Onsdag sendte Nattjazz i Bergen et åpent brev til Kongen, Statsministeren og Kulturministeren, med oppfording om å avvise den amerikanske presidenten Bushs mulige Norgesbesøk i mai. – Vårt arbeid med musikk- og kulturformidling er basert på åpenhet, kulturforståelse og tillit mellom ulike folkeslag og kulturer, sier Nattjazz-sjef Jon Skjerdal. – Bush, med sin krigsretorikk, er en trussel mot alt kulturarbeid, som i sin grunnform baserer seg på mellommenneskelige, verdensomspennende relasjoner. Nattjazz oppfordrer samtidig alle kulturorganisasjoner og kulturarbeidere i Norge til å markere sin motstand mot besøket.

Sauron

Av Jon Skjerdal, dagleg leiar, Nattjazz

Åpent brev fra Nattjazz:

Kjære konge, statsminister og kulturminister

Vi har motteke melding om at George Bush har meldt besøk i Norge i slutten av mai.

Vi oppfordrar våre statsleiarar til å avvisa Bush sitt besøk på noverande tidspunkt.

Vårt arbeid med musikk- og kulturformidling er basert på åpenheit, kulturforståing og tillit mellom ulike folkeslag og kulturar. George Bush sin krigsretorikk er ein trussel mot alt kulturarbeid, som i si grunnform baserer seg på verdensomspennande relasjonar og mellommenneskeleg forståelse og respekt.

Nattjazz si musikkformidling handlar i stor grad om opprinnelege amerikanske musikkformer, musikk som har djupe røter i afroamerikansk musikktradisjon. Jazzmusikken har kanskje meir enn annan musikk hatt eit uttrykk som har vore bunde saman med fridom, og vore ein identitetsskapar for den delen av det amerikanske samfunn som har afrikanske aner.

Jazzen har erobra verda med ei grunnhaldning og musikalsk språk som representerer det motsette av krigsretorikken Bush no står som talsmann for.

Vi ber våre statsleiarar om å stå fram med motstand til Bush si haldning, og heller ønskja han velkomen til Norge dersom han endrar kurs og følgjer den grunnhaldninga som den amerikanske jazzen alltid har stått for, nemleg brubygging og gjensidig respekt for andre kulturar og folkeslag.

Venleg helsing

Jon Skjerdal
Dagleg leiar

Synspunkter? Innlegg? Har du en stemme som bør bli hørt i denne saken? Ta kontakt med Ballade!

Publisert:

Del: