Det er dagen før det heile startar for alvor på Førde-festivalen. Artistar frå alle verdshjørne vil vere på plass i festivalbyen i løpet av dagen og kvelden. På alle arenaer blir det rigga og sjaua for at alt skal bli klappa og klart til opninga torsdag kveld.

Unni Løvlid

Enkelte av artistane er alt godt i gang i Førde. Seks unge talentmusikarar, tre av dei frå Kina og tre av dei frå Mali, saman med tre unge Førde-musikarar har jobba intenst sidan måndag. På Sunnfjord folkehøgskule er festivalen sitt talentprosjekt i full sving under leiing av Tellef Kvifte og Unni Løvlid. Talenta, som møttest for første gong måndag, skal ha fleire konsertar under festivalen.

På scena i kinosalan er det prøver på danseframsyninga “Den som rulla’ ette’ golvé”, som har premiere fredag kveld. Martin Myhr og Hæge Manheim dreg i spakane og tolv av landets beste dansarar og folkemusikarar legg seg i selen for å presentere historia om den norske bygdedansen på ein ny måte i dette ganske stuntaktige prosjektet i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater.

Dei heldige som har fått plass på tangokursa får sleppe til i morgon ettermiddag, og har nok alt funne fram danseskoa. Dei fleste andre kursa startar også i morgon. Forventningane til festivaldagane er til å ta og føle på blant publikum, artistar, festivalleiinga og dei mange hundre frivillege som jobbar i kulissane under heile festivalen.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er Norges største fleirkulturelle musikkarrangement. Festivalen er i år vertskap for the 24. EBU festival for folk & traditional music. 240 artistar frå 25 land og 4 verdsdelar er engasjert til årets festival som byr på fleire artistgrupper og fleire konsertar enn nokon gong. Over 80 store og små programpunkt går av stabelen dei fire hektiske festivaldagane første helga i juli.

Publisert:

Del: