Åshild Vetrhus frå Suldal i Rogaland vart vald til ny leiar i NFD på årsmøtet 1. april. – Eg ønskjer å bidra til at NFD vert ein opnare organisasjon, men ei samanslåing av organisasjonane er ikkje aktuelt, seier Vetrhus.

Åshild Vetrhus, 2006

Det er ein profilert utøvande folkemusikar som no har tatt på seg leiarvervet i Norsk Folkemusikk- og Danselag. Åshild er vokalist i trioen Tindra (www.tindratrio.com) som er plateaktuelle i mai.

I 2000 – 2004 studerte ho musikkpedagogikk ved Norges Musikkhøgskole med fordjuping i folkesong. Åshild har mellom anna vigd mykje tid til liksongane i Suldal og songar etter liksongaren Per Vetrhus, men også andre kjelder pregar repertoaret hennar sterkt, slik som dei religiøse folketonane etter Bertha Rafdal eller dei sorgmuntre små visene frå Bjerkreim.

Elles er Håkon Høgemo og Tove P. Dalbakk nye i styret. Håkon Høgemo er blant dei fremste hardingfelespelarane i landet, han har fått spellemannsprisen to gonger, og treng neppe ein nærmare presentasjon. Tove P. Dalbakk er felespelar og cellist frå Rendalen i Østerdalen. Ho er rektor ved kulturskulen i Rendalen, og ho har ei rekkje oppdrag i tillegg som medlem i gruppa Majorstuen.

Jan Petter Blom er ny som vara i styret. Han er fødd i 1927 på Rjukan i Tinn, og er i dag Professor emeritus ved Universitetet i Bergen. Blom var aktivt med og etablerte folkemusikkstudioet i Rauland, folkemusikkvitenskap i Bergen og folkemusikkstudiet ved Ole Bull Akademiet på Voss, der han også har forelest. Han har også vore med på fullføringa av Hardingfeleverket; sju bind med hardingfeleslåttar.

2. varaperson i styret, Håkon Dregelid frå Voss, er blant dei fremste folkedansarane i landet, med ei rekkje topplasseringar på landskappleiken. Ola K Berge slutta i Norsk folkemusikkformidling ved nyttår, men han har no tatt plass i styret som 3. vara.

Etter årsmøtet spela Tore Bolstad, Britt Pernille Frøholm, Anne Hytta og Vidar Skrede til dans.

Eit større intervju med den nye leiaren, Åshild Vetrhus, kjem snart på heimesidene til nfd.no.

Publisert:

Del: