Den alt anna enn lydlause banden frå avfallstomta er tilbake, og bråkar berre endå meir denne gongen.

Årabråt: Rep. Rep (Norway Rat, 2006)

Denne anmeldelsen kan du lese i sin helhet hos Groove.no – Norges beste nettsted for anmeldelser.

Av Oddmund Berge, Groove.no.

“For eit helvetes bråk.”

Ho stod der i døra, og ein blanding av djupfølt indignasjon og boblande handlekraft lyste utav ansiktet på henne. Fem sekund seinare var av-knappen på stereoen trykt inn, og det vart stilt i stova. Veldig stilt.

Eg trudde eg hadde festninga heilt for meg sjølv i minst to timar. Ho kom tilbake etter mindre enn ein time. Og lyden av Årabrot hadde overdøyvd alle varslande lydar. Ikkje det at eg hadde rekt å få den inn i skapet uansett.

“Det går ikkje an å høyre på slikt,” heldt ho fram. “Det der er ikkje musikk, det der er lydterror. Nei verre, det der er noko som sjølv den mest utkropne terrorist ikkje hadde komme på å utsetje sine offer for. Det er det verste eg har høyrt. Det er berre noko… noko… jævla bråk!”

(—)

Du kan lese hele anmeldelsen hos Groove.no her.

Publisert:

Del: