”Det eneste som er verd å skrive musikk om er kjærligheten og døden” skal Arne Nordheim ha sagt på Theatercafeen i 1958. Sitatet er henta frå boka ”Arne Nordheim — og alt skal synge”, utgive til hans 60-årsdag. Ytterlegare 15 år har passert, og til veka kan vår mest anerkjende samtidskomponist, nasjonalt og internasjonalt, feira sine 75 år. Oslo Sinfonietta hyllar jubilanten med portrettkonsertar 7. juni på Høvikodden, og den påfylgjande dag i Larvik kirke.

Arne Nordheim (foto: Lisbeth Risnes)

Av Ida Habbestad

Det er komponistens eige forslag som ligg til grunn for programmet, etter at ensemblet vende seg til komponisten med ynskje om å gjera jubileumskonserten. Men ideen var det dagleg leiar for ensemblet, Ellen Bjørnebye som sto for:

— Jeg så at Arne Nordheim skulle fylle 75 i juni 2006, og tenkte at siden han har skrevet så mye for mindre ensembler og forskjellige kombinasjoner, måtte dette være noe for Oslo Sinfonietta, seier Bjørnebye til Ballade.

Solitaire
I tillegg til det foreslåtte programmet, har Bjørnebye (med løyve frå komponisten) tilføyd verket ”Solitarie” :

— Da Karin Hellansjø, direktør på Henie Onstad, entusiastisk sluttet seg til prosjektet, tenkte jeg på historikken — ikke bare hva Arne Nordheim har betydd for samtidsmusikken, men også på hva Henie Onstad har betydd for samtidsmusikken. De var jo pionerer på dette området; de stilte sin elektronikk og sine lokaler til disposisjon; de åpnet virkelig opp for tilrettelegging og utprøving av den nye musikken seier Bjørnebye.

”Solitaire” vart skrive til opninga av kunstsentret i 1968. Komposisjonen er basert på diktet ”Les bijoux frå ”Les fleurs du mal” av Charles Baudelaire, og diktet vart nytta som klanggrunnlag for det reint elektroniske stykket. Det har lysprojeksjonar av Terje Moe, og ”lys og klanger smelter sammen til en enhet” skriv Oddvar S. Kvam om stykket i alt nemnte bok.

Som ein viktig del av denne framføringa av ”Solitaire”, er det gjort ein ny koreografi til verket — i to ulike versjonar; ein for kvar av konsertstadene:

— Dans var viktig å ha med, for det var jo Arne Nordheim som virkelig åpnet opp for det moderne uttrykket i dansen, seier Bjørnebye. – Koreografen gjør en versjon for Henie Onstad, og når konserten gjentas i Larvik kirke, blir det koreografert en helt annen dans, med en annen ydmykhet. Jeg synes det er moro å se hvordan musikken til Arne Nordheim nå lever videre med de neste generasjoner som skaper den om til sin, gjør det til sitt uttrykk.

Reduserte løyvingar
Konserten til veka er den første sidan Oslo Sinfonietta sin opptreden under Ultima i fjor. Sidan den tid har ensemblet slitt med ei redusert løyving frå kulturrådet, — slik også Borealisfestivalen opplevde — truleg med grunngjevnad i manglande publikumsoppslutning, låg aktivitet og ei gjeld ensemblet har med seg frå tidlegare år. Det er ingen enkel tid for ensemblet, og det er vanskeleg å skjøna at færre midlar skulle kunna hjelpa til ved opprydding av problem som i utgangspunktet skuldast nettopp mangelen på midlar.

Gledeleg er det då at konserten har vorte fullfinanisert utanom desse løyvingane, gjennom midlar frå det offentlege og ei rekkje sponsorar, til og med frå anonyme gjevarar— noko som neppe er kvardagskost når det gjeld samtidsmusikk.

Bjørnebye legg ikkje skjul på at det hjelper med eit namn som Arne Nordheim når ein er på jakt etter midlar frå næringslivet. Ho vonar Nordheim med dette kan vera ein brubyggjar og inngangsport også for dette segmentet — at det gjennom den etablerte komponisten kan skapast ei interesse for dei yngre.

Pedagogikk og næringsliv
Ho er òg oppteken av å få ensemblet styrt på rett kurs, kanskje nettopp gjennom å leggja vekt på noko meir etablert musikk den komande tida:

— Jeg synes ikke bare man skal gjøre musikk som er utilgjengelig og for en engere krets. Det må vi også ha, men man må kunne gjøre konserter som bidrar til en bredere forståelse. Det er høye kostnader med å drive ensemblet, men hvis man fikk med seg næringslivet, kunne man kan tenke seg flere konserter rettet mot ungdom og barn. Vi må jobbe for pedagogisk vinkling så vi klarer å få vekket større interesse for det vi driver med, så vi ikke bare henter vårt publikum fra dem som holder på innenfor vårt felt, men også kan nå nye grupper.

I første omgang er det Arne Nordheim som skal feirast, og det fullstendige programmet er som fylgjer:

Solitaire (1968)
Aftonland (1957/1959)
Signaler (1968)
Partita für Paul (1993)
Magic Island (1975)

Publisert:

Del: