Borealis melder om positive resultat etter årets festival, mellom anna med ei publikumsauking på 300% sidan i fjor. ”Tala fortel at ein turbulent samanslåingsprosess i kultur-Noreg endeleg er i hamn. Medan misnøyen frå medlemsorganisasjonane i Borealis for to år tilbake var stor – er dialogen i dag ypparleg”, skriv festivalsjef Nicholas Møllerhaug i ei pressemelding til Ballade.

Nicholas Møllerhaug 2006 (Foto: www.borealisfestival.no)

Av Ida Habbestad

Borealis møtte ei større utfordring framfor festivalen i mars, etter at dei i desember 2005 fekk halvert løyvinga si frå kulturrådet. Halveringa førde mellom anna til at festivalen måtte avlysa dei planlagde konsertane med samtidsensemblet Klangforum Wien, og fleire andre større arrangement lét seg heller ikkje gjennomføra.

Oppstartsvanskar og låge vitjartal
Ei hovudårsak til halveringa er truleg vitjartalet, meiner Rune Gaustad, styreleiar i Borealis:

— Halveringen skyldes nok at samtidsmusikkmiljøet i Bergen ikke har utviklet seg i forhold til støtten kulturrådet har gitt over tid. Det handler mest om at vi ikke ennå har klart å etablere en god nok plattform for dette miljøet, med en tilstrekkelig oppmerksomhet fra besøkende, seier Gaustad til Ballade.

Borealis oppstartsvanskar skuldast òg ein noko tung start etter fusjonen mellom Autunnale og Music Factory, men Gaustad meiner festivalen no er på god veg:

— Etter et bakteppe med noe bråk i forbindelse med fusjonen mellom Autunnale og Music Factory, ble Nicholas Møllerhaug ansatt som ny kunstnerisk leder før fjorårets festival. Så har det nye styret og den lille administrasjonen bruk tid på å forene samtidsmusikkmiljøet, og det mener vi at vi gjennom resultatet i 2006 og kommunikasjonen som nå er etablert med medlemmene i Borealis, har fått til. Ikke minst synes dette gjennom dugnadsånden som ble fremvist under årets festival, hvor de store lokale aktørene tok mange av kostnadene på egen kappe, seier Gaustad.

Endeleg utan gjeld
Festivalen kan i år kan melda om særs gode besøkstal – og at dei endeleg er gjeldfrie. Med dette meiner Gausdal at Borealis har synt seg livskraftige, og vonar at dei med tida kan vinna attende løyvinga frå kulturrådet

— Vi mener at vi har vist både kulturrådet og Bergen kommune, som er de to store bidragsyterne våre, at det er liv laga for denne typen festival i Bergen. Det er viktig for Bergen å også ha et sterkt og voksende samtidsmusikkmiljø!

Pressemelding frå Borealis
Under kan lesast pressemeldinga frå Borealis:

”Styret i Borealis la tysdag ettermiddag årets resultat og fjorårets årsrapport fram for årsmøtet i festivalen. Trass utfordringar før årets festival kan me trekke fram særs positive resultat: Publikumstalet auka med 300% frå i fjor og festivalen kan i 2005-årsmeldinga endeleg pynte seg med overskot. Eit nytt breiddt profilert styre blei også vald.

Publikumstalet for 2005 var 2054
Publikumstalet for 2006 var 6830

Tala fortel at ein turbulent samanslåingsprosess i kultur-Noreg endeleg er i hamn. Medan misnøyen frå medlemsorganisasjonane i Borealis for to år tilbake var stor – er dialogen i dag ypparleg. Det viste seg ikkje minst på årets festivalprogram – der ei rekke av medlemmane presterte store internasjonale prestasjonar. Og stadige nye medlemsorganisasjonar ber om å bli medlem. Nokre av medlemsorganisasjonane har allereie kome med innspel for 2008-festivalen.

Utfordring med kutt frå Kulturrådet
På årsmøtet gjekk me gjennom strategien for å få på plass årets festival sjølv om eit ferdig festivalprogram i desember 2005 blei ramma av budsjettkutt. Me kom ned på eit budsjettnivå som gjorde at kostnadane ikkje oversteig våre nye budsjettrammer. Styret og festivalsjef arbeidde hardt for å få dette til. Kutten gjekk hardt utover det opprinnelege kunstnariske programmet – men forståingsfulle artistar gjorde denne oppgåva enklare enn den kunne ha vore. Opprinneleg skulle festivalprogrammet lanserast første veka av januar – men lanseringa måtte utsetjast til seint i februar. Allikevel er resultata så gode – og programmessig vart årets festival den kunstnariske leiinga kan stå inne for trass frisering. Pressedekninga var også strålande – noko uttaling frå Financial Times i slutten av mai om Borealis understrekar:

” Norges neststørste by er stolt over å vere god på samtidskunst og i Bergen er det fullt av festivalar (…). Ein komande festival for samtidsmusikk fanga særleg mi merksemd – www.borealisfestival.no

Overskot i 2005
Årsmøtet i Borealis godkjende elles einstemmig det positive resultat for 2005. For første gong i festivalens korte historie presenterte styret i festivalen eit overskot for medlemmane – på 33 151,-. Dette i trass at det nye styret og leiinga i Borealis kvart år har nedbetalt gjeld frå dei tidlegare festivalane. Vi har nå nedbetalt all gamal gjeld og Borealis har endeleg ryggen fri frå forhistoria. Dette gjev stor motivasjon sjølv om festivalen har ei enorm utfordring med å øke løyvingsnivåa frå Kulturrådet og Bergen kommune. I tillegg satsar Borealis på auka billettinntektar og vil utfordre det private næringslivet i Bergen om å støtte Borealis – den einaste festivalen på Vestlandet som reindyrker fornyinga av den rike komponisttradisjonen i regionen.

Det nye styret
På årsmøtet tysdag 13.6 var følgjande representantar frå medlemsorganisasjonane til stades: Astrid Rødsand (Carte Blanche), Steinar Sætre (Griegakademiet), Håvard Pytte (Vest-Norges Opera), Sigurd Fischer Olsen (Ny Musikk Bergen), Thorolf Thuestad (BEK), Ole Tobias Lindeberg (Opera Vest), Ole Hope (Opera Vest), Evy Sørensen (USF), Håkon Matti Skrede (Kor Vest). Dei valde følgjande nye styre:

Styreleiar Rune Gaustad (direktør i Vital )
Nestleiar Aashild Grana (dagleg leiar Kulturhuset USF, tidl. intendant Bergen Kunsthall og redaktør for Kunstaktuelt)
Hild Borchgrevink (tidl. produsent i Oslo Sinfonietta / Musikkinformasjonssenteret MIC – no arkitekturstudent i København)
Grethe Melby (medievitar, skribent, kritikar i kunstkritikk.no)
Steinar Sekkingstad (stipendiat i kunsthistorie, lydkunst-ekspert, kritikar og skribent)

Varaer:
Roar Sletteland – filosof og dagleg leiar ved Bergen Senter for Elektronisk Kunst
Susanne Christensen – litteraturkritikar i Morgenbladet, driv forlaget Gasspedal
Hans Knut Sveen – førsteamanuensis i cembalo og orgel, Griegakademiet – driv Bergen Barokk.

Publisert:

Del: