Tyrol og Dolomittane ligg ikkje langt frå Milano. Det var ein av grunnane til at den eksentriske italienske komponisten Niccolo Castiglioni (1932-1996) valde å pendle mellom stadane. Han elska heimbyen sin Milano men kunne ikkje kome seg ofte nok til Tyrol. Det var oppe i fjella han fekk dyrka komposisjonen, kontemplasjonen, Grieg og naturen.

Niccolò Castiglioni

Av Nicholas H. Møllerhaug

Høgt oppe i dei kalkfjellmassive Dolomittane – i landsbyen Bressanone – hadde han funne komponiststova si. Og det var til stova der oppe han lengta då han stod ved kateteret ved Konservatoriet i Milano og underviste elevar i komposisjon. Den same skulen som han sjølv hadde studert ved.

Ein loner

Ein av studiekameratane heitte Claudio Abbado og studerte direksjon. Han har m.a. vore sjefsdirigent ved Berlinerfilharmonien – eit av verdas fremste orkester. Medan Abbado blei superkjendis vart Castiglioni ein ”loner” som trakk seg vekk, og gjekk inn i gløymsla og opp i fjella.

Abbado fortel i memoara sine at han særleg hugser eksamensverket i komposisjon Castiglioni skreiv. Det fekk stor merksemd og blei til og med vald ut av eit orkester i Milano. Det var litt av ei anerkjenning å bli framført av eit stort orkester rett etter eksamen.

— Niccolo spelte elles piano med overmenneskeleg teknikk – men valde å aldri satse på solistkarriere. Han satsa på komposisjon og filosofi. Etterkvart førde livet oss i totalt ulike retningar – og langt frå einannan. Me møttest faktisk aldri igjen men eg gløymer aldri denne uendeleg reserverte personlegheita – med ein intelligens som gjorde han heilt unik. Og han forlot verda i 1996 – i einsemd – slik han hadde levd livet. Igjen står musikken – ei utruleg gåve til oss alle.

Musikk full av lys

Medan Castiglioni sjølv levde i einsemda var musikken hans full av lys, og han følte særleg at han var i slekt med Edvard Grieg. Og etterkvart som han vart eldre vart han meir og meir oppteken av bergenskomponisten.

Pianisten Bruno Canino fortel at ein gong han møtte Castiglioni i ein bar i Milano var han fullstendig oppsett på å spørje han omatt og omatt om han likte Grieg. “I tillegg spurde han meg ustanseleg om kor ein kunne få kjøpt Grieg-plater i Milano? Det var underleg følte eg – at ein milanesar spør ein napolitanar som meg kor ein kunne kjøpe Grieg i Milano. Det syntest eg var veldig rart. Men sånn var han. ”

Enga er god

Ein annan nær ven av Castiglioni er den italienske kritikaren og musikkvitaren Enzo Restagno – no sjef for den framste klassiske musikkfestivalen i Italia – Torino Settembre Musica. Han drog ofte til Tyrol for å besøke komponisten, og fortel om ein gong dei sat på stasjonen i fjellbyen San Candido – ein vakker fjellby i Dolomittane – og venta på toget:

“Hit drog også Gustav Mahler for å komponere, og ofte snakka eg og han om det. Eg tok meg ofte i å seie at eg syntest naturen var så fantastisk fin her oppe. Då svarte han alltid: desse engene er ikkje berre fine. Dei er gode. Enga er god.”

Og det var eigentleg hans signatur på korleis han var som menneske. Han gjekk rett inn i den romantiske og panteistiske tradisjonen – nett som Mahler gjer i sin tredje symfoni. Der skriv Mahler ein stad: “Was mir die Blumen auf der Wiese erzählen” (Kva blomane i enga fortel meg).

Dette var ikkje natur med menneskelege eigenskapar han såg for seg – nei det var natur som overordna verdigheit.

Ved siden av dei mystiske opplevinga av naturen var også musikaliteten hans heilt spesiell. Restagno meiner at Castiglioni sine evner til å skape nye melodiar, rytmar og klangar var heilt utanom det vanlege. Og denne klangen høyrer på mange måtar heime i Noreg – men har sjelden eller aldri blitt spelt her før.

Referanse: Ricordi: Niccolo Castiglioni 1932-1996, Milano, Italia

Borealisfestivalen finner sted i Bergen 11.-18. mars. All nødvendig informasjon finnes på nettsidene borealisfestival.no.

Ballade vil i tiden frem mot festivalen presentere tekster relatert til artister og komponister som er aktuelle på Borealis. Tekstene er gjengitt med velvillig tillatelse fra artikkelforfatteren.

Publisert:

Del: