INTERVJU: Arve Henriksen har give ut si fjerde soloplate, eitt år etter sitt førre soloalbum, ”Strjon”. Der trompetisten i sistnemnde kasta blikket attende på sine vest-norske røter, har han på herverande plate freista kartleggja det musikalske landskap der han befinn seg i dag. – Eg har blitt eldre, har gitt meg sjølv lov til å vere meir nostalgisk. Musikken kan vere topografisk – på fleire vis. Kanskje viser den opp- og nedturar som ein har hatt? seier Henriksen i dette intervjuet.

Arve Henriksen stort/Foto: Oliver Heisch

Av Ida Habbestad

Jan Bang og Erik Honoré er namna Henriksen aller først nemner i omtalen av si nye plate. Produsentduoen har vore avgjerande i utforminga, fortel trompetisten, og viser til ei lang rekkje enkeltutøvarar og arrangørar som alle yter sitt.

Men tittelen ”Cartography” er det David Sylvian – engelsk vokalist, musikar, komponist og for mange kultfigur – som har satt. Sylvian har dessutan bidratt med titlar på enkeltspor og med framføringar av to eigne tekstar på plata.

Dette tekstmaterialet medfører ei djupne som ikkje utan vidare er lett tilgjengeleg, meiner trompetisten, og karakteriserer dei som vakre, abstrakte bilete – som nettopp forsterkar det ikkje-konkrete uttrykket i musikken. Vidare fortel Henriksen at han meiner Sylvian gjennom tekstane har gjeve plata den presise, overordna samanheng som han søkjer for alle sine soloplater.

– Eg ynskjer med tittelen å setje albumet inn i ein bestemt samanheng. Der har vore ein tematikk for kvar av platene mine; det japansk-inspirerte i førsteplata, filmmusikken i den andre. Den førre plata, ”Strjon” handla om fortid og røter.

– Kartografi-plata har òg ein slik samanheng. Det er snakk om å teikne kart, og plata er spelt inn på ulike stader. Endå viktigare er kanskje at den gjev ei oversikt over kva eg står for som utøvar i dag. Eg har blitt eldre, har gitt meg sjølv lov til å vere meir nostalgisk, ettertenksam. Musikken er plassert inn i eit kartlandskap, som òg kan vere topografisk – på fleire vis. Kanskje viser den opp- og nedturar som ein har hatt?

Å finne kva ein står for i augneblikket

I ”Strjon” fokuserte Henriksen mot fortida, gjennom utforsking av opptak i gamle, utdaterte format, på leiting etter årsaker bak hans eige uttrykk. I ”Cartography” freistar Henriksen sjå framover i tid, gje ein indikasjon på utviklinga vidare.

På eit vis er dei dermed diametrale motsetnader, men med posisjoneringa, skisseringa av eigen musikalsk verksemd, som felles utgangspunkt.

— ”Strjon” var ei plate eg kunne dedikere til foreldra mine, og kanskje påverknadene gjennom oppveksten. Eg ville innrømme at eg er påvirka av fjell og natur og vidde, det var ei slags kartleggjng av minner. ”Cartography” er meir ei kartleggjing over det eg faktisk held på med no. Kan hende handlar kvar einaste plate om ei slik form for kartleggjing – om å finne fram til det ein kan stå for i augneblikket, seier Henriksen.

Som gjerne medgjev at det med kortare intervall mellom platene oppstår enkelte utfordringar.

– Det kunne jo kanskje vore slik at det kom forstyrringar mellom dei to platene når dei er så nære kvarandre. Eg har nok òg hatt materiale som eg har vore usikker på kvar har høyrt heime, seier han.

– Men det viktige er å ha gode produsentar, som veit kva vi skal gjere i det enkelte prosjektet. Og det har eg hatt, i Helge Sten på ”Strjon” og Erik og Jan her. Frå den førre plata til no er der stor skilnad. Sjølv om dei dels har vore arbeidd med parallelt, føler eg at avstanden mellom dei er større enn eitt år i tid.

Og dette som du no ynskjer ta med vidare – kva aspekt er det?

– Jo, ”Cartography” har ein del orkestrale parti. Kanskje vil eg ta det endå lenger – og særleg jobbe meir med strykarar framover. I fjor skreiv komponisten Helge Sunde, som òg er frå Stryn, nokre Fartein Valen-aktige arrangement for strykarar, ut frå nokre lydlege skisser han fekk av meg. Det vart framført på Fartein Valen-festivalen, med kammerorkesteret i Haugesund og Nils Økland. Slike prosjekt fristar!

– Så likar eg òg dette lydbildet, som eg ikkje har arbeidd så mykje med før. Sampling er jo brukt gjennom dei 10-15 siste åra, men måten Jan – som kanskje eigentleg er den som hadde idéen til denne plata – jobbar på, er spesiell. Han har laga eit moderne lydbilde som eg gjerne vil ta vidare.

Improvisasjonsglød

Trompetisten berettar om ei nærast uendeleg rad av inspirasjonskjelder innanfor ein stor fauna av uttrykk. Alt frå jazz til visesong, ulike populære uttrykk, samarbeid med komponistar av samtidsmusikk og meir. Enkeltpersonar som har farga han, band som har vore med å meisla ut ein stil. Alle musikarane han har fått lov til å spela med har og vore med å påverka og farga han til å bli den han er, seier han.

Kva er så hans måte å arbeida på?

– Eg improviserer for det meste. Gjer gjerne opptak av improvisasjonar, høyrer på dei, for å leite etter om der var ein kime til noko i det eg nettopp gjorde. Kanskje var heile stykket akseptabelt som ein form? Så tek eg utgangspunkt derifrå – og det er kort sagt det heile, svarer Henriksen.

– Det kan hende at dette for enkelte blir sett som ein lettvint måte å skape musikk på. Men ein må vere klar over at dette arbeidet krev tid – som dei fleste andre måtar folk komponerer på. Det kan vel vere slik òg, at den såkalla “frie” improvisajonen faktisk kan leggje grunnlag for musikk som konvensjonelle komponistar med blyant og papir ikkje klarer å skape. Eg meiner nok at det er uviktig korleis musikar og komponistar komponerer. Diskusjonen er spanande, men ytringar om at nokon skal sjåast som viktigare, med ein rettare måte å framskape musikk på enn andre, provoserar meg.

Kunnskapen om orkestrering skulle han gjerne hatt meir tid til å forske i, for der ligg det mykje inspirasjon og ventar, meiner Henriksen, som understrekar at også dette området godt kan møtast gjennom improvisasjon i ulike settingar.

– Gjennom improvisasjonsgløden som eg har fått vere med på, i samarbeidet med utøvarar som til dømes Karl Seglem, Terje Isungset, Christian Wallumrød, Supersilent, Food – alle banda som eg har vore og er ein del av – har eg forstått at improvisasjon ligg til min natur. Eg likar leiken, kjenner meg heime mellom desse folka som aller helst berre vil leike, forske, ikkje vere ambisiøse – samtidig som vi sjølvsagt òg strebar etter kvalitet. Det er denne blandinga, av å ynskje at noko skal vere bra, samstundes som ein er avslappa – gjev seg hen til improvisasjonen for å sjå kva den medfører – som er drivkrafta.

Vil vera konsis med språk…

Dersom underteikna skulle skildra ”Cartography” med eitt ord, trur eg det måtte vera at innspelinga er forteljande. Kanskje grunna dei tekstlege innslaga og Sylvian sine mellomtitlar – som, slik du seier, er abstrakte, men som òg er sterkt assosiasjonsgjevande – gjennom ”The Unremarkable Child”, til dømes, eller ein tittel som ”Famines Ghost”.

Berettinga finn eg òg meir overordna musikalsk. Er dette ei skildring du kan kjenna deg att i?

– Det kan eg, og eg er glad du seier det. For sjølv om alle dei tre andre soloplatene mine har hatt sine eigne emne, er trompetspelet for meg denne gongen meir forteljar av ei historie. Vi har arbeidd mykje med å skjære vekk unødvendige fraser, transportetappar frå ein del til ein annan. Det er igjen Jan og Erik som skal ha mykje av æra for at vi har kunna arbeide mot eit meir slikt konsist forteljarspråk. Og så hjelper det sjølvsagt å ha eit tekstleg innslag. David sine ting er langt frå mi historie, men eg kan likevel relatera tekstane hans til meg sjølv. Dei gjev ei eiga retning.

Mot eit strammare uttrykk?

– Ja, og dette med å prøve å bli meir tydelig, å vere konsis med språk, er noko eg alltid har hatt lyst til, og kanskje endå meir etterkvart som tida går. Jon Balke snakka av og til om det då vi jobba i lag i Magnetic North og tidvis i Batagraf, at det å tynne ut, å fjerne noko ofte er meir viktig enn å legge til. Det er ein kamp: Eg kjenner at eg alltid vil legge til og legge til, men det viktige er altså å tynne ut.

… og samstundes gje seg hen

Det kan kanskje sjåast paradoksalt å arbeida med improvisasjon og samstundes vera konsis, som du seier?

– Jo, og det er klart det ikkje skal bli for sterkt vekta, heller. Brian Eno snakka, under Punktfestivalen, om at ein skal ha ein viss kontroll, men at ein òg må gje seg hen. Det er flott å høyre ein mann som er passert 60 år uttrykke det, at det er viktig å gje seg hen. Han sa at han synest det er trist for dagens studentar at dei nesten må skrive eit essay for å grunngje kva dei driv med. Utdanningsinstitusjonen er så opptekne av karakterar, alt frå grunnskulen. Ein må heile tida argumentere, forsvare kva ein står for, istaden for altså å leike, utforske – berre sjå kva musikken byd på.

Når me først er inne på slike, meir ”politiske” emne, vert Henriksen engasjert – og nemner at han gjerne kunne ynskt at ”folka med politisk mandat som den siste tida har fokusert på at kultur skal vere idealistisk, kunne få augo opp for kva kulturen faktisk er verd”.

– Det er klart at kunst er idealistisk, seier han.

– Det er ei kraft som ligg i den i utgangspunktet, men den som berre er idealist og aldri får noko att for det, vert snart utbrend. Sjølv lærte eg å spele i korps i lokalmiljøet og har fått erfare at mykje av idealismen har si levetid hjå enkeltpersonar. Eg trur der finst mange eksemplar på, særleg i lokalmiljøa, at reint idealistiske miljø er ytterst sårbare.

Så grunnlaget for di verksemd som musikar var gjennom oppveksten avhengig av drivkrefter som ikkje berre var idealistar, men òg profesjonelle?

– Ja, som dei sprudlande menna i Brass Bros. Mellom mykje anna som inspirerer meg, er nettopp blandinga mellom idealismen og profesjonaliteten dei står for. Dei har alltid hatt eit idealistisk bakteppe – men dei har lukkast disponere energien sin så dei har kunna arbeide for det dei trur på lenge. Eg møtte dei først i 1980 og dei held stadig på. Det står respekt av det!

For i det store og heile, meiner Henriksen at mykje av hans musikalske verksemd kan oppsummerast gjennom dette – at samfunnet treng uttrykk som utfordrar, både intellektet og kjenslene.

– Eg trur eit synspunkt om at musikken skal lønne seg eller berre vere basert på det idealistiske har samanheng med at menneska som ytrar dei har fornekta store deler av sitt kjensleliv. Det er lettvint å styre samfunnet i ei retning der ein ikkje treng gå i djupna. Det kostar å kjenne etter, og tore å sjå at ein er sårbar som menneske, seier han.

– Men eg meiner vi treng ei slik form for erkjenning. Alt skal ikkje vere lettvint.

Publisert:

Del: