Nylig ble 2004-utgaven av Årbok for norsk folkemusikk utgitt. I boken, som er den trettende i rekken av folkemusikkårbøker, finner man artikler om nesten glemte spelemenn, norsk balladetradisjon, norske folkeviser og mye mer, alt sammen forfattet av de fremste eksperter på området. I tillegg vies Ole Bull Akademiets utvikling stor plass, i et intervju med rektor Gunnar Stubseid får man vite mer om bakgrunnen for dette folkemusikalske kraftsenteret på Voss.

Majorstuen Spelemannslag (Anne Lise Flavik / Fotofabriken).

Sigbjørn Bernhoft Osa sin idé om eit akademi for norsk folkemusikk er for alvor ved å bli realisert. Ole Bull Akademiet på Voss blir i år bygd ut for 11 millionar kroner og kan setje eit 4-årig bachelorstudium i utøvande folkemusikk på studieplanen. Nytt er også eit utøvarstudium i folkedans bygd over same lest som spelemanns- og kvedarskulen.

I årets utgåve av Årbok for norsk folkemusikk fortel Gunnar Stubseid, rektor ved Ole Bull Akademiet, i eit intervju med årbokredaktør Tore Skaug om bakgrunnen for og utviklinga av det folkemusikalske kraftsenteret på Voss. Stubseid, som i år har gitt ut ein kritikerrost biografi om Osa, har også synspunkt på situasjonen for norsk folkemusikk i dag og på brytningane innafor folkemusikkmiljøet:

— Kvifor må vi vera så opptekne av å dele inn i båsar? Dei gamle heltane våre, dei legendariske spelemennene, hadde eit svært variert repertoar. Dei spela det dei lika, det folk ville høyre på, og det folk ville danse etter, seier Stubseid.

Årbok for norsk folkemusikk, årets utgåve er den 13., held fram med å presentere halvt gløymde spelemenn. Den unge og lovande utøvaren på hardingfele, Synnøve S. Bjørset, spellemannprisvinnar i Majorstuen, har fordjupa seg i musikken og livet til Sigurd Eldegard (1863-1962), berar av hardingfeletradisjonen i Årdal og Indre Sogn. Eldegard hadde ein unik spelestil og eit unikt slåttemateriale, hevdar Synnøve Bjørset i artikkelen sin.

Folkemusikktradisjonen i Hardanger blir vi òg nærare kjent med – gjennom eit fyldig intervju med Ingeleiv Kjerland Kvammen, ført i pennen av Benedicthe Maurseth, også ho medlem av den aukande skaren unge hardingfeleutøvarar.

Fleire av artiklane i 2004-årboka gir ei grundig innføring i norsk balladetradisjon. Professor Olav Solberg ved Høgskulen i Telemark skriv om opphav og utvikling av mellomalderballaden, mens kollega Gudleiv Bø ved UiO går grundig inn på den mest gåtefulle av alle folkevisene våre – Draumkvedet. Mens Astrid Nora Ressem ved Norsk Visearkiv har kalla artikkelen sin “Ballademelodiene – fra arkiv til liv”.

Spelemannen og forskaren Magne Myhren har funne fram til ein tidlegare ikkje publisert artikkel av samlaren Arne Bjørndal om “Musikkultur og instrument i fornaldra og norrøn tid”, lektor Anne Berit Klungsøyr fortel om Maria-tradisjonen i norske folkeviser, og den unge munnharpespelaren Veronika Søum gir eit gløtt av munnharpetradisjonen i Buskerud.

I oppslagsdelen finn ein bibliografi for norsk folkemusikklitteratur frå året 2002 og ein tilsvarande diskografi for folkemusikkproduksjonar, utarbeidd av bibliotekar Turid Askjem ved Riksarkivet.

Denne artikkelen er videreformidlet med velvillig tillatelse fra Norsk Folkemusikk – og Danselag.

Publisert:

Del: