Vossajazz har sluppet programmet. Av norske navn er det vel Mari Boine og Terje Rypdal som rager høyest på plakaten, ved siden av festivalkomponist Trygve Seim. Ellers frister vossingene med konstellasjoner som Tore Brunborg Trio, The Nathional Bank, Zanussi Five og Ingebrikt Håker Flåten Qintet, i tillegg til amerikanske travere som Bill Frisell, Lizz Wright og Benny Golson m.fl. Nedenfor kan du lese festivalens egen presentasjon av årets program.

Kjetil Møster - All Ears 2005

Fra 7. til 9. april er det igjen klart for Vossajazz. Festivalen offentliggjorde nylig sitt fullstendige program, sammen med en solid og begeistret artistpresentasjon som Ballade like godt bringer videre i sin helhet:

Det sensasjonelle samarbeidet mellom Mari Boine og Terje Rypdal opnar Vossa Jazz. Samarbeidet fekk me ein forsmak på i London like før jol. Det er grunn til å ha sterke forventningar! Dagen etter byr Trygve Seim på tingingsverket “Reiser”. Ein av jazzens og fusionmusikkens grad old men, Joe Zawinul og hans Zyndicate avsluttar konsertrekkja i Voss idrettshall. Festivalen tek i bruk Park Hotels nye storstove “Vossasalen” der ein vil kunne oppleva publikumsfavorittane Dance With A Stranger, The National Bank, Elektro Ompaniet og engelske Acoustic Ladyland. Bill Frisell Quartet, Dave Liebman i samarbeid med Steve Swallow og Adam Nussbaum, den nye jazzvokaldivaen Lizz Wright og tenorsakslegenden Benny Golson er alle klar for festivalen som går av stabelen i palmehelga 7. – 9. april.

Det velkledde orkesteret Finn-Erix byr på “Avbestillingsverk”. Dvs. folka bak kultprogrammet Radio Røynda byr inn til performance i spenningsfeltet mellom talkshow og stand up. Vossa Jazz har utfordra Eldbjørg til å ta tak i R&B-referansane i musikk sin og lage ein konsert utfrå det. Ho har lånt tittel frå Martin Luther King “(No, no we are) NOT SATISFIED”. Trommeslagar Terje Isungset og den franske cellisten Dedier Petit byr Carte Blanche opp til improvisasjonar. Bergen Big Band har sett seg føre å å gje storbandlitteraturen eit nytt kapitel vigd religiøs folkemusikk. Jan Magne Førde og Vidar Johansen er sett på arrangørjobben og vokalsolistar er Åsne Nordli, Monika Kolskår og Eirik Lohne Rongved.

Det har vore mykje virak rundt den unge norske saksofinisten Kjetil Møster. Vossa Jazz har bede han setja saman programmet til årets “Voss Open”. Møster serverer oss Sten Sandell Trio med den britiske saksofonisten John Butcher, Zanussi 5 og Ingebrigt Håker Flaten Quintet. Ein sterk miks av improvisasjon og raffinert energi. Seinare på kvelden får me gjenhøyr med nokre av musikarane frå Voss Open i den norske All Star-bandet Crimetime Orchestra. Jon Klette, Bugge Wesseltoft og Vidar Johansen tok initiativet til bandet i 2002 som ei hylling til nyss avlidne Bjørnar Andresen. Seinare kom CDen “Life Is A Beautiful Monster”. Det er ikkje ofte dette bandet samlast, men når dei gjer det er det ei musikalsk storhending.

Lanseringsprogrammet Jazzintro er klar for ein ny runde. 8 band er valt ut, og dei to som kjem til Voss er Eyewaterlillies og Elmer. Førstnemnde har med vokalisten Ingrid Lode kjend frå trioen Kobert. Elmer er også Trondheimsbasert og spelar spanande kammerjazz i ECM’sk ånd.

Bill Frisell er allereie nemnt. Denne gong vitjar gitaristen Fraktgodsen og festivalen med den såkalla 858-kvartetten. Bill Frisell – guitar og elektronikk, Hank Roberts – cello, Jenny Scheinman – violin og Eyvind Kang – bratsj spelar kammerjazz på sitt aller mest utfordrande. Jazzfolket har mange godbitar å sjå fram til. Den amerikanske tenorsakslegenden Benny Golson kjem attende til Vossa Jazz med eit stjernelag beståande av Randy Brecker og Eddie Henderson på trompet, pianist Mike LeDonne, bassist Buster Williams og trommeslagar Al Foster for å hylla trompetlegenden Clifford Brown. Stjernelag kan ein også trygt kalla trioen Dave Liebman, saks, Steve Swallow, bass og Adam Nussbaum, trommer. Dei spelar på Fraktgodsen laurdag.

Som sagt har Vossa Jazz utfordra Eldbjørg til å ta tak i R&B-referansane i sin musikk og lage ein konsert utfrå det. Rhythm&Blues- referansar? I min musikk? spurte Eldbjørg. Ring når du er klar svarte Lars Mossefinn i Vossa Jazz. Knappe to år seinare ringde Eldbjørg til Vossa Jazz og sa: “No er eg klar!” Berre slik at det er sagt – dette blir ikkje ein “Husker du?”-konsert. Kva me får servert? Den som møter opp får høyra og sjå. Som Eldbjørg seier: Noko nytt, noko gammalt, noko lånt og mykje blått- DET blir det iallfall. Raknes har med seg pianist Maria Kannegaard, gitarist og vokalist Nils Olav Johansen og trommeslagar Per Oddvar Johansen. I tillegg vokalistane Siri Gjære, Kjersti Huke og Jarle Bernhoft.

Bergen Big Band, Vestnorsk jazzsenter og Vossa Jazz har gått saman om eit prosjekt som skal skaffa til vege eit sett arrangement av religøs folkemusikk. Arrangementa skal nyttast til kyrkjekonserten på Vossa Jazz 2006 – sun dag 9. april.
Jan Magne Førde og Vidar Johansen deler arrangøroppgåva mellom seg, men vil få levert bidrag frå Reid Gilje og Svein Henrik Giske. Vokalistane som er invitert med er ‘veteranen’ Åsne Valland Nordli, ferskingane Monika Kolskår frå Granvin og Eirik Lohne Rongved frå Osterøy. Instudering vil gå føre seg i mars med ein intens prøveperiode i dagane før urpremiere. Bakgrunnen for initativet er behovet for nye musikalske utfordringar på dette feltet. Storband-litteraturen til kyrkjemusikalsk bruk er ikkje spesielt omfattande. BBB vil byggja vidare på dette initiativet. Vonleg kan dette med tida nyttast av fleire storband.

Det var laurdag før Palmesøndag. Den lange laurdagen. Dag to av Vossa Jazz.
— Blir du med på tingingsverket i kveld? spurde eg.
— Den dagen eg frivillig blir med på noko slikt, vil eg du skal skyta meg. Lov meg det, sa Ragnar.

Utdraget er henta frå romanen “Tyl” (Samlaget -2005), skriven av Halvor Folgerø og Finn Tokvam. Saman med Odd-Erik Lothe utgjer dei populærorkesteret Finn-Erix. Ved hjelp av fagott, stoveorgel og song har Finn-Erix gjort seg kjende på radio og tv gjennom kultprogrammet Radio Røynda.

Under årets Vossa Jazz stiller Finn-Erix med eit spesialkomponert “Avbestillingsverk”. Eit humoristisk og populærmusikalsk alternativ/supplement til det tradisjonelle Tingingsverket i Idrettshallen. Finn-Erix lovar hardtsvingande populærmusikk, jazz, element av tradisjonell basar og flotte littærere og musikalske gjester – Frode Grytten, Ragnar Hovland og Stian Carstensen. Dei vil elles spontant invitera med seg gjester som dei finn på festivalen. Kort sagt: Overraskingar i kø og topp underhaldning!

Engelske Acoustic Ladyland er i ferd med å skapa seg eit internasjonalt namn. Assosiasjonen til Hendrix er ikkje tilfeldig og fortel ein del om dette musikalske prosjektet. Uttrykket til Acoustic Ladyland er groovy og røft. Til å varma opp for AL stiller Vossa Jazz-yndlingane Elektro Ompaniet. Deira andre CD “Electromecanibalism” har fått fine kritikkar. Spanande låtmateriale og forrykande driv på scenen kjenneteiknar EO. Elles blir det ekstra spanande å møta vokalisten Ida Maria B Sivertsen. For å gjera fredagskvelden i Vossasalen komplett stiller stadig meir populære Datarock.

Badnajazzen blir stadig meir sentral på Vossa Jazz. I år er det duka for eit møte med suksessen frå fjorårets Festspel i Bergen “Fargespill” i tillegg samarbeider Vossa Jazz med ‘skulesekken’ på Voss om eit møte mellom Ivar Kolve trio, streetdance ensemblet Manoeuveres og eit knippe 5. klassingar frå Vossa-skulane. I tillegg blir det gateteater og ymse verkstader. Ivar Kolve trio vil ein få møta i ein eigen konsert seinare på sundagskvelden.

Vossa Jazz er også ein serie intimkonsertar. I Osasalen får me møta russiske Evelyn Petrova på trekkspel og vokal. Uttrykket hennar er intenst og virtuost. Ho tolkar folkemusikk—materiale på ein høgst original måte. Seinare på laurdagen skal me få møta ein av Noregs fremste og altfor lite påakta saksofonistar – Tore Brunborg. Han har med seg Anders Jormin på bass og Benita Hostrup på trommer. Etter manges meining stod denne trioen for det absolutte høgdepunktet på fjorårets Dølajazz.

Vossa Jazz vil presentera ein serie gitaristar. Fredag er det duka for CD-slepp og sleppe-konsert med Sonic Stories. Vossagitaristen Rune Mandlid har jobba i mange år saman med vokalisten Kari Bleivik. No er dei klare med debut-CD. Råmiksen gjev grunn til forventning!

Hallgeir Pedersen er ein virituos på gitaren. Stilistisk etablert i bop-tradisjonen går han ikkje av vegen for ta visittar innn i andre stilistiske landskap. Pedersen gjestar Vossa Jazz saman med den regulære trioen sin med Bjørn Alterhaug på bass og Trond Sverre Hansen på trommer. Mads Berven er også klar for Vossa Jazz med ny trio. Wes Montgomery er musikalsk leiestjerne. Berven har med Magne Thormodseter på bass og Kåre Opheim på trommer.

Nikolai Knudsen er gitarist i det danske kultbandet Ibrahim Electric. Ibrahim Electric er på kort tid blitt eit av dei mest populære banda på den danske klubbscenen. Dei har samarbeidd både med trombonisten Ray Anderson og saksofonistane Mikko Innanen og Kjetil Møster.

CD-aktuelle Ola Kvernberg trio vil ein kunna møta to kveldar på Café Stationen. Steinar Raknes, bass og Erik Nylander, trommer borgar for intens sving. Kanskje vil trioen få ein musikalsk gjest med på laget litt ut på kvelden.

Bjørn Klakegg, gitar, Harald Skullerud, trommer og Kåre Vestrheim, tangentinstrument leverte i fjor CDen ”A Day With No Plans At All”. Utan tvil ein av dei beste utgjevingane i jazzåret 2005. Musikken er eigenkomponert, melodisk, og det klanglege har stort fokus.

Belgia er vel knapt rockabillyens heimland. Likevel er kvartetten The Seatsniffers eit av dei artigaste og hardtsvingande banda i grenselandet mellom blues, r&b og rockabilly. Det er duka for eit møte med bandet på Fleischer’s fredag kveld.

Vossa Jazz har innleidd eit samarbeid med Vossamenyen. Laurdag vert det torgdag med fokus på lokal mattradisjon. Fleire serveringsstader vil tilby Vossameny. Det skal også nemnast at Vossa Jazz tjuvstartar torsdagen med konsert med Christina Bjordal Band. Ho er snart klar med den neste CDen sin. På Vossa Jazz har ho med seg pianisten Espen Eriksen, bassisten Ole Marius Sandberg og trommeslagar Harald Levang.

Fullstendig festivalprogram med spillesteder og -tider, finner du som alltid på Vossajazz sine hjemmesider.

Publisert:

Del: