– Tonespråket hennar reflekterar stjerner og draum. Ho komponerar store operaer og får verdas fremste forteljarar til å følgje hennar fløyte og tone. Festivalkomponist Kaija Saariaho har sida åttitalet arbeidd med å skape ein ny tone. Ho byrje å leita under bakken i Paris. Dette intervjuet med Kaija Saariaho er tredje artikkel Ballade presenterer i forbindelse med årets Borealisfestival i Bergen.

Borealis2007_logo

Av Nicholas H. Møllerhaug

— Ja, det starta i det einaste store computermusikkstudioet i Europa på den tida – nemleg IRCAM i Paris. Det ligg under bakken utanføre Pompidousenteret, fortel Kaija Saariaho.

— I USA fanst det eit par slike stadar – i San Diego og Stanford, og det var eit par mindre i Europa også: eit i Padova og eit i Stockholm. Men det største med dei kraftigaste datamaskinane var her i Paris.

Kvifor ville du til IRCAM?

— Eg visste allereie då at eg ville jobbe med datamaskinar. Eg hadde ei sterkt kjensle om at eg kunne bruke dei til å analysere meg fram til ny lyd og klang. Eg søkte difor på tomånadarskurs ved IRCAM, og fekk plass. Og så blei eg verande i Paris.

Sida tidleg åttital har det funne stad ein revolusjon innan computermusikk. I dag sit ikkje lenger Kaija i kjellarane ved IRCAM, men har tilgang på all teknikken på laptopen sin. Nett som alle andre. No bruker ho berre IRCAM til å arbeide fram store den elektroniske lyden på dei større operaproduksjonane.

Finsk poesi

Den fyrste operaen hennar – L’amour de Loin – Avstandskjærleik – blei premiert på den ærverdige Salzburgfestivalen i 2002, og Adriana Mater blei urframførd i fjor ved Parisoperaen. Då song norske Solveig Kringlebotn ei av tittelrollene.

Det var dei mindre formata ho arbeidde mest med i åra før ho byrja med operalitteraturen. Særleg var dikta til den finske diktaren Edith Södergran noko som greip henne veldig. Saariaho sitt første verk “Bruden” er basert på fire tekstar av Södergran.

— Finsk poesi er veldig viktig for meg. Etterkvart som eg lærde å lese andre språk har også dikt på andre språk fått stor betyding for meg.

Kjenner du forresten dikta til diktaren Pentti Saarikoski me presenterar under Borealis? Enka hans – Mia Berner – har laga ei musikalsk og rytmisk reise inn i hans diktning.

— Ja, naturlegvis! Eg kjenner også godt til Mia sine bøker Pentti sin poesi er så original, og det gjeld også omsetjingane hans av Iliaden og Odyssen m.a.

Har du nokon gong vurdert å komponere til Saarikoski-dikt?

— Eg trur ikkje eg hadde fått det til. Dei er så vanskelege å legge musikk til, og fyld med musikk i seg sjølve.

Kva inntrykk fekk du av Saarikoski som person?

— Han var ein veldig kjend person i finsk offentlegheit og var ein original som mange visste om. Han levde eit valdsamt liv – og hadde store problem med alkohol. Skjebnen hans er jo litt for typisk finsk – det er mange fine menneske her som blir råka av alkohol. Hadde han budd ein annan stad – til dømes i Frankrike – hadde han hatt eit heilt anna liv. Truleg hadde han blitt forstått betre og ikkje vore så isolert.

Du veit jo kva du snakkar om – siden du sjølv har budd i eksil i mange år?

— Ja. Men for å ha sagt det: han var ein fantastisk diktar – og eg gler meg veldig til å treffe Mia i Bergen.

Frå poesi til opera

I ein lengre periode har du gått bort frå poesien og inn i den enorme operaformen. Båe operaene dine har du komponert saman med den kjende fransk-libanesiske romanforfattaren Amin Maalouf. Korleis byrja du og Maalouf å arbeide saman?

— Eg hadde lese alle bøkene hans, men trudde aldri at han kunne skrive ein operalibretto. Ein dag kontakta leiaren for Salzburgfestivalen i Austerrike meg og spurde om eg ville skrive opera saman med Maalouf. Eg var redd det kom til å gå skeis.

Kvifor det?

— Eg har alltid vald ut tekstane på eiga hand, og aldri samarbeidd med nokon om slikt. Eg kunne jo ikkje seie: gje meg ein libretto og så skal eg komponere noko. Difor blei eg veldig overraska då eg skjønte at han var oppriktig interessert. Før me byrja å arbeide i lag las han alle tekstane eg har brukt i tidlegare verk og høyrde nøye gjennom musikken min. Eg trudde at så kjende forfattarar som han var egosentrisk. Der tok eg feil. Han var jo så fleksibel og interessert.

Ein annan komponist med kopling til Paris på årets Borealisprogram er Olivier Messiaen. Organisten Tor Grønn speler fleire av orgelstykka hans etter at Kartunnen har spelt dine celloverk i Domkirken. Kva er ditt forhold til Messiaen sin musikk?

— Eg beundrar veldig komposisjonane hans. Særleg dei store orkesterverka – Turangalila-symfonien og “Et exspecto resurrectionem mortuorum”, og så er det operaen hans om Frans av Assisi. Den betydde mykje for meg då eg skulle komponere min første opera. operaen hans er nemleg ikkje ein ordinær opera. Den er meir dvelande, og står fram meir som eit merkeleg oratorium, men fungerer likevel.

— Det gav meg stor sjølvtillit, til å jobbe fram opera på min eigen personlege måte.

Borealisfestivalen finner sted i Bergen 11.-18. mars. All nødvendig informasjon finnes på nettsidene borealisfestival.no.

Hjemmesiden til Kaija Saariaho.

Ballade vil i tiden frem mot festivalen presentere tekster relatert til artister og komponister som er aktuelle på Borealis. Tekstene er gjengitt med velvillig tillatelse fra artikkelforfatteren.

Publisert:

Del: