blåsekvintett – sin konsert i Bergen Museum søndag. Atter var det dansk fokus; med Carl Nielsen og Bent Sørensen i spissen, men òg med verk av Fartein Valen og György Ligeti.

Her fanst mange perlar av verk, men nok ein gong framsto Carl Nielsen sin musikk med mest substans, ypperleg framført av dei framifrå blåsarane.

Publikumsappellen

Kanskje sette festspelsjefen sjølv ord på publikums-problematikken då han i dette intervjuet målbar som den største utfordringa å ta vare på festspela sin posisjon hjå publikummet i Bergen, samstundes med arbeidet for ei større internasjonal gjennomslagskraft.

Det er ingen overraskande konklusjon at radikale, nyskapande produksjonar ikkje appellerer til bergenspublikummet så mykje som det kjende, kjære, eller artistar med kjendisstatus som Bryn Terfel eller Hilliard Ensemble (sjølv om det kanskje er overraskande at symfoniar av Sibelius og Nielsen tykkjest falla inn under først nemnde kategori).

Spørsmålet er meir korleis festspela veljer å forhalda seg til problematikken vidare, og om dei etterkvart kan klara å skapa større nyfikne på også dei meir ukjende forestillingane.

Under fjorårets evaluering uttalte Per Boye Hansen, konfrontert med det dårlege oppmøtet til Sibelius-framføringane, at han ikkje hadde nokon plan om å leggja om profilen av den grunn. Det er å håpa at utsegnet står ved lag.

Konsertar:

Danske impulser II
Det danske radiosymfoniorkester,Thomas Dausgaard (dirigent), Inger Dam-Jensen (sopran), Gert Henning-Jensen (tenor), Martin Fröst (klarinett).
Bent Sørensen: Den lille Havfrue
Carl Nielsen: Konsert for klarinett og orkester,
Carl Nielsen: Symfoni nr 4

Sange i ringe af klokker, Komponistportrett
Athelas Sinfonietta Copenhagen, verk av Bent Sørensen

Utstillingsåpning og konsert
Athelas Sinfonietta Copenhagen (blåsekvintett)
— Fartein Valen: Serenade
— Bent Sørensen: Mädelein
— Györgi Ligeti: Seks Bagateller
— Carl Nielsen: Blåsekvintett

Publisert:

Del: