Thea Hjelmeland (Foto: Pressefoto)

Blest i Førde

Blest Festival er musikkfestivalen som viser fram artistar frå Sogn og Fjordane. Denne helga står både ferske og etablerte artistar på Larris scene.

Kalender

Nytt år, og igjen er det klart for bransjefestivalane. Endå er det ei stund til den største, Bylarm, i starten av mars.

Men i morgon startar ein av dei minste – Blest festival i Førde. Blest vart arrangert for første gong i 2011. Det er organisasjonen Brak, eit kompetansesenter for alle som driv med musikk i Hordaland og Sogn og Fjordane, som står bak festivalen.

Ballade tok ein e-post-prat med Elise Hessevik i Brak midt i travlaste innspurten.

Kva var utgangspunktet for å arrangere denne festivalen?

– Utgangspunktet er å vere ein samlingsplass for artistar og bransje i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane er eit spreidd fylke, med mange bygder, men utan eit naturlig sentrum for dei som driv med musikk. Med denne festivalen prøvar vi å skape eit felles miljø for musikkbransjen, slik at dei som driv med musikk kan kjenne på det å vere del av eit fellesskap. Vi ynskjer å bidra til fleire samarbeid, gi nye uetablerte artistar eit utstillingsvindauge og bidra til kunnskapsauke.

Elise Hessevik i Brak (Foto: Brak)

Kven er målgruppa for festivalen?

– Lokale artistar og lokal bransje er vår viktigaste målgruppe, men vi håpar også på merksemd frå nasjonal bransje. I tillegg er publikum frå heile Sogn og Fjordane hjerteleg velkomne når artistane står på scena fredag og laurdag.

I år står mellom anna VILNES, Falkevik, Thea Hjelmeland og SJUR på scena. I tillegg til konsertprogrammet har ein også moglegheit til å delta på ulike seminar om mellom anna bruk av sosiale media, miljøtiltak for festivalar og låtskrivarpanel med mellom anna Silje Halstensen frå Bendik.

Falkevik (Foto: Pressefoto)

Kjem det folk frå heile landet, eller er det berre lokale aktørar?

– Det er stor overvekt av delegatar frå Sogn og Fjordane, men mange av desse er utflytta og bur no i byar som Oslo eller Bergen. Vi inviterer også nasjonal bransje, og mange av desse bidrar i festivalen med foredrag, som paneldeltakarar eller i juryarbeid.

Kva vil du seie er fordelar og ulempar med å ha ei såpass lita samling?

– Det er ein stor fordel å vere ein så liten og intim festival. Med ca. 150 delegatar samla på eitt hotell i ei helg er det svært lett å komme i kontakt med andre. Derfor er denne festivalen ideell for nettverksbygging. Ulempa er vel at det er vanskeleg å tiltrekke seg nasjonal bransje, noko som kanskje heng saman med at det er litt utfordrande å komme seg til Førde. Og det er synd, for det er så mykje bra talent som vi har lyst å vise fram!

Jackbow (Foto: Steffen Heggen Starheim)

Luttprisen
På laurdag blir også Luttprisen delt ut – NRK Sogn og Fjordane sitt svar på P3 Gull, i fylgje Hessevik.

– Dette er eit show som samlar nokre av dei viktigaste artistane frå Sogn og Fjordane i 2018. Tre prisar skal delast ut: Årets artist, Årets nykommar og Furorestipendet. I fjor vart Kjartan Lauritzen alias Per Áki Sigurdsson Kvikne årets artist. Prisutdelinga blir radiosendt, med P3-profilen Ronny Brede Aase som konferansier.

– NRK Sogn og Fjordane og Brak blei i fjor einige om å slå saman Blest og Luttprisen til eitt arrangement for å samle både etablerte og uetablerte artistar til same festival.

Og namnet?

– Det er rett og slett ein referanse til Jakob Sande som spelte nettopp Lutt.

Festivalen kjem forholdsvis tett inn mot Trondheim Calling (31.01.- 02.02.) – har de gjort dykk nokre refleksjonar rundt det?

– Det er absolutt uheldig at vi ligg så tett opp til Trondheim Calling. Vi skulle gjerne hatt delegatane frå Trondheim Calling på Blest Festival også, men det spørs vel om dei kan ta seg råd til å vere med på begge (sjølv om det heilt klart er verdt det!). Før arrangerte vi Blest i november, men med tanke på prisutdeling for året før og det at januar er ein forholdsvis roleg periode fall det på den 3. helga i januar. Enn så lenge kjem vi til å holde på denne helga, og heller jobbe for å skape merksemd slik at vi trekk til oss stadig fleire delegatar.

Kaia Höl (Foto: Pressefoto)

Tidlegare har festivalen flytta rundt i fylket, men for andre år på rad blir Blest Festival arrangert i Førde, noko leiinga ynskjer å halde fram med – også etter overgangen til Vestland.

– Sjølv om vi no blir til Vestland fylke er det fortsatt svært langt til Bergen for store delar av dei som bur i Sogn og Fjordane, ikkje berre i distanse, men også i forhold til bransje, nettverk og så vidare. Eg trur at Blest Festival vil vere eit viktig tilskot også i framtida, der vi kan vere ein mjuk inngang til bransjen, med lav terskel for å bli med. I dag fokuserer vi på bransje og artistar frå Sogn og Fjordane, men det er ikkje utenkeleg at denne festivalen vil bli meir aktuell for dagens Hordaland i framtida.

Blest Festival finn stad på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde 18. og 19. januar 2019. Sjå heile programmet her.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.