– Der er ikkje mange som krev at ein må omforme “I Dovregubbens Hall” av Grieg eller musikken til Beethoven og Bach til eit meir moderne lydbilde. Den klassiske norske slåttemusikken og bygdedansen derimot! Både kulturbyråkratar, politikarar, enkelte kritikarar og ein god del publikum vil helst ha våre gamle finslipa, eigenproduserte kunstuttrykk i ny tapping. I alle fall synest det slik når ein legg medieomtale og krav til crossover og sjangerblanding som grunnlag for statlege stimuleringstilskot. Mitt inntrykk er at det er langt mindre kunnskap om folkemusikk enn om klassisk musikk hjå både byråkratiet og politikarane, og at det får konsekvenser for budsjettet, skriv styreleiar i NFD, Halvard Kaasa, i siste nummer av medlemsbladet Kvinten.

Halvard Kaasa

Av Halvard Kaasa, styreleiar i Norsk Folkemusikk og Danselag

Der er ikkje mange som krev at ein må omforme I Dovregubbens Hall av Grieg eller musikken til Beethoven og Bach til eit meir moderne lydbilde. Den klassiske norske slåttemusikken og bygdedansen derimot! Både kulturbyråkratar, politikarar, enkelte kritikarar og ein god del publikum vil helst ha våre gamle finslipa, eigenproduserte kunstuttrykk i ny tapping. I alle fall synest det slik når ein legg medieomtalen til grunn, og når det gjeld krav til crossover og sjangerblanding som grunnlag for statlege stimuleringstilskot. Mitt inntrykk er at det er langt mindre kunnskap om folkemusikk enn om klassisk musikk hjå både byråkratiet og politikarane, og at det får konsekvenser for budsjettet. I ein meir og meir globalisert marknad er det viktig at byråkratar og politikarar snart tek seg på tak og lærer litt meir om vår norske klassiske tradisjonskunst.

Mange av våre dyktige folkemusikarar har ei tid gjort det svært bra med folkemusikk i blanding med andre sjangrar, med instrumentsamansetjingar av ulikt slag, med rytmejusteringar og eksperiment med tonaliteten. Dette er sjølvsagt flott, det gjev stor merksemd til folkemusikken vår, og det er positivt. Dei aller fleste av desse musikarane er klar over at det gamle tonestoffet, kjeldene, er viktig å ta vare på, og at det originale stoffet ikkje kan leva vidare i dei omskapte formene. Folkemusikken er ikkje bare melodien og takten, men òg rytmen, tonaliteten og måten stoffet blir framført på.

Mange framståande musikarar i utlandet og her heime har gjeve den norske slåttemusikken fantastiske karakterar; genial, grensesprengande, opphøgd og fullendt er bare nokre av godorda. Kva er da grunnen til at det offentlege synes å ha meir omsut for å “brygge nye blandingar” med folkemusikken vår enn å oppmode om å ta vare på dei gamle levande tradisjonane som er “kjeldevatnet” i denne samanhengen? Crossover-musikken har mista mange av elementa som kjenneteiknar slåttemusikken og evnar såleis ikkje å vera ein del av tradisjonen. Mistar me tradisjonen, mistar me òg grunnleggjande kvalitetar i norsk kultur. Min påstand er at me treng begge delar, men for kvar krone som blir sett inn for å skape om eller bruke folkemusikken som grunnlag for ny musikk, må det setjast inn to kroner for å halde tradisjonane levande.

Kvifor har det blitt slik? Er det framleis husmannskjensla som seier at det heimelaga ikkje er godt nok? Forstår ikkje politikarane kva tradisjon er, og kva for kulturverdiar dette representerer? Eller kan det vera dei store endringane i økonomien på 90-talet som har pressa fram nye normer? På 90-talet overtok marknadsmakta på felt etter felt, vi var midt oppe i globaliseringa med kommunikasjonshastighet på fleire tusen km i sekundet. I dette samfunnet ville det ikkje blitt skapt lokale slåttetradisjonar, heller ikkje nasjonale. Utan omtanke og vern må ein vente at små kulturuttrykk, som vårt, står i fare for å fordampe omtrent som verdiane på børsen. Vi får mykje bra ny musikk i denne prosessen, men vi kan fort miste fotfestet.

Folkemusikkmiljøet har opp gjennom hundreåra aleine utgjort det normgjevande grunnplanet som har sett namn på kvalitet og tradisjon. Nå er det CD-marknaden og salstala, sjåartal i fjernsyn, konsertomtaler osv. som i stor grad er normgjevar. Normalt har publikum lite kunnskap om norsk folkemusikk. Den er nok heller sentrert om dei populære og enklare musikkformeme der klangbildet er meir i tråd med annan musikk. Me kan vel òg spørja om det er marknadsstyringa og den medfølgjande individualismen som har ført til at bygdedansane har tapa terreng. Det er vanskeleg å slå gjennom som dansar og i alle fall tene pengar på det. Eit resultat er oppsplitting av kulturuttrykk som har hange tett saman i lange, lange tider. Slik til dømes bygdedansane er direkte knytt til slåttemusikken. Ei anna side er kan hende at dei yngste utøvarane ikkje føler seg som del av ein tradisjon, men har valt aktivitet i ein marknad med mange tilbod. Kven skal da ta seg av tradisjonen? Ein ting er sikkert, marknaden er ikkje interessert i tradisjon. Folkemakta minkar altså, og marknaden styrer. Samtidig opnar det seg nisjer for nettopp kulturelle særdrag der nasjonale kultursjangrar blir viktigare og viktigare markørar i nasjonalstatane. Slik også her i Norge.

NFD har i årevis hatt ei medveten haldning til denne utviklinga og har arbeidd med å halde tradisjonane i hevd med nye verkemidlar. Eit av dei viktigaste grepa me kan gjera nå, er å finne ei god samarbeidsplattform for organisasjonane. Me må optimalisere innsatsen ved at me tar utfordringa frå Arnestadrapporten og kulturrådet om oppgåvedeling på alvor. Arnestad peikar på “hybride trekk” i Rff. Det burde vera nok til at me rydda opp. Me kan ikkje vente å bli teke særleg alvorleg når miljøet sjølv via Rff er offentleg uttaleorgan på saker som folkemusikkmiljøet sjølve sender til staten. Folkemusikkmiljøet via Rff løyver også av statens midler til seg sjølv. Her ligg kimen til så mykje ugreie, makt, avmakt og dårleg samarbeid at ein må til andre samfunnssystem for å synast at dette er bra. Sidan folkemusikkmiljøet ikkje greier å be om ei endring, er det kanskje like greitt at staten ruskar opp. Folkemusikken og dansen bør bli behandla som andre kultursjangrar, og dei nemnte myndighetsområda bør overførast til kulturrådet. Med dette grepet kan staten legge til rette for eit godt
samarbeid I folkemusikkmiljøet.

Det er med von om ei meir offensiv haldning frå politikarane at me nå crossar over mot eit nytt år. NFD vil bygge på den gode kontakten vi har til våre mange gode musikarar og dansarar og oppmode dei om å vera med oss i ein sterkare innsats for å ta vare på slåttemusikken, kvedinga og bygdedansane. Eg håpar me kan finne former for arbeid og samarbeid som gjer at aktivitetsoppsplittinga kan bremsast opp noko, og at vi igjen kan få sterkare samanheng mellom dans, spel og kveding. Vi må bruke marknadsmakta positivt til å fremje musikarar og dansarar, samstundes som vi held på særdraga og kvaliteten. Bare slik greier vi å halde tradisjonane våre levande.

Publisert:

Del: