INNLEGG: Eit dynamisk langstrakt orkesterverk nesten stilleståande dynamisk kledd inn i styrkegradar som ppp og p. Stille og nedpå og meditativt.. Då blir det bråk. Ikkje i konsertsalen, men etterpå. Her i spaltene. Det er naturlova, skriv Nicholas H. Møllerhaug, som bestilte Geir Jenssens verk “Shhoctavoski “ til Borealis-festivalen.

Nicholas Møllerhaug 09

Eg var leiar for Borealis då festivalen i forfjor sendte inn Kulturråds-søknaden om stønad til “Shhoctavoski “ av Geir Jenssen aka Biosphere. Søknaden om bestillingsverket kom som ein av fleire bestillingsverk-søknadar. Alt som vanleg. Det ironiske er at me ikkje berre fekk støtte til Geir Jenssen sitt nye verk i denne runden men også til eit nytt verk av Torstein Aagaard-Nilsen.

Det sistnemnde verket blei urframførd av BIT20 Ensemblet kvelden før “Shhoctavoski“ blei urframførd i Grieghallen. Eg var personleg svært nøgd med båe verka – og tykkte det var strålande døme på kva to diametrale men pålitelege tonekunstnarar kan gje av andsverk på ein og same festival. Den same grunnideen har me hatt mange gonger under oppbygginga av Borealis. Og det har ofte klaffa. Pang.

Så eit par ord om betingingane for bestillingsverk. For at Borealis skal kunne bestille eit nytt verk må me ha med oss samarbeidspartnarane. I Aagaard-Nilsen sitt tilfelle måtte BIT20 gje sitt samtykke. Programkomiteen i BFO var svært positive til vårt forslag om Jenssen. Me var alle samde om at Biosphere ville skape ei fin dramaturgisk spaning i konserten. Med støtte frå programkomiteen i BFO sendte me inn bestillingsverksøknaden til Kulturrådet. Og så venta me i spaning på avgjerda i Kulturrådet. Utan deira støtte ville ikkje Jenssen sitt verk blitt noko av. Gleda var stor over at det faglege utvalet i Kulturrådet vurderte både Jenssen og Aagaard-Nilsen så positivt.

Prosessen bak det nye verket av Biosphere byrja så tidleg som i 2002. Då kom “Shenzhou” – plata som Jensen gav ut basert på samplingar av orkesterpartia i Debussy sitt meisterverk “La Mer”. Geir arbeidde naturlegvis slik han alltid hadde gjort – med ei formfornemming som har blitt hans varemerke. Ei fornemming av form ein også kunne oppleve i Grieghallen for nokre veker siden.

Då eg oktober same år arbeidde på Ultima – då Salvatore Sciarrino var festivalkomponist – fekk eg gleda av å møte Jenssen ei rekke gonger. Eg var tolk og assistent for Sciarrino desse vekene og var overalt der den italienske komponisten blei framførd. Eg skreiv også eit par tekstar om Sciarrino – bl.a. denne. Og der han blei framførd – der var også Jenssen. Han studerte og granska Sciarrino sin musikk nøye – og fann noko i dette universet han ikkje fann andre stadar: Mønster, stemningar, dynamikkar, historiske sitat og refereransar etc. Etter at me hadde diskutert sentrale Sciarrino-verk som Lohengrin, Perseo e Andromeda, Luci mie traditrici, Vanitas – blei eg overtydd om at Jenssen var langt meir på bølgelengd med Sciarrino enn mange andre her tillands. Og det kan ein ikkje oversjå.

Difor spurde eg han ved neste krossveg – på ei kafê i Tromsø vinteren 2003 (då Ny Musikk avhaldt landsmøte der) om han kunne tenke seg å “skrive” for orkester ein gong. Altså ikkje gå omvegen via lydspor frå andre innspelingar men jobbe direkte med orkesterets lyd. Han sa ja men var sterkt betenkt. Så gjekk det ei lang tid. Og lange økter med tvil. Me venta på den rette anledninga. I mellomtida studerte han Sciarrino og hans estetikk. Kombinert med ekstreme fjellekspedisjonar.

Og her kjem ein til det interessante ved problemstillinga Aagaard-Nilsen set. Estetikken. Om ein tek ein for-dummies-versjon av Sciarrino sin revolusjonære estetikk – som han har skrive om i boka “Le forme della Musica” – ligg denne i ein form for djupøkologi så mange nemner når dei snakkar om den italienske meisteren. Bilete som “den svakaste gnissinga frå føtene til ein trost”, “lyden av to isbrear som såvidt gnikker i einannan”, “lyden av gåsefjær ein vinterdag”. Sciarrino sin ekstreme tilnærming til det å spele svakt har gjort alle rasande. Musikarane rasande. Kritikarane rasande. Dirigentane rasande. Komponistkollegaene rasande. Kvifor skal ein sitje med eit stort orkester når dei ikkje får spele så sterkt som berre eit slikt orkester kan. Ei rekke av verdas framste utøvarar har øydelagd Sciarrino sin musikk i konsertsalane fordi dei les mf der det står ppp. Heldigvis finns det unnatak her men no er det ikkje dei me drøfter.

Då kan ein ikkje forvente anna når ein tonekunstnar med formfornemminga til Biosphere angriper orkesterpartituret med same tilnærming som Sciarrino: eit dynamisk langstrakt orkesterverk nesten stilleståande dynamisk kledd inn i styrkegradar som ppp og p. Stille og nedpå og meditativt. Då blir det bråk. Ikkje i konsertsalen, men etterpå. Her i spaltene. Det er naturlova. Berre spør Sciarrino. Som også er autodidakt.

Nicholas H. Møllerhaug – Programsjef Festspillene i Bergen. Festivalsjef i Borealis 2004-2008.

Publisert:

Del: