– Det er BI-tankegangen – idéen om alt skal lønna seg, som drep stader som Blå, skriv musikar og NORCD-direktør Karl Seglem i dette innlegget. – Verdien av Blå kan ikkje målast i pengar, meinar han. Samstundes kritiserer han Blå for å ha misbrukt ein tillit dei i utgangspunktet hadde. – Dersom du skal bygga ein klubb må første bud vera å betala dei som utgjer grunnlaget for drift av klubben: musikarane, seier Seglem.

Karl Seglem 2004 (med horn) Foto: Ketil Jacobsen

Av Karl Seglem, musikar, komponist, NORCD

Blå har aldri støtta (les booka) “dei riktige” folka – det har vore dens styrke – og svakheit.

Det er trist at ein kulturbedrift (som også har fått mykje støtte) og var oppegåande på booking, kan gå konkurs. I grunnen er det BI-tankegangen som rir det meste av kulturlivet i Norge som drep stader som Blå også: Idéen om at alt skal lønna seg. Det betyr at ingen eigentleg har brydd seg særlig mykje om profilen – altså om hjertet til Blå, etter at Hr. Revheim søkte nye jaktmarker.

Blå fekk i oppstartingsfasen masse legitimitet, avgjerande drahjelp frå musikarar som meg (og frå mitt plateselskap NORCD) til å argumentera overfor støtteinstanser for det dei skulle driva med: Konsertverksemd med jazz i fokus, men med opningar mot andre såkalt smale genrar. Etter modell frå m.a. Copenhagen JazzHouse og Fasching (Stockholm) skulle fredags- og laurdagsnettenes disco (!) hjelpa til med å finansiera det som vart presentert på den levande scenen.

Vi trudde på at det var mulig; svært mange av Norges profesjonelle musikarar. Vi trudde grunnleggarane var seriøst interessert i å driva ein musikk-klubb for alternative musikkformer (ikkje pop/rock) med eit langsiktig perspektiv. Altså ei scene for mange og flest profesjonelle musikarar, i fleire generasjonar, som driv med mange ulike musikalske ting. Og det var ingen grunnar til ikkje å tru på dei, så grundig som dei hadde gjort leksa og så brennande engasjert dei presenterte idéen om Blå.

På mange måtar vart Blå som vi hadde håpa. Og etterkvart vart Blå på mange måtar, som vi hadde frykta. Blå vart så mykje meir. Og mange vil synsa og meina om kvifor klubben vart det. For meg er det ikkje interessant. At scenen har betydd svært mykje for nokre og svært lite for andre kan vi slå fast.

Blå er rekna for å vera ein fantastisk plass å spela, men ein plass som gjev elendig betaling for arbeidet. Blå har til profesjonelle norske musikarar aldri betalt anstendige honorar, og eg har ikkje forstått grunnen. Dersom du skal bygga ein klubb må første bud vera å betala dei som faktisk utgjer grunnlaget for drift av klubben: Musikarane. På den måten viser ein profesjonelle musikarar eit ansvar. Vi veit då at vi får igjen for å ha legitimert mykje av den økonomiske støtten klubben har fått, i tillegg til at vi har ein klubb å presentere vårt arbeid på. Noko anna undergrev det profesjonelle musikklivet – og videre klubbar som Blå. Støtten klubben har fått har ifølge tidligare presseoppslag gått til drift, tilsetting av folk, PR, lyd- lysutstyr etc. Til musikk har det vore lite å henta. I den enden der budsjettet burde ha auka mest for å skapa ei levedyktig og kvalitetsbevisst scene.

Mykje av grunnen til at Blå no er på nedad er at dei har misbrukt ein tillit dei i utgangspunktet hadde. Potensialet til å bli meir enn Copenhagen Jazzhouse eller Nefertiti eller Fasching var der – men er der ikkje lenger. Det må byggast opp på nytt. Idag manglar staden også profil – i form av klare linjer og kvalitet på det dei presenterar. Eg er ikkje enig med Norsk Jazzforums Jan Granlie som meinar at Blå manglar jazz-fokus. Blå manglar fokus.

Undertegna er frista til å stilla to motspørsmål til Ballade / Blå:

1) Kva har profesjonelle norske musikarar i alle genrar betydd for BLÅ?

2) Kvifor ønskjer Blå å fortsette som klubb – kva er visjonane, fokus, måla for framtidig drift i forhold til å presentera musikk?

Dei som i ein periode “brenn for noko” gløymer ofte grunnen til at dei brann så snart det på ein eller helst fleire måtar, kjem pengar inn i bildet. Dei brennande idéane om å skapa ei pulserande scene som kunne utvikla seg over tid, kjølna betrakteleg med åra. Det er kanskje ikkje så vanskeleg å forstå det, i dette steinrike landet der også kulturlivet snart “har gløymt” alle verdiar som ikkje kan teljast i kroner og øre, eller målast ut frå antall solgte eksemplar av ei vare.

Heldigvis finst det sånne folk som i si tid starta Blå. Dei finst her og no, ein eller annan stad i Oslo, Bergen, Tromsø og Kristiansand.

Verdien av Blå kan ikkje målast i pengar. Min tidligare påstand: Norge er ingen kulturnasjon, blir igjen stadfesta, dersom Blå må leggast ned.

Karl Seglem
musikar, komponist, NORCD

Publisert:

Del: