Dei tre første konsertane Ballade har vore på under Festspillene i Bergen har vore av ujamn karakter, og med unntak av den første, storslagne opplevinga fredag har høgdepunkta lete venta på seg. Fiolistane Atle Sponberg og Arvid Engegård lukkast ikkje engasjera med sin konsert i Ole Bulls villa på Lysøen – heller ikkje det Estiske filharmoniske kammerkor under sin opptreden i Håkonshallen søndag. Til gjengjeld overtydde Carte Blanche og BIT20 Ensemble under festspelforestillinga fredag.

Carte Blanche_festspillene i bergen 2007

Av Ida Habbestad

Årets festspelforestilling ”This night of no Moon”, med Carte Blanche og BIT20 Ensemble vart ei flott oppleving, fylt av vare, mystiske og romantiske undertonar. På skogsbakgrunn, med dansarar ikledd 1800-talsinspirerte draktar i kvitt, grått og svart, understreka koreograf Ingunn Bjørnsgaard det romantiske tilsnittet i festivalkomponist Bent Sørensen sine verk. Samstundes ivaretok ho det moderne preget som er vesentleg hjå dei begge, og utbygde det med sitt særeigne, vakre uttrykk.

Særleg vart samspelet mellom dei to kunstformene spanande. Bjørnsgaard gjorde eit tydeleg poeng av det i byrjinga, då ho let like mange dansarar som musikarar vera aktive. Ein dansar (kvinneleg) og ein fiolinist var åleine på scena gjennom det første verket, ”The Lady of Shallott”, og dei to vart etterfølgde av ein trompetist, ein trombonist og to dansarar (mannlege denne gongen) i ”The Bells of Vineta”. Med dét vart òg eit anna aspekt ved Sørensens musikk underbygd; registerutforskinga, kretsinga kring høvevis høgde og djupne.

Sidan var det plass for fleire dansarar, sjølv om konsentrasjonen kring eitt enkelt eller eit fåtal individ tyktest vera den føretrekne gjennom forestillinga. For meg vart kommunikasjonen mellom dei to gruppene etterkvart eit sakn. Etter dei to første verka såg me ikkje lenger musikarar på scena, dei fann attende til sin plass i ytterkanten av scenebiletet. Og sjølv om nyfikne dansarar gjentekne gonger fann vegen bort til musikarane, var det no meir i ein betraktar-situasjon som etter mi meining heller skapte avstand enn nærleik mellom dei. Der samspelet tidlegare var aktivt, var musikaren no ein del av eit statisk og konservativt apparat – og møtet mellom dei skjedde på dansarens premiss.

Men dette er ein detalj – Bjørnsgaard lukkast gjennom forestillinga å skapa vakre bilete og samstundes ein heilskap gjennom dei mange korte verka, og flytande overgonger som kledde Bent Sørensen sin utstrakte bruk av unisone linjer, glissandi og flageolettar. Den fullsette teatergarasjen fekk òg med seg Carte Blanche Venner si utdeling av eit reisestipend pålydande kr 15 000,- som gjekk til dansaren Henriette Slorer.

Bartok og Bull

Ikkje fullt så vellukka var Atle Sponberg og Arvid Engegård sin konsert søndag formiddag, i Ole Bull sin sommarvilla på Lysøen.

Turen dit er ei oppleving i seg sjølv. Villaen – eller snarare det vesle slottet – vart reist i 1872-73, og skiljer seg ut som eit unikt og eksotisk innslag langs fjorden, inspirert av austleg og sudleg byggjeteknikk. Med båt tek turen ein time – akkurat så lang tid at det er dei særleg interesserte som tek turen. Konsertane i Ole Bulls sommarvilla inngår dessutan i ein museal samanheng; musikken som vert framført er i regelen prega av Bulls eigne verk, samt verk av hans forgjengarar og etterfølgjarar.

I dette tilfellet kunne det virka som den eksklusive og turistprega forsamlinga var grunnlag for ei meir avslappa haldning kva gjeld det kvalitative nivået frå festspel-leiinga si side.

Ein dyktig guide – ikkje namngiven i programmet – loste oss fint gjennom arrangementet og gav oss rikeleg informasjon, både om Ole Bull og dei øvrige komponistane på programmet. Vedkomande innleiia òg med å påpeika at det var tidleg på dagen, og at dei to utøvarane hadde delteke på Late Night Logen til seine natta kvelden før.

Kommentaren var sjølvsagt humoristisk meint – som ein peikepinn mot det imponerande i at utøvarane var ”på døgnvakt for festspillene”. Men alt tidleg i konserten var det klart at Arvid Engegård ikkje hadde sin beste dag, og kom i skuggen av Atle Sponberg som spelte langt meir distinkt, virtuost og skimrande. Overfladisk er kanskje eit betre stikkord for Engegård sitt spel denne formiddagen, eg sakna klang og djupne – rett og slett engasjement og retning hjå han under konserten.

Om det så var svevnen som var årsaka til denne ikkje overtydande konsertopplevinga veit eg ikkje. Men ovanfor eit publikum som har betalt nærare 600 kroner for arrangementet, er det uklokt å ta sjansen på at dei medverkande utøvarane toler denne døgnvakta (endå verre å briljera med det ovafor forsamlinga som har forventninga om ein eksklusiv oppleving).

Konserten sitt definitive høgdepunkt vart duettene av Bartok, som var det verket der begge utøvarane gjekk i djupna og fann fram til kjerna i sine respektive instrument.

Ujamnt i Håkonshallen

Høgare krav burde òg kunne stillast det Estiske Filharmoniske Kammerkor som i lag med dirigent Paul Hillier gjesta Håkonshallen søndag kveld. Konserten var ein del av festspela si markering av Grieg-året, og koret var invitert for å framføra musikk av Grieg, samt dei Grieg-inspirerte komponistane Frederick Delius og Percy Grainger.

Dei baltiske landa er kjende for sine sterke kortradisjonar, og dette koret er vinnarar av Grammy-prisen for beste korframføring i 2007. Men korkje koret eller musikken dei framførte gjorde nemneverdig inntrykk denne kvelden. Frederick Delius’ ”Two songs to be song in a Summer Night on the Water” vart framført med vaklande intonasjon, tidvis så svevande at ein lurte på om dei ville klara å henta seg inn att – og ein ubalansert klang som ikkje evna nå ut i salen. Meir varme var å spora i det neste innslaget, ”Ye Banks and Bres o’ Bonnie Doon” av Grainger, som òg var eit meir interessant verk musikalsk sett.

Men det som kunne ha vore eit høgdepunkt; Griegs ”Fire salmer op 74” vart ei semre oppleving. Det er sjølvsagt eit risikabelt prosjekt å koma utanfrå og framføra desse songane som einkvar norsk korist har eit tilhøve til; men det er òg i utgangspunktet interessant. Der norske kordirigentar må gjera val ut frå alt etablerte norske ideal, ligg det eit potensielt høve for nytolking når eit kor frå eit anna land framfører det.

Dessverre lukkast ikkje Hillier i å finna fram til dei mange musikalske høgdepunkt i nokon av salmene, og gjennom det som kanskje var eit forsøk på å letta opp i karakteren i dei, vart resultatet ei heseblesande og stressa framføring som vitna om ei manglande forståing av materialet han handsama. Berre den tredje av salmene hadde eit roleg preg ved seg – til gjengjeld vart den framført i eit nærast pedantisk langsomt tempo.

Langt betre var Solveig Kringlebotn sin versjon av Haugtussa, i samspel med Malcolm Martineau. Kringlebotn kledde rolla, formidla godt og nådde ut i salen der det Estiske Filharmoniske kammerkor ikkje gjorde det. For si innspeling av Haugtussa fekk Kringlebotn kritikk for å gjera stykket for stort – under denne konserten lukkast ho å balansera omfanget, og gjorde ei truverdig tolking av Veslemøy.

Konsertar:
This night of no Moon: Carte Blanche/BIT20 Ensemble
Koreografi Ingunn Bjørnsgaard/Musikk Bent Sørensen

Lysøen III & IV: Atle Sponberg (fiolin) & Arvid Engegård (fiolin)
Musikk av Spohr/Wienawski/Bull/Brustad/Halvorsen/Bartok

På sporet av Grieg II:
Det Estiske Filharmoniske Kammerkor/Dirigent Paul Hillier
Solveig Kringlebotn (sopran)/Malcolm Martineau (klaver)
Musikk av Delius/Grainger/Grieg/van der Stucken

Publisert:

Del: