Randi Skei vart attvald som styreleiar da Landslaget for Spelemenn heldt årsmøtet sitt i helga. Randi går dermed på sitt 3. år som folkemusikkens førstedame, fortel dageleg leiar Magnar Sundt. Saman med seg i styret har ho Jan H Lislien, Frode Rolandsgard, Jorun Marie R Kvernberg og Solbjørg Tveiten. – Dette er eit styre med ei fin blanding av rutine, ungdommeleg fornying og allsidig kompetanse, meiner LfS.

Landslaget for Spelemenn - åpningsbilde

Av Magnar Sundt, dagleg leiar, Landslaget for Spelemenn

Årsmøtet vedtok eit omfattande arbeidsprogram med store og ambisiøse prosjekt i fokus. Frå dette programmet saksar vi nokre enkelttiltak:

Folkemusikkscena vart etablert i 2000, og er eit formidlingstiltak som no har komesvært godt i gang. Det vellykka tiltaket vil ein vidareutvikle til eit profesjonelt nettverk og oppdragsgjevar for norske folkemusikkartistar.

Folke:larm er arbeidstittelen på ei stor formidlings-, presentasjons- og salsmesse som skal gjennomførast første gongen hausten 2005. Dette skal bli ein brei og viktig møteplass for folkemusikkartistar, distributørar, utgjevarar, arrangørar og andre som vil sikre seg folkemusikarar på den kulturelle menyen.

LfS vil også arbeide for å etablere ein eigen folkemusikkpris der denne prisutdelinga skal skje på folke:larm.

Sjokoladekappleik er tittelen på ei spennande barne- og ungdomssatsing. Det har vore arrangert sjokoladekappleikar i fleire år på enkelte plassar i landet, og LfS vil no gjere dette til ei landsomfattande satsing. Vi skal utvikle og legge grunnlaget for konseptet som skal starte i 2005. På sjokoladekappleiken skal i prinsippet ungdommen sjølv stå for alle gjeremål, både på arrangør- og utøvarsida.

Landskappleiken / Landsfestivalen er godt etablerte arrangement , men som likevel treng fornying og vidareutvikling. Ein vil gjennom ymse grep styrke arrangementa reint teknisk. Vidare skal det bli enda meir attraktivt å vinne tevlingane – i den forstand at LfS vil jobbe for å sikre vinnarane nye oppdrag gjennom heile året nettopp som vinnarar. LfS vil ta i bruk tittelen Noregsmeister på vinnarane.

Oslo 8. november, 2004
Vennleg helsing
Landslaget for Spelemenn

Publisert:

Del: