Bergen Filharmoniske Orkester (Foto: Steve J. Sherman)

Avlyst turné

Bergen Filharmoniske Orkester skulle denne helga ha gjennomført to konsertar i Nord-Italia, men held fram finanskrisa som årsak til at turneen er avlyst.

Kalender

I desember fekk Bergen Filharmoniske Orkester beskjed om at Festival Pianistico Internazionale de Brescia et Bergamo ikkje lenger hadde økonomi til å la orkestret delta på festivalen deira.
Orkester hadde opphavleg to konsertar under festivalen, som skulle vore avvikla i Bergamo og Brescia førstkomande søndag og måndag.
— Eg reknar med at festivalen har mista ein eller fleire av sponsorane sine på grunn av finanskrisa, og at det difor vart umogleg for dei å gjennomføra heile programmet, seier informasjonssjef i BFO, Henning Målsnes til Ballade.
På programmet sto musikk av Wagner og Nielsen, samt Griegs klaverkonsert i a-moll med Håvard Gimse som solist. Konserten vart gjennomført i Bergen førre torsdag, medan orkestret denne helga turnerer i Sogn og Fjordane i staden for i Lombardia-regionen.
Vil det vera aktuelt for dykk å halda kontakt med festivalen i Italia?
— Vi kjem heilt sikkert til å kontakta festivalen også i framtida. Orkestret har vore der tidlegare, for mange år sidan, og vi meiner absolutt det er ein interessant festival å vera på, seier Målsnes.
Som legg til at dette heldigvis ikkje var den einaste turneen for orkestret denne sesongen.
— Rett før påske gjennomførte vi ein turné til England og Sverige. Den vart vellukka, og våren 2011 kjem nok ein omfattande turné. Då held vi i alt 11 konsertar, mellom anna i Göteborg, Berlin, Wien og München, seier Målsnes.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.