Folk og Dans 2 (Design: Rita Endestad)

Betre kår for folkemusikken i Kanal 4?

Norsk Folkemusikk- og Danselag, som nylig gav ut presentasjons-CDen «Folk og Dans 2», ber no inn til eit åpent møte om den nye Kanal 4, som tek over P4-konsesjonen i januar 2004. Tema for møtet, som finn stad laurdag 22. mars kl. 10.30 på Soria Moria i Oslo, er «Slåttespel og kveding i norsk kommersiell radio – kjem den nye Kanal 4 til å bli framtidas sjangerbreie musikkradio?»

Kalender

Orgelkonsert på Påskeaften: Kåre Nordstoga

30/03/2024 Kl. Kl,12.oo

Viken

Members Choice

06/04/2024 Kl. 20:00

Agder

I desember sist år gav Kulturdepartementet konsesjon for «riksdekkende reklamefinansiert radiovirksomhet» til Kanal 4 AS – eit nytt selskap med ein rekkje regionale aviser og NTB på eigarsida. P4 reagerte med sinne, og ein rekkje kunst- og kulturorganisasjonar gratulerte Kulturministeren med avgjerda. I konsesjonssøknaden skriv Kanal 4 mellom anna:

«Det har vært lite produktutvikling i kommersiell radio i Norge de siste årene. Det har heller ikke vært lagt stor nok vekt på å finne balansen mellom fornuftig inntjening og de krav som er stilt fra myndighetene. Tiden er inne til å legge et sterkere norsk perspektiv på denne typen mediedrift, og skjerpe forståelse og respekt for norske allmennkringkastingsoppgaver.

Søknaden seier og at: «Det er ikke noe motsetningsforhold mellom det å ha mange lyttere og det å sende stoff som disse lytterne ikke nødvendigvis visste de var interessert i. (…) Kanal4 vil spille 35% norsk musikk. For å nå brede lyttergrupper må Kanal4 tilby variert populærmusikk innrettet mot en voksen målgruppe. Kanalen vil bestrebe seg på å finne og presentere musikk fra sjangere som rock, soul, funk, reggae, blues, jazz, country/roots, viser, revytekster og folkemusikk, og gi disse en naturlig plass i det generelle musikktilbudet.»

Nokon av spørsmåla som sikkert kjem opp, er om den nye vil kanalen gje:

* Ei revitalisering av kommersiell radio med «stemmer frå heile landet», slik dei sjølv seier?
* La lydarane få å ta del i breidda og kvalitetane i norske musikk, med eit breitt tilbod av ulike musikktypar?
* God plass for norsk tradisjonsmusikk…?

Innleiarar til møtet er Stein Gauslaa, Eli Skogerbø, Magnar Lund Bergo, seier ei pressemelding frå Norsk Folkemusikk og Danselag.

Norsk Folkemusikkformiidling, som jobbar tett med Norsk Folkemusikk og Danselag, fekk for ein månad sia eit nytt reiskap i arbeidet med å formidle og eksportere norsk folkemusikk i ulik tapping. Med presentasjons- CDen «Folk og Dans 2», som har med namn som Per Anders Buen Garnås, Tron Steffen Westberg og grupper som Vintermåne, Utla og Majorstuen med på laget. Også nyleg Folk Alliance-aktuelle Bruvoll/Halvorsen er med. Nytt av i år er at artistar utan plateutgjeving bak seg er med, via musikk henta frå demoinnspelingar.

Presentasjons-cd’en med tilsaman 22 kutt er den andre i rekkja, med eit utval av artistar henta frå Norsk Folkemusikkatalog. Katalogen som stadig er i vekst, og no tel over hundre namn, er utgangspunktet for det meste av arbeidet som Norsk Folkemusikkformidling driv. Den famnar alt frå tradisjonelle soloartistar via dansarar til ulike grupper, og det gjenspeglar då også denne nye utgjevinga, der breidda er stor.

Nytt av i år er at artistar som ikkje enda er i handelen med plateproduksjonar, har fått tilgang til denne marknadsføringskanalen. Grunnen til denne avgjersla er den store og spennande underskogen av grupper og soloutøvarar som ein ser gro fram i fotefara til dei etablerte folkemusikkartistane. Generelt er desse kvalitetsmessig på eit høgt nivå, og i kombinasjon med at mange sit med demoar med god lydkvalitet, har det vore naturleg å innlemme også desse.

Det har òg vore viktig for Norsk Folkemusikkformidling å syne fram det beste av den tradisjonelle folkemusikken, ei musikkform arrangørar og andre som til dagleg er kjøparar av ulik musikk har hatt lite tilgang på. Målet med cd’en er slik å nå fram til institusjonar og nykjelpersonar i målgruppa som elles ikkje ville fått ei slik innføring i mangfaldet og kvaliteten kring norsk samtidig folkemusikk.

Følgjanade produsentar/selskap har velvillig stilt musikkutt til rådvelde for utgjevinga: 2L, Gappa Musikkforlag, Lærdal Musikkproduksjon, NOR-CD, Nyrenning og NRKs Folkemusikkredaksjon.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.