Orgelpiper (ill.)

Borealis 2007: Tor Grønns stille musikkrevolusjon

Organist Tor Grønn har traktert orgelet i den kvitaste kyrkja i Bergen – Nykirken på Nordnes – i over førti år. Han har i denne perioden også vore ein av dei som har framførd mest nyskriven musikk i Bergen. Søndag 18. mars avsluttar han festivalen som ein del av eit større domkirke-program i følgje med cellisten Kartunnen og det amerikanske bandet Sunn O))). På programmet denne søndagen har han alt frå Maja Ratkje sin eigen brudlaupsmusikk til Hvoslef sitt romanske vannorgel.

Kalender

Av Nicholas H. Møllerhaug

Orgelet stod sentralt i barndomsheimen, og far hans var både gardbrukar og organist.

— Det var ein veldig vanleg yrkeskombinasjon på landet, før i tida. Og på salmesykkelen på garden i Innherad i Trøndelag – ikkje så langt frå Stiklestad – trakterte unge Tor orgelet frå han var liten av. Han hugsar at dei første stykka han lærde seg var ei samling svenske folketonar – som han hadde høyrd far sin spele mange gonger.

— Det gjekk eigentleg ganske fort då eg først byrja å spele, fortel Tor Grønn.

Vikaren

— Etterkvart spelte eg i kyrkja i bygda – vikarierte for far min. Då eg var 14 drog eg hyppig med tog til Trondheim. Eg fekk nemleg organisten i Nidarosdomen som lærar – den kjende komponisten og organisten Ludvig Nielsen. Ein veldig bestemd og grundig mann som lærde meg mykje. Det var jo på den tida ein gjorde det ein fekk beskjed om. Og etterkvart let han meg til og med vikariere for han.

— Å spele åleine på det enorme orgelet i katedralen var heilt fantastisk.

Messiaen

Det var hjå domorganist Nielsen i Nidaros Tor Grønn lærde seg å granske moderne musikk. I 1959 flytte han til København for å studere ved det Kongelige Danske Musikkonservatorium. Og det var der eit av dei viktigaste musikalske møta fann stad: han fekk høyre den franske komponisten Olivier Messiaen sin musikk for første gong.

Det var det store samtaletemaet på konservatoriet på den tida og i København var det fleire som spelte den fantastiske musikken til den franske komponisten. Messiaen skreiv stor kyrkjemusikk ispedd indiske rytmar og nøyaktig notert fuglesong. I Noreg var det få eller ingen som spelte han. Og Grønn merka at dette var noko å ta med seg heim.

Det første han høyrde av Messiaen var det store verket «La nativité del Signeur» eller «Herrens Fødsel». Det er eit av hans tidlegaste verk – frå den eksperimentelle perioden hans på tidleg femtital. Det var på den tida han byrja å utvikle sitt musikalske språk – med originale referansar til både indisk og gresk rytmikk og alle fuglelydane han kunne notere ned nøyaktig for hand.

Messiaen-stykka Tor Grønn speler i Domkirken under Borealis er også prega av ornitologien på ei rekke forskjellige måtar.

— Det er vanskeleg å velje ut ein yndlingsfugl blant alle fuglane Messiaen noterte i musikken sin. Men skal eg velje noko er det særleg dei små fuglane eg syns om. I 1963 høyrde eg faktisk komponisten spele sjølv – i si eiga soknekyrkje St.Trinité i Paris. Heilt utruleg! Det var det året eg pendla med tog mellom København og Paris.

Ein stille revolusjon

Året etter flytta Tor Grønn til Bergen. Nyleg uteksaminert byrja han i Nykirken – og frå dag ein var Messiaen blant det han spelte både for kyrkjelyd og konsertpublikum i Bergen. Mange meiner at Tor Grønn stod for ein stille revolusjon i det bergenske musikklivet – siden han var den første som spelte Messiaen sin musikk i Bergen, kanskje i Noreg. I tillegg var han ikkje redd for å spele nye verk – av Ketil Hvoslef til dømes.

— Det første eg spelte av Ketil var hans Organo Solo frå 1972, fortel Grønn.

— Ja, eg urframførde det. Siden den gong har eg satt uendeleg stor pris på musikken hans: den er original og veldig krevjande teknisk. Ein merker at han er utdanna organist. Og for ei rytmekjensle. Toccata som eg skal spele under Borealis har eg faktisk aldri spelt før. Ifølge komponisten sjølv er det blant det mest vanskelege han har skrive for orgel.

— Så får me sjå om eg er ung nok i fingrane.

Borealisfestivalen finner sted i Bergen 11.-18. mars. All nødvendig informasjon finnes på nettsidene borealisfestival.no.

Ballade har i tiden frem mot festivalen presentert tekster relatert til artister og komponister som er aktuelle på Borealis. Disse er gjengitt med velvillig tillatelse fra artikkelforfatteren.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.