– Eg vil lenger opp. For meg er Hardanger fjellet.

Benedicte Maurseth, Håkon Stene, Jasser Haj Youssef og Mats Eilertsen, © Knut Utler

Verket har tittelen Hárr, som er det gamle norrøne namnet for Hårteigen, det høgste fjellet på Hardangervidda. Derifrå kan ein sjå store deler av det enorme fjellplatået, og «Hárr» skal opphavleg tyde “den grå vegvisar”.

Det vert i hovudsak akustisk framført musikk, men verket inneheld også elektronikk og samples med opptak av ulike fjellfolk frå Eidfjord i Hardanger, i tillegg til lydar frå fuglar og andre dyr knytt til Hardangervidda, skriv Hardanger Musikkfest i ei melding.

Stilistisk kan ein forventa å høyra Maurseth sin folkemusikkbakgrunn.
– Folkemusikken er språket mitt. Det ligg i botnen av alt eg diktar av nye tema, klangar og slåttar. Verket er sjølvsagt også i stor grad spegla av medspelarane mine, som også er med og arrangerer ut musikken. Dei har ein heilt annan musikalsk bakgrunn, og det vil ein høyra, fortel Maurseth.

Benedicte Maurseth sitt førre tingingsverk Tidekverv vart komponert saman med Berit Opheim, og arrangert i samarbeid med Rolf Lislevand og Håkon Stene. Verket vart uroppført under Oslo Kirkemusikkfestival i 2017. Tidekverv fekk strålande kritikkar, og Maurseth vart tildelt NOPA sin musikkpris 2017 for verket.

Maurseth har sett saman eit nytt ensemble i høve tingingsverket Hárr. Her har ho med seg perkusjonist Håkon Stene, kontrabassist Mats Eilertsen og fiolinist og viola d´amore-spelar, Jasser Haj Youssef.

Samarbeidet med den tunisiske, Paris-basera jazzmusikaren Jasser Haj Youssef byrja attende i 2014, på jazzfestivalen Isole Che Parlano på Sardina, Italia. Der gjorde dei kvar sine solo-konsertar, og vart spurd om å gjere ein rein improvisert konsert saman i tillegg. Dette gav meirsmak, og Maurseth inviterte Youssef med til Vossa Jazz for to år sidan, i tillegg til andre duo-samarbeid i Italia og Tunisia etter den tid.

– Jasser har eit heilt eige musikalsk nærvær som er sjeldan å oppleva. Han er ein jazzmusiker som også kjenner den klassisk arabiske musikken ut og inn, og blandar dette tonespråket inn i alt han gjer musikalsk. Eg opplever at me har ein heilt spesiell musikalsk kjemi, fortel Maurseth.

Maurseth held seg til hardingfela, medan Haj Youssef spelar viola d’amore i det nye verket. Instrumentet kan minna om ein slags mini-gambe eller stor bratsj, som til liks med Hardingfela også har understrengjer. Viola d´amore var eit særs populært instrument i barokken, same tida som hardingfela vart bygd og spreidd i stor grad i Noreg. Likevel er hardingfela eit eldre instrument enn viola d´amore.

Maurseth har latt seg inspirera av årets festivaltema, vandring.
– Bygda eg kjem frå, Eidfjord, er sterkt knytt til fjellet. Der har det alltid vore mye fangstfolk, buskaping, tamreinsgjetarar, turistførarar, handelsfolk og andre som har «vandra». I tillegg kjem alt av dyr som lever og vandrar der oppe! Det var ikkje uvanleg å få spørsmålet «Har du sett noko dyr?» då eg vaks opp, for eg kom frå Maurset, siste garden før Hardangervidda. Og då var det berre eit dyr dei sikta til, og det var reinsdyr.

– Difor har eg med opptak i det nye verket der ein kan høyra røystene til fjellfolk frå Eidfjord, mellom anna eit NRK-opptak frå 1960-talet med min tippoldefar, Franz Anderson Sæbø, som var veidemann og tarmreinsgjetar på Hardangervidda. I tillegg er det i nokre parti i verket med rauting og grynt frå reinsdyr, storlom, traner, i tillegg til kjenningsmelodien for alle som har gått på vidda – heiloen. Når eg tenkjer på Hardanger, tenkjer eg ikkje fyrst og fremst på fjorden, eplesider og bløming. Eg vil lenger opp. Det har nok med kvar eg vaks opp å gjera. For meg er Hardanger fjellet, fortel Maurseth.

Maurseth liker å vandre i fjellet sjølv.
– Det er eit anna nærvær. Eg merkar det særleg etter dag tre, om eg går over fleire dagar. Då skjer det eit eller anna, ein annan rytme, ei anna stille – og ikkje minst – ein er til stades. Eg hugsar alle detaljar på eit anna vis då. Eg søv betre, tenkjer betre, pustar betre.

– Eg elskar det. Men det er fyrst då eg skjønar kor lite til stades eg er elles i livet, som kan gjera ein noko vemodig. Men om eg då får møta musikarar som hjelper meg attende der, til det nærværet, så kjenner eg at eg vil berre vera der.

Hárr vert framført tre gonger, i tre ulike kyrkjer:
Onsdag 5. juni kl 18 i Eidfjord Gamle kyrkje
Torsdag 6. juni kl 21 i Odda kirke
Fredag 7. juni kl 16 i Kinsarvik kyrkje

Sjå heile festivalprogrammetHardanger Musikkfests heimesider.

Publisert:

Del: