INTERVJU: ICMF Stavanger startar 6. august, og ei rekkje norske og internasjonale utøvarar vil ta del under festivalen. Mellom anna kjem St Petersburg Kammerkor, som det første medverkande koret i Grieg Trio si tid som kunstnarlege leiarar. På plakaten står òg andre internasjonale storleikar som Aurun Strykekvartett, Trio Parnassus, Zeunerkvartetten og Midori. – Ledesnoren har først og fremst vært å sette sammen et spennende program. Klarer man det, faller mye på plass naturlig, seier Vebjørn Anvik i Grieg Trio om programmet.

Grieg trio06

Av Ida Habbestad

Det er klart for den 17. kammermusikkfestivalen i Stavanger, og ei heil veke til endes med kammermusikk på høgt nivå. I sitt fjerde år som kunstnarlege leiarar har Grieg Trio (Sølve Sigerland, fiolin, Ellen Margrete Flesjø, cello og Vebjørn Anvik, piano) invitert med seg ei rekkje norske utøvarar. Dømevis pianistene Håvard Gimse, Ellen Ugelvik og Christian Ihle Hadland, harpist Ellen Sejersted Bødtker, fløytist Tom Ottar Andreassen, sopranane Elizabeth Norberg-Schulz, Isa Gericke og Eir Inderhaug, trompetist Ole Edvard Antonsen og kontrabassist Katrine Øigaard.

Det vert òg ei rekkje internasjonale ensemble og solistar å høyra i Stavanger. Ensemble som Auryn strykekvartett, Trio Parnassus, Zeunerkvartetten og St Petersburg Chamber Choir tek del i festivalen, og likeeins utøvarar som Midori (fiolin), Charles Abramovic og Michael Roll (klaver), Wouter Raubenheimer (bratsj), Ilmari Hopkins (cello) og Kolja Lessing (fiolin).

Ikkje berre eitt tema

Fjorårets tematikk var kontrastar. I år er tematikken meir mangslungen – i staden for eín overordna raud tråd har dei kunstnarlege leiarane ynst å tematisera enkeltkonsertar, fortel Vebjørn Anvik til Ballade. Dermed er fleire komponistar og stilretningar vektlagde. Mellom anna arrangerast Schubert-aftan, Beethoven-konsert, Grieg-galla og impresjonistisk aftan.

Kvifor har de valt eit slikt fokus, Anvik?

— Vi synes det er interessant og utfordrende å kunne variere festivalprofilen, at vi ikke bare holder oss til et mønster som nødvendigvis skal gjentas. Tidligere år har vi gjerne laget temaer som har strukket seg gjennom festivalen, i år gjør vi noe annet. Vi vil variere slik at publikum forhåpentligvis vil oppdage programmet som nytt og friskt fra år til år, seier Anvik.

Med fokuset på enkeltkomponistar og retningar, kjem ei høvevis stor breidde av tradisjonar til syne, der land som Norge, Tyskland, Russland og Frankrike er tydeleg representert.

— Vi har ikke villet gjøre noen spesiell nasjonal avgrensning, men heller vise et bredt spekter av musikk fra Europa. Ledesnoren har først og fremst vært å sette sammen et spennende program. Klarer man det, faller mye på plass naturlig, meiner Anvik.

Vokalt preg

Eitt element som likevel tykkjest gjennomgåande under årets festival, er dei mange vokale innslaga. Tre sopranar vil vitja Stavanger, og fleire konsertar er via til lieder, songar og annan vokalmusikk. Isa Gericke deltek til dømes med lieder av Schumann og Beethoven og Händel, Elizabeth Norberg-Schulz framfører verk av Strauss og Boccherini, og Eir Inderhaug har saman med Ellen Ugelvik sett saman eit program med høvevis nye vokalverk av Crumb, Vanessa Lann og Ligeti.

Vidare får festivalen besøk av St Petersburg Kammerkor, som mellom anna framfører Rachmaninovs ”Vesper” fredag 10. august.

— Dette er første gang vi som kunstneriske ledere har med et kor, noe vi selvfølgelig ser frem til, seier Anvik.

— Det er et fantastisk kor, som er prisbelønte og aktive internasjonalt. De kommer med sitt spesialrepertoar som er slavisk musikk, med vekt på Rachmaninov, men de presenterer også andre komponister som Tsjaikovskij og de noe mindre kjente Shvedov, Kalinnkov, Smirnov og Taneyev.

SSO – Samtid og Klassisk

Også musikarar frå Stavanger Symfoniorkester deltek under festivalen. Onsdag 8. august framfører SSO Samtid under dirigent Thomas Søndergård musikk av Magnus Lindberg og Bent Sørensen, som nyleg var festspelkomponist under Festspillene i Bergen.

Avslutningskonserten er det SSO Klassisk som står for, med dirigent Daniel Reuss og solist Ole Evard Antonsen. Antonsen erstattar Christian Lindberg, som måtte melda avbud. Dagleg leiar for festivalen, Emile Labarchède skriv følgjande om endringa i ei pressemelding:

”Lindberg skulle ha spilt med SSO Klassisk på avslutningskonserten i Stavanger domkirke lørdag 12. august. Nå kommer Ole Edvard Antonsen i stedet, med Haydns trompetkonsert i Ess-dur. I tillegg til at de to nordiske messingblåserne begge befinner seg i den internasjonale elite, er det også et spesielt bånd mellom dem. Christian Lindberg har skrevet en trompetkonsert spesielt for Ole Edvard Antonsen, som urfremførte dette verket i 2005”.

Mellom dei meir uformelle konsertane, finn me arrangementa på Gaffel & Karaffel, der Stavanger Kitchen Orchestra og vokalgruppa Pitsj opptrer. Dei bringer inn andre sjangrar under festivalen, i eit forsøk på å trekkja til seg eit breiare publikum. Ein konsert for den yngre garde vert det òg, med Tone Huldbækmo og Hans Fredrik Jacobsen sin gjøglarkonsert laurdag 11. august.

Det ligg an til å bli ei rekkje gode opplevingar – men Anvik ynskjer ikkje å spekulera i kva som vert årets høgdepunkt.

— Når vi lager festivalprogrammet er meningen at den skal bestå av så mange høydepunkt som mulig. Vi håper altså at det blir en rekke spennende opplevelser, og at publikum selv kan få velge sine høydepunkter, ut fra sin oppfatning, avsluttar han.

Meir informasjon om festivalen finst på www.icmf.no

Publisert:

Del: