I går la den nye leiinga ved operaen og balletten fram sitt første sesongprogram. For operaens del manglar stadig innslaga frå det internasjonale, moderne repertoaret, medan programmet for øvrig virkar rikt og variert.

Carmen på operataket/Foto: Den Norske Opera & Ballett

Av Ida Habbestad

I glansen av biletet av eit fullsett operatak – heile 7000 besøkte huset under premieren på Carmen denne helga – kunne ein optimistisk leiartrio invitera til ei vidare feiring av det nye bygget i Bjørvika.

Ifølgje administrerande direktør, Tom Remlov, har billettsalet i opningsåret vore optimalt, med 100% dekning.

Denne trenden ynskjer institusjonen meir enn gjerne å halda i hevd. Ved framleggjinga av sesongprogrammet var ambisjonane difor høge, med høgt tilfang av store kunstnarar, eigenproduksjonar, satsingar på unge, samt ei tilsynelatande breidde i innhaldet.

I sesongen 2009-2010 har Nasjonaloperaen 10 heilaftans framsyningar på programmet. Fem av dei er eigenproduserte, to av dei er retta mot unge.

Babyoperaen ”Korall korall” med musikk av Maja Solveig Kjelstrup Ratkje og verket for og med barn, ”Forhekset – med tryllestav i operaen”, er gledelege satsingar. Vonleg vil dei utgjera viktige innslag i sesongen.

Mellom dei øvrige åtte produksjonane finn me både det eldste – gjennom Monteverdi sin ”Poppeas kroning” – og det nyaste repertoaret, representert ved Gisle Kverndokk sitt ”Jorden rundt på 80 dager”. Hovudtyngda for øvrig ligg på det romantiske repertoaret, med store verk av komponistar som Puccini, Dvorak, Wagner, Strauss og Donizetti (fullstendig oversikt over titlar finn du her).

Òg eitt verk frå 1700-talet er det plass til; Mozart sin opera ”Figaros bryllup”, som operasjef Paul Curran lova innpakka i ein spenstig regi, frå den amerikanske regissøren Thaddeus Strassberger.

Mange norske namn
Forventningar vil det òg vera til regissør Stefan Herheim sin produksjon av Wagner-operaen ”Tannhauser”. I desse dagar er Herheim både omstridt og lovprist for si oppsetjing av “Lohengrin” i Berlin, medan “Tannhauser” vert presentert i mars neste år.

Operasjef Curran, får me oppleva som regissør alt ved opningsframsyninga ”Ruselka” av Dvorak, medan den norske regissøren Ole Tandberg står for regien av ”Poppeas kroning”, også den tidleg i sesongen.

Ei rekkje andre kapasitetar er knytta til operaen. Mellom dei Solveig Kringlebotn, som frå hausten av vil vera fast tilknytt solistensemblet. Denne sesongen har ho sentrale roller i ”Ruselka” og ”Figaros Bryllup”. Den stadig meir anerkjende Eivind Gulberg Jenssen er invitert som dirigent til førstnemnde,

Mellom dei friskaste prosjekta finn me òg ”Kikkhullet”, eit slags laboratorium for nye prosjekt. Som del av dette har komponistane Christian Eggen og Ole Henrik Moe skrive kvar sine verk, nært knytte opp mot eldre operaer. Alle prosjekta i “Kikkhullet” finn stad i prøvesalen.

Operatoriet er dermed ute av biletet for operaen. Istaden utgjer “Kikkhullet” saman med balletten sitt prosjekt “Ballettlaboratoriet” operaen si satsing på utviklinga av nye verk. Dette er støtta av Anders Jahres Humanitære Stiftelse og har fått namnet “Verker underveis”. Det vert spanande å sjå kva som kjem ut av dette av nyare produksjonar – og ikkje minst om satsinga økonomisk kan måla seg med den som har vore tidlegare.

Manglar internasjonalt, nyare repertoar
Satsinga på operaen som konserthus held fram. Casting Director Anne Gjevang kunne introdusera ei rekkje resital-aftnar med anerkjende songarar. Dessutan får operaen sitt orkester, dei to kora, samt gjestande aktørar utanfrå sine konsertar, innanfor eit variert spekter av uttrykk.

Det einaste som verkeleg er eit sakn – og som lenge har vore etterlyst på operaprogrammet – er ein representant frå det nyare internasjonale repertoaret; ein ”Piken med svovelstikkene” (Lachenmann), ein ”Le Grand Macabre” (Ligeti) eller liknande.

Slike verk har me til gode å sjå på den nasjonale operascena. For mange står presentasjonen av dette repertoaret høgt på lista over ynskjemåla når institusjonen gjer sine vidare løft.

Publisert:

Del: