Arkiv

søk


For å utforske arkivet, velg årstall, nøkkelord, skribent eller kategori. (15642 artikkel)

Alle innlegg av Nicholas H. Møllerhaug

Fartein på ope hav

Målsetjinga med boka “Mennesket Fartein Valen” er å vise nye sider av komponisten. Og det får grandnevøen Fartein Valen-Sendstad til ein viss grad til – men kanskje ikkje slik han sjølv såg for seg.

Autodidakt i Grieghallen

INNLEGG: Eit dynamisk langstrakt orkesterverk nesten stilleståande dynamisk kledd inn i styrkegradar som ppp og p. Stille og nedpå og meditativt.. Då blir det bråk. Ikkje i konsertsalen, men etterpå. Her i spaltene. Det er naturlova, skriv Nicholas H. Møllerhaug, som bestilte Geir Jenssens verk “Shhoctavoski “ til Borealis-festivalen.

Borealis 2007: Tor Grønns stille musikkrevolusjon

Organist Tor Grønn har traktert orgelet i den kvitaste kyrkja i Bergen – Nykirken på Nordnes – i over førti år. Han har i denne perioden også vore ein av dei som har framførd mest nyskriven musikk i Bergen. Søndag 18. mars avsluttar han festivalen som ein del av eit større domkirke-program i følgje med cellisten Kartunnen og det amerikanske bandet Sunn O))). På programmet denne søndagen har han alt frå Maja Ratkje sin eigen brudlaupsmusikk til Hvoslef sitt romanske vannorgel.

Borealis 2007: Frå poesi til opera

– Tonespråket hennar reflekterar stjerner og draum. Ho komponerar store operaer og får verdas fremste forteljarar til å følgje hennar fløyte og tone. Festivalkomponist Kaija Saariaho har sida åttitalet arbeidd med å skape ein ny tone. Ho byrje å leita under bakken i Paris. Dette intervjuet med Kaija Saariaho er tredje artikkel Ballade presenterer i forbindelse med årets Borealisfestival i Bergen.

Borealis 2007: Vestlandets Vivaldi

Komponisten Ketil Hvoslef blei ein gong samanlikna med Vivaldi. Dette vil Borealis legge vekt på i år – med ein bukett framføringar som alle fortel det same: det er ikkje dumt å ha hatt nokre år med rytmer og rock i kofferten, skriv Nicholas H. Møllerhaug. – Det dansande og italienske er eit element Hvoslef kjenner seg igjen i. Han har stor forkjærleik for italiensk film og har ei rekke italienske filmklassikarar i videohylla heime ved Svartefjorden i Fana. Særleg har han blitt glad i den italienske komikaren Toto.

Borealis 2007: Alle saman reiser åleine

Luigi Nono-arkivet ligg i eit gamalt mellomalder-kloster på den venezianske øya Giudecca, ikkje langt frå staden der Nono budde mesteparten av livet. I det store spiserommet midt i klosteret – der nonnene tidlegare hadde fritid og måltid – ligg no biblioteket til Nono. Det er fylde med sjeldne og uvanleg vakre notemanuskript, bøker og brev. Og enka hans Nuria Schoenberg Nono er dagleg leiar.

Borealis 06: Sofistikert austarrikar og vindskeive argentinarar

– Fokuset under Borealis 2006 vil garantert bli splitta i to. Publikum blir nøydd til å navigere mellom ekstreme motpolar som kanskje står nærare einannan enn ein trur, seier Nicholas Møllergaug, som er kunstnerisk leiar for Borealisfestivalen i Bergen. – Ein utprega festivalkomponist frå Austarrike skal i nært samarbeid med Jon Fosse dele på merksemda saman med ein vindskeiv skrålande trioduo frå Argentina, meldar Møllerhaug. Borealis går av stabelen i veka 9. – 16. mars 2006.

Borealis: Navigasjonshistoria utanfor kartet

– Det å sjå for seg ein stad, liknar litt på det å høyre ein lyd eller to inni seg. Det seier iallfall dei som har prøvd begge delar. Folk som sit fengsla og ikkje får lov til å reise fritt, drøymer ofte om å få reise kor dei vil. Difor reiser dei inni seg. Mest heile verda er oppdaga no, og så og seie alle geografiske flekkar er registrerte. Allikevel kan ein reise inni seg, høyre ‘nye’ lydar eller melodiar – inni seg, skriv kunstnarisk leiar for Borealisfestivalen Nicholas Møllerhaug i programmet til festivalen som vart lagt fram fredag.

– Kor er kvalitetssikringa, John Persen?

John Persens brev til Ultimas medlemsorganisasjoner har vakt betydelig oppsikt, og har også avstedkommet mye debatt. Her har Janne S. Dahl og Nicholas H. Møllerhaug, henholdsvis daglig leder i PNEK og kunstnerisk leder for Borealis-festivalen, blitt fristet til å gripe til pennen. De mener at John Persens utspill mangler den kvalitetssikringen han selv etterlyser fra Ultimas side, men utrykker også håp om at den videre debatten om Ultima og BIT20 “blir gjennomførd på ein måte som er verdig for alle partar”.

Buss-stereo

Det mest usynlege i Magma-programmet var kanskje det mest geniale. Eit enkelt initiativ frå mellom andre professor Ivar Frounberg på Musikkhøyskolen: Ein skikkeleg buss-tur gjennom heile norden kor komposisjonstudentar langs vegen mot Berlin blei tekne med. Idag er dei på veg heim igjen, skriv Nicholas H. Møllerhaug i denne avsluttande Magma-rapporten frå Berlin.

Asheim fantastisk – Marhaug sabotert

Ein kyrkjekonsert kan nemleg vere kjipe greier, musikalsk og dramaturgisk sett. Det kjekkaste med orgelkonsertar er at det er som å sitje i ein buss kor setene står feil veg. Særleg når Nils Henrik Asheim er friimpro-organist og Knut Nystedt er passasjer – som laurdag ettermiddag under Magma i Berlin. Bomturen kom diverre om kvelden. Då blei Noisekongen vår Lasse Marhaug framførd på dansagalla-premiss. Nedafor følgjer nest siste Magmarapport frå Berlin – ved Nicholas Møllerhaug.

Det nye Titano: Trekkspelvreng og Kletzmer

– Igår fekk endeleg Berlin rope ut under Magmafestivalen. Poing spelte nemleg konsert. Og eit indarleg berlinsk potpurri blei avsluttande ekstranummer – då med ein av dei mest symbolmetta musikkformene med på spelet. Denne meldinga kjem frå Nicholas H. Møllerhaug – Ballades utsendte i Berlin under Magmafestivalen.

Morse: Dekoding og avlytting

To-tre steinkast frå stadane Magmafestivalen er ei anna tysk soge manifestert. Ordet arkeologi får faktisk ein rar og samtidshistorisk klang her : Gestapo hadde sitt hovudkvarter her i det tredje riket. Og no ligg ruinane nyutgravne og opne for publikum – som eit object of terror. Herfrå vart okkupasjonsråskapen i Noreg også dirigert – m.a. ved hjelp av morse.

Valen i Berlin – ein mental referanse

Femti år etter at han døydde i Valevåg har ein spelt eit betydeleg orkesterverk av Fartein Valen i hans andelege heimby. Det var i Berlin han tok sjølve steget inn i snuoperasjonen frå tonalitet til atonalitet. Der studerte han i fleire år og byen forblei heile livet også ein mental referanse.” Ballades mann Nicholas H. Møllerhaug rapporterar på ny frå Magmafestivalen i Berlin.

Kammerteknikk med Cikadakvartetten

– I går var det på ny duka for konsert med Cikada Chamber – og endå fleire kjende si besøkelsestid enn i løpet av helga. Kanskje hypen med kronprinsen hadde ein funksjon, slik eg sjølv ymta om i mi gårsdagsmelding. Dette er Magmamelding nr 3 frå Nicholas Møllerhaug – ballade.no sin utsendte i den tyske hovudstaden.

Ballongar og disige avenyar

Mørket og tåka prega Berlin under opningen av Magma – i seg sjølv eit fint syn, med lange disige avenyar kring konserthuset. Dagslyset dagen derpå fekk fram den spesielle konturen kring festivalen. Dette området er nemleg ein arkitektonisk galla – med digre avenyar som gjorde til og med Føraren glad. Heldigvis er dèt lenge sidan. No har me på ny ei tid kor Noreg kan ha same høve til Berlin som før nazihelvetet – då alskens kunstnarar berre måtte hit. På Magmadag nummer to stilte mellom andre ballongens svar på Ole Bull opp . Då framførde Rolf Wallin nemleg sitt legendariske stykke for raud ballong – og det varma alle norske hjarte i Berlinerfilharmonien.