I helga gjekk Bergen over til å vere ordinær by att. Dei femtiande festspillene er over – iallefall på papiret og agendaen til Jònsdottir. I år har Festspillene verkeleg lagt solide spor etter seg. To høgdepunkt i avslutningshelga: astronauteksistensialisme med Robert Lepage – og Asian Dub Foundation.

La Face Cachée de Lune

Av Nicholas H. Møllerhaug, Bergen

Dei sistnemnde gav konsert i Grieghallen på laurdag. Omgrepet konsert kan foressten diskuterast i denne samanhengen. Det londonbaserte kultbandet kom nemleg til Bergen for å spele eit soundtrak. Dei spelte verkeleg fletta av både publikum og også filmen til ein viss grad. Sjølv om den sterke og provokative franske filmen ‘Skammen’ snurra over engelskmennene var den intense groovy musikken hovudfokus. Det var den som fekk det til å ta av – og som fekk mest av merksemda. Ein tiåring ved sidan av meg sa etter forestillinga:

— Såg du den gitaren? Steikje, eg vil gå fram etterpå! Trur du eg får prøve gitaren? Oj! Så gøyt! Problemet var at eg ikkje visste kva eg skulle sjå på. Musikken, filmen eller musikarane? Eg såg mest på musikken og musikarane. Dritkuult!

Festspillene såg nok dette arrangementet verkeleg som gambling. Eit heftig eksperimentelt og sikkert lite billeg kultband blei invitert til festspillene. Det er ikkje akkurat slikt kjernepublikummet deira går på – dei går på Leif Ove-konsertar. Ved hjelp av andre kommunikasjonsformer: plakatar og løpesedlar nådde dei gode nyhenda fram. Oppi tusentalet tok turen til Grieghallen laurdag kveld. Eit tital av desse var ekstra godt førebudd. Asian Dub Foundation hadde eit nokre dagar i førevegen hatt workshop. Eit knippe heldige ungdomar på ein ungdomsklubb i sentrum vart plukka ut. Fleire av desse framførde heftig rap i foajeen til Grieghallen – ein super introduksjon til trekkplasteret inne i storsalen.

Fredag kveld fann den største festspillopplevinga stad – for min eigen del. Det usedvanlege teaterstykket ‘Far Side of The Moon’ av Robert Lepage gjekk rett inn. Det skjedde i Teatergarasjen. Musikalsk suverent – med musikk av Laurie Anderson. Meisterleg skodespel-to heile timar med monolog framførd av skodespelaren Yves Jacques på scenen. Eit teknisk menasjeri ein kan leite veldig lenge etter.

Teaterstykket handlar om eit rivaliserande brødrepar. Eit forhold gjenspegla i kappløpet i verdsrommet – mellom USA og USSR. Den eine broren er mislukka filosof. Han er dødsinteressert i russisk kosmonauthistorikk. Den andre er vermann på ‘The Weather Channel’. Han er den som er rik og berømd. Rundt den mislukka blir alle daglegdagse detaljar ved enkle grep gjort om til sofistikerte verdsromting. T.d.byrjinga av skodespelet då den mislukka broren legg vask i vaskemaskina. Han drøymer seg bort – og vaskemaskina blir opninga på ein romkapsel. Han hoppar til slutt inn i vaskemaskina og fyk ut. I heile skodespelet speler videoanimerte effektar ei viktig rolle. Her fungerar videoprojeksjon til dei grader og ikkje minst klart i samspel med skodespelaren. I saman fortel dei om dei menneskelege lodda i livet. Om dei ufattelege dimensjonane på verdsrommet. Sjalusien mellom brørne er veldig identisk med den rivaliserande sjalusien mellom USSR og USA. Akkompagnert av innadvent ambient med Fru Reed sitt stempel. Dette kan ein leve lenge på i ettertid. Nettopp på den måten fortset Festspillene å spele ei rolle også etter at arrangementet er ferdig. Publikum, iallefall eg, har fått eit ypparleg knippe inntrykk å tygge vidare på.

Publisert:

Del: