Osland er utnemnd til styreleiarvervet av Sogn og Fjordane Fylkeskommune for ein periode på to år

Arne Osland, utviklingsdirektør ved UWC Red Cross Nordic i Flekke, er utnemnd til styreleiar for Førdefestivalen.

Arne Osland er utnemnd til ny styreleiar for Førdefestivalen frå 2019. Osland er utviklingsdirektør ved UWC Red Cross Nordic i Flekke, og er utnemnd til styreleiarvervet av Sogn og Fjordane Fylkeskommune for ein periode på 2 år. Arne Osland tek over etter Tone Winje. Ho går av etter eige ønskje.

Arne Osland ser i følge ei pressemelding fram til å ta fatt på vervet som styreleiar for Førdefestivalen og leie festivalen inn i ein ny fase med den nye direktøren, Per Idar Almås, som byrja 1. oktober i år.

– Oppgåva blir å vidareutvikle profilen som har vorte skapt dei åra Hilde Bjørkum har vore direktør, seier Osland i meldinga.

Han finn det ifølge meldinga særleg motiverande at festivalen er ein møteplass for lokale musikkuttrykk, med heile verda som horisont. På det området kjenner han at erfaringa frå UWC kjem til sin rett.

– Akkurat som Førdefestivalen, er vi i UWC opptekne av å finne fram til og dyrke kvalitet som ikkje er bunde av kommersielle omsyn.

– Festivalen løftar fram musikalske skattar på folkemusikken sine eigne vilkår, og folkemusikk er noko eg har vorte meir og meir glad i både som formidling av tradisjon, men også som ei form som gjev godt rom for innovasjon. Eg er klar til å spisse øyra og vere med på laget og håpar å kunne gjere mitt til å gje Førdefestivalen ei retning, seier han i meldinga.

Arne Osland har master i skandinaviske språk og skandinavisk litteratur frå Universitetet i Oslo, og før han kom til Flekke, var han fleire år lærar ved UWC Atlantic College i UK. Han sit i styret for FN-sambandet og er også med i kommunestyret i Fjaler.

Styret for Førdefestivalen har frå 2019 slik samansetjing:

Arne Osland, styreleiar (vara: Liv Judit Straume), Gunn Åmdal Mongstad (vara: Jakob André Sandal), Johan Kåre Kjerstad (vara: Anne Kristin Lilleaasen), Trude Skarvatun (vara: Trond Ueland), Christoffer Knagenhjelm (vara: Magnus Hope), Dagfrid Vallestad Brevik (vara: Oda Heidi Bolstad), Ingrid Heieren (vara: Signe Eimhjellen Mehl).

Publisert:

Del: