BAL DESIGN JOBBER bred nøytrale november

Magnar Sundt (1955 -2010)

Mangeårig dagleg leiar i Landslaget for Spelemenn, Magnar Sundt, døydde brått og uventa heime den 27. januar.

Kalender

Den kaldaste og vakraste vinteren i manns minne. Vinter var den årstida Magnar Sundt sette mest pris på. Vi trur at dette var den siste opplevinga hans; ein skitur – eit krafttak – i gnistrande snø, før han sovna inn i heimen sin. Magnar Sundt døydde onsdag 27.januar, knapt femtifem år gammal. Ein bauta i norsk folkemusikkmiljø er borte.
Den eine dagen i full vigør med planlegging av årets store folkemusikkfestivalar. Den neste dagen borte. Vi står fattigare att.
Magnar Sundt var Landslaget for Spelemenn sin administrasjon personleg frå 1984 og fram til samanslutninga med Norsk Folkemusikk- og Danselag i fjor, med unntak av 4 år i Krødsherad kommune. Han bygde opp administrasjonen frå ein stilling til dei ni som vi no har i ein samla Folkemusikk og folkedansorganisasjon. Han jobba saman med andre musikk- og kulturorganisasjonar og deltok i nordisk samarbeid.
Organisasjonen utvikla seg til ein viktig kulturpolitisk aktør i Magnar Sundt si tid.
Han var mannen som aldri framheva seg sjølv, men som alltid var der for oss – med kunnskapen, kompetansen og tryggleiken sin. Dansar var han, med pols i Brekkentradisjon – og felespelar, i Østerdølenes spelemannslag. Men først og fremst var han for oss mannen med sikker kunnskap om tradisjonen, organisasjonen; folkemusikksoga og heile folkemusikk-Noreg.
Han la ned ein enorm innsats i jobben sin. Han var ein markert leiar, sjølv om han ikkje var den som likte å stikke seg fram. Magnar Sundt var ærleg mot seg sjølv og andre. Han hadde sin sikre, stillfarne stil. Han var ein sann ven. Han kom alltid med gode og gjennomtenkte råd.
Arbeidsplassen til Magnar Sundt står tom. Der brenn eit ljos, der er kvite blomar – og på oppslagstavla heng Olav H. Hauge sitt dikt «Kvardag». Minna om Magnar Sundt skal vere med oss i kvardag, og i fest – i takksemd for alt han var for oss. Tankane våre går til nær familie og vener.
«Dei store stormane har du attum deg. Då spurde du ikkje kvi du var til, kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk, du berre var i stormen, var i elden.»
Nils Øyvind Bergset og Randi Skeie
Denne teksten er publisert etter tillatelse fra Folkemusikk.no.
Gravferd og minnestund
Gravferda blir fra Brekken kirke på Røros torsdag 11. februar kl. 11.00 med minnesamvær i Feragen samfunnshus etter gravferda.
Det vert óg ei minnestund på Riksscenen i Oslo tirsdag 9. februar kl. 18.00.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.