– Det å sjå for seg ein stad, liknar litt på det å høyre ein lyd eller to inni seg. Det seier iallfall dei som har prøvd begge delar. Folk som sit fengsla og ikkje får lov til å reise fritt, drøymer ofte om å få reise kor dei vil. Difor reiser dei inni seg. Mest heile verda er oppdaga no, og så og seie alle geografiske flekkar er registrerte. Allikevel kan ein reise inni seg, høyre ‘nye’ lydar eller melodiar – inni seg, skriv kunstnarisk leiar for Borealisfestivalen Nicholas Møllerhaug i programmet til festivalen som vart lagt fram fredag.

Harmonien spiller Riley

Av Nicholas H. Møllerhaug, kunstnarisk leiar i Borealis

Det å sjå for seg ein stad, liknar litt på det å høyre ein lyd eller to inni seg. Det seier iallfall dei som har prøvd begge delar. Folk som sit fengsla og ikkje får lov til å reise fritt, drøymer ofte om å få reise kor dei vil. Difor reiser dei inni seg. Gamle som ligg sjuke og ikkje kan bevege seg må også reise inni seg. Reise tilbake til garden dei kom frå eller blokka dei budde femti år i.

Mest heile verda er oppdaga no, og så og seie alle geografiske flekkar er registrerte. Allikevel kan ein reise inni seg. Sjølv om alskens tonar og melodiar allereie er komponerte kan ein halde fram med å høyre ‘nye’ lydar eller melodiar – inni seg.

Difor har me brukt borealis som festivalnamn. Ordet stammar frå ordet ‘borea’ som betyr nord på gresk. Og det har også med nord å gjere. Borea – det ekstreme nord – som Noreg tilhøyrer, var i antikken ein stad utanfor kartet. Eller kanskje me kan seie ei tilstand utanfor kartet? Iallfall var det ein stad ein måtte sjå for seg – for ingen visste ikkje heilt korleis det såg ut der nord. Karttteiknarar hjå ulike strategar og keisarar sette seg ofte ned og teikna verdskart. Og då måtte det som var nordpå – bli forma av han som teikna kartet. Det desse karane teikna den gongen liknar ofte ikkje i det heile på det nord me i dag kan sjå eksakt på mange atlas.

Bergen by og Noregs land har vore ein del av denne navigasjonshistoria. Difor koplar me denne delen av kulturhistoria vår opp til festivalen. Det vil skje på mange måtar. I år vil ein av våre fremste lokale forfattarar, Tomas Espedal gje innblikk i navigasjonane sine. Me opererar difor med navigasjonsprologar som ein sjanger under festivalen. I den vil me underbygge kva navigasjon har å seie for oss estetisk. Fleire komponistar og poetar er allereie i full gong med å leite vidare inn i navigasjonshistoria for Borealis dei neste åra. Navigasjon er noko som interesserer mange. Alle har iallfall eit eller anna forhold til nett dette temaet. Iallfall alle som har ferda på sjøen. Espedal hadde lenge før Borealis blei stifta arbeidd med eit prosjekt som handlar om det å vandre. Difor har samarbeidet med han vore eit lukketreff for profilen til denne nye festivalen.

Terry Riley, festivalkomponist i år, vil også gje glimt av kva rolle navigasjon speler for han. Han er ikkje berre av dei mest sentrale komponistar i USA idag. Han er også representant for alle dei som reiste innover på sekstitalet – like mykje som dei reiste utover. Mange av hippiane reiste både på det andelege og det fysiske planet. Difor er tematiske orienteringar mot Orienten, India og Baghdad viktige for Borealis 05. Like viktig er fokus på den psykedeliske reisa beatrørsla og hippiane stod for. Som Riley svarar på eit spørsmål som blir stilt i samtala med han i dette magasinet: Ser du på deg sjølv som del av denne kulturen? Ser du deg sjølv som ein hippie og ein beat?

— Ja, sjølvsagt gjer eg det. Det er mitt samfunn, hippiane og beatkulturen. Og “beat” er eit veldig fint ord, ”Beatification” er den opprinnelege meininga. (Som betyr velsigna red. anm.)

Borealis er Bergen sin festival for samtidsmusikk, eksperimentell lyd og navigasjon. Danna etter at festivalane Music Factory og Autunnale slo seg saman i 2003.

Nicholas H. Møllerhaug
Kunstnarisk leiar

PS: Då programbladet gjekk mot deadline kom komponist Ketil Hvoslef med ei viktig opplysning. Terry Riley sitt viktige gjennombrotsverk frå 1964 – “In C” – som starta minimalismen – har blitt spelt i Bergen før. Medan Borealis framfører dette verket med mange hardingfeler og norske tradisjonsinstrument, var nokon andre først. Det var Harmonien som spelte “In C” i Konsertpaleet. Ein eller annan gong tidleg på syttitalet. Fleire andre bekrefter dette overfor Borealis – men ikkje berre det. Medan me i dag framfører stykket med hardingfeler, spelte dei verket den gongen med bind for augo. DS.

Publisert:

Del: