Arkiv

søk


For å utforske arkivet, velg årstall, nøkkelord, skribent eller kategori. (15630 artikkel)

Alle innlegg av Solveig Grødem Sandelson

Om kulturmeldinga: – Toler kulturlivet fri ferdsel?

Som et apropos til dagens kommunevalg, bringer Ballade her videre Solveig Grødem Sandelsons kommentar til kulturmeldingen, som ble lagt frem 29. august. – Det spørst om vi ikkje fekk den kulturmeldinga vi fortente, skriver hun, og anklager kulturlivet for å ha lagt seg på en svært så defensiv linje i forhold til Kulturmeldingen, der man for all del ikke måtte støte noen. – Det er viktig ikkje å vera kontroversiell. Det er viktig ikkje å bruka ord som kling kritisk, det er viktig å virka samlande. Sånn at heile kulturlivet kan opptre i samla flokk når dei må våga seg ut av sin eigen sfære, ironiserer Sandelson. – Norsk kulturliv har tradisjonelt sett på seg sjølv som ei samling skjøre planter. Ei samling det ikkje skal meir enn eit vindpust til for å blåsa livet ut av.

Stavanger Kammermusikkfestival: – Det motsatte av alminneleg

Den trettande internasjonale kammermusikkfestivalen i Stavanger er over. – Programmets mange innfallsvinklar gjer årets festival meir samtidig og relevant enn sine forgjengarar, skriv Solveig Grødem Sandelson i denne kommentaren. – Det svinga verkeleg av programmet i år, som det kanskje aldri før har gjort, i alle fall ikkje i dette hundreåret. Spennet er større, frå den heilt tidlege musikken til den heilt nye, frå moderne instrument til eldgamle, frå såkalt autentiske oppføringar, til røffe, uvørne, sterkt personlege. Slik klarer festivalen i år både å kommentera sine eigne røter, reflektera over tradisjonar og historie, opg halda fram både det nyaste og det kjæraste.

Trongen til å trivialisera

Før han lot Festspela klinga ut i Griegs a-mollkonsert, rakk pianisten Håkon Austbø også å leggja ut striper av støyfrie tankar for Ballade. Om konsertforma og kunsten, om det trivialiserte norske kultursynet og dei banaliserte, like norske media. Solveig Grødem Sandelson har intervjua årets a-mollpianist under Festspela I Bergen.

Forventningar og fordommar

Festspela er over. Med eit program som på sitt beste klarte å presentera musikk som ei direkte ytring, sprungen ut av ulike livsvilkår, visjonar og historier. I årets program synes det som om Festspelleiinga vel å la det ukjende presentera seg gjennom det som geografisk og kulturelt er oss framandt, heller enn gjennom det heilt uhøyrde, nyskapte. Det skal ikkje mye fantasi til for å sjå at her rører ein ved gamle sårflater. Norske kunstnarar både innanfor samtidsmusikken og folkemusikken kjenner seg faretrugande marginaliserte og oversette. Men for publikum er det ikkje etter skiljelinjer som ukjend og utanlandsk, eller nyskapt og norsk at Festspelprogrammet først og fremst viser sine svake og sterke trådar. Dei avteiknar seg langt tydelegare og ganske annleis dersom ein spør seg kva som klarer setja oss i bevegelse, klarer utfordra og forstyrra, skriv Ballades Solveig Grødem Sandelson.

– Det nødvendige i å vandra vidare

Mens Festspela enno syng mellom dei sju fjell, leitar aktørar, kritikarar og publikum etter møtestader, etter romma for det opne, utforskande og utvekslande. Der erfaringar kan bli prøvd ut, diskuterte og korrigerte. Ballades Solveig Grødem Sandelson fann fram til komponisten Knut Vaage, ein av dei utvalde norske samtidskomponistane som er representerte i årets program. – Festspela må fortsetja å vera ei drivkraft for å få ting til å skje, også i den nye kunstmusikken, seier han. – For å bruka direktørens eigne ord, døyr eit språk, skjer eit kulturtap.

Fartein Valen på Simax: – Alvorsfylte motstemmer

For første gong er Fartein Valens songar samla på ein CD. Innspelte på Simax med sopranen Siri Torjesen, pianist Håkon Austbø, Bergen Filharmoniske Orkester og dirigent Christian Eggen. Den historiske dokumentasjonsverdien synes innlysande, men utover det, kva er det ved Valens alvorsfylte verk som kan gi liv til prosjektet også i tanke, tekst og tone? Ballades Solveig Grødem Sandelson spurde initiativtakar Siri Torjesen.

Tou Scene – eit unorskt blikk på kulturlivet

Driftsselskapet Tou scene a/s er under etablering. Målsettinga er at Tou skal bli ein motor for utviklinga av dei skapande kunstmiljøa i regionen, gjennom kombinasjonen av eit publikumsretta program og produksjonsverksemd i huset. Martyn Reed er arrangementsleiar, og som stemme frå Stavangers friskaste tilskot på kulturarenaen, lar vi han få siste ordet i denne serien frå Stavangers kuturliv.

Nytt konserthus snobberi?

I den fasen konserthussaka i Stavanger er inne i, synes det umuleg å skilja to debattar. Den eine tar i bruk det ein kan kalla postmoderne omgrep, om urbanisering, regionalisering og nivellering, medan den andre synes å halda seg til meir modernistiske omgrep som elitekultur, snobbisme og stormannsgalskap. I dag ser vi nærare på nokre av innvendingane, som i stor grad held seg til sistnemnde termar.

Etablissementet

Akkurat nå, i Stavangers offentlege samtalar om kultur, kan det synast som om dei mest radikale visjonane og haldningane kjem frå dei som sit med makta – politisk så vel som administrativt. Har ein rett og slett eit nytenkjande etablissement i denne byen, eller er dette utslag av provinsiell stormannsgalskap, slik kritikse stemmer vil ha det til? I denne delen av Ballades serie om Stavangers kulturliv, er det etablissementet som får ordet.

Sterke kulturstemmer i Stavanger

Sist tysdag, 26.11.02, presenterte Stavanger sin ferdigskrivne kulturbysøknad. Søknaden om å få status som europeisk Kulturby i 2008 har breid støtte, politisk, administrativt og geografisk. Stavanger har sørgd for å innhenta støtte frå alle omkringliggjande kommunar og dei ti største byane i Norge. I Stavanger bystyre har bare RV og FrP gått imot. Ballade presenterer her dei viktigaste visjonane frå søknaden, og lar dei innleia ein artikkelserie om brytningar og haldningar i eit sannsynlegvis kraftig ekspanderande kulturliv – kulturlivet i Stavanger.

Dei magiske augneblinkas festival

– Den kreative samansetjinga av store musikarar er kunstnarisk leiar Truls Mørks store styrke, skriv Solveig Grødem Sandelson i si oppsummering av årets utgåve av Den Internasjonale Kammermusikkfestivalen i Stavanger. Ho meiner at festivalen i år nok mangla ei overbygning som kunne opna større rom for innsikt og refleksjon, men at det framleis er nok av grensesprengjande framføringar, dramatikk, gneistrande samspel – og magiske augneblink.

Forteljingar om det ugripelege – avrunding

I åtte bolkar har Ballade presentert utdrag frå hovudoppgåva “Forteljingar om det ugripelege –
kunstsyn og maktspel i diskursar om norsk samtidsmusikk og kulturpolitikk”. No presenterar vi avrundinga, komplett med liste over kjelder og referansar. Føljetongen avsluttas med ei forteljing som kan indikera korleis kunsten og kunstnarens rolle kan få innpass i diskursar utanfor den reint estetiske, samstundes som det ugripelege får rom nok til å kunna stadfesta sin eigen identitet.

Historier frå det utsondra

Ballade presenterar no nest siste del av føljetongen bygga på Solveig Grødem Sandelsons hovudoppgåve “Forteljingar om det ugripelege – kunstsyn og maktspel i diskursar om norsk samtidsmusikk og kulturpolitikk”. – I ein kultur der det overordna målet er å gi alle menneske like høve til å utfalda seg, blir det langt viktigare å framvisa opningane dette gir for likskap og fellesskap, enn opningar til å bryta ut av det.

Reaksjonar mot historiesynet i den estetiske modernismen

Den tvingande bindinga i modernismen si fordring om alltid å vera på høgde med det historiske nivået i materialet, knyttar til slutt det ugripelege einsidig til dette. Tanken om at kunsten må vera fri, blir igjen utslagsgivande for nye eller andre estetiske kriterier for dette overskridande aspektet, skriv Solveig Grødem Sandelson i denne nye bolken frå hennar hovudoppgåve “Forteljingar om det ugripelege”.

Historiesyn i ulike kunstsyn

I den fjerde delen av Ballades artikkelserie om kunstsyn i norsk samtidsmusikk og kulturpolitikk tar
Solveig Grødem Sandelson i dag for seg kva roller historiesynet synes å spela i ulike kunstsyn, i debattar om desse, og i språket om det ugripelege. Kapittelet er henta frå hovudoppgåva “Forteljingar om det ugripelege”.

På sporet av Fartein Valen og kjempen på Siljustøl

– Det er det at man finner fram til fellesnevneren som alt det andre kan gå opp i. At man samler seg om det store, det endelige – det evig universelle. Uten at jeg før har reflektert over det vil jeg vel ubevisst det samme som det som ligger bak De Forente Nasjoner og tanken om fellesstaten. Det er Fartein Valen som talar slik om formålet med sin kunst. Håpet om å nå fram til det evig universelle finn avspeglinga si i det moderne prosjektet, og kunstnaren som vil fram til dette, kan finna si avspegling både i det romantiske kunstnaridealet, og også i den estetiske modernismen si kunstnarrolle.