Folkemusikk-forkjemper Kjell Bitustøyl er redaktør av Spelemannsbladet, og har vært blant de sterkeste, kritiske stemmene etter årets Spellemann-show. Han klarer ikke helt å svelge Knut Værnes sin påstand om at alle vinnerne i salen kom på direkten på fjernsynet – all den tid Frode Fjellheim i Åpen klasse definitivt var til stede. “Er det rart det blir forvirring, feil og påfylgjande irritasjon når ikkje eingong formannen i Spellemannkomiteen kjenner til disponeringane i programmet?” skriver han i denne replikken.

Frode Fjellheim, Transjoik

Av Kjell Bitustøyl, redaktør av Spelemannsbladet

Spellemannprisen – eit spørsmål

Spellemannkomiteen sin formann Knut Værnes skriv i eit innlegg på ballade.no at grunnen til at nokre sjangrar blei sendt i opptak på fjernsyn i ei redusert utgåve, var avdi vinnarane ikkje kunne vera tilstades i salen og ta imot prisane.

Han skriv vidare at dette ikkje var noko forsøk på å halde smalare sjangrar ute av sendinga. Dette høyrest beroligande ut – heilt til ein oppdagar at noko skurrar.

For på direkte spørsmål frå meg på e-post om kvifor ikkje Frode Fjellheim som var i salen og var vinnar i open klasse, ikkje kom med i den direkte sendinga, får eg til svar frå Knut Værnes at – eg siterer: “Jeg vet ikke hva som var bakgrunnen for akkurat dette.”

Er det rart anna det blir forvirring, feil og påfylgjande irritasjon når ikkje eingong formannen i Spellemannkomiteen kjenner til disponeringane i programmet! Eg har difor eit spørsmål til den eller dei der ute som måtte vita det, om det gjeld TV2 eller andre: Kvifor kom ikkje open klasse og vinnaren der med i den direkte sendinga?

Det som er sikkert er at Frode Fjellheim dukka ikkje slik spontant opp på Spellemannprisutdelinga, det kan eg stadfeste, for eg hadde eit avtalt intervju med han i førekant av utdelinga.

Kjell Bitustøyl
redaktør av Spelemannsbladet

Publisert:

Del: