KONSERTMELDING: ”Etter Oslo burde vi vært gode venner, men vi er det ikke” uttalte ein palestinar i framsyninga ”Al Kamandjati – fiolinisten” på søndag. Utsegnet konstaterte den stadige konflikta som råder mellom de palestina territoriene og staten Israel – men i stort var Al Kamandjati fokusert kring andre tankar enn fiendskap. – Framsyninga balanserte hårfint mellom det private og det generelle, mellom det nostalgiske og den brutale røynda – og var av ein slik karakter at den vanskeleg kunne sjåast med uengasjerte augo, meiner Ballades meldar.

Al Kamandjati_Ultima_bak (Foto: velour.no/Laila Meyrick)

Av Ida Habbestad, foto Laila Meyrick

Ramzi Aburedwhan er namnet på den unge guten som i 1987 kasta stein og utløyste den første intifada. Eit uttrykk for sinne og motstand som skulle utløysa israelske svar – ny motstand, nye svar – i ein ustoppeleg spiral av vald.

Valden eksisterer stadig, men gjennom musikken fann Ramzi ein annan veg. Historia om korleis han fekk undervisning av franske hjelpearbeidarar og eit høve til å komma seg ut, er velkjend. Likeeins at han etterkvart reiste heim til Ramallah for å byggja opp musikkskulen Al Kamandjati.

Subjektiv og dristig

Ei framsyning som tek for seg denne beretninga – med Ramzi sjølv som aktør – er eit dristig prosjekt. Fallgruvene er mange, som at utlegninga så altfor snart kan verta i overkant partisk, eller for privat og sjølvmedlidande.

Desto betre når opphavspersonane bak ”Al Kamndjati” etter mi meining lukkast smyga seg forbi slike problem, og let dei mange bidragsytarane by på ei subjektiv men løfta oppleving.

Gjennom film projisert på veggen samt ytringar frå norske og palestinske skodespelarar og ”verkelege” aktørar, fekk me fortalt den mykje beretta historia om tradisjonar som vert brotne, om opprivande forvisning, ein frårøvd fridom – med heile den vestlege verda som vitne. Om vilkår som ikkje er betra, men snarare forverra gjennom førti år. Om stengsler som byggjest internt i landet og som ikkje berre skiljer israelarar frå palestinarar, men òg palestinarane frå kvarandre – i eit stadig meir isolert samfunn. Og altså om eit anna fokus enn vald i fastlåste tilhøve.

Alt understreka gjennom musikken av det palestinske ensemblet; Dal’Ouna samt ein kvartett frå TrondheimSolistene som frambar dels tradisjonell palestinsk musikk, dels nyare vestleg-klingande – fint utlagt, skildrande og sterkt.

Abstrahert

Mykje av årsaka til at det heile bar så godt, var slik eg ser det at Ramzi ikkje inntok noka leiande plass i framsyninga. Einast ein sjeldan gong trødte han fram med sine utsegn, og let heller andre koma meir til orde, med sine minner frå ei svunnen tid – og ytringar om dagens situasjon. Slik vart føresetnadene bak Ramzi sitt liv meir sentralt enn historia om guten sjølv.

Framsyninga var definitivt partisk. Samstundes låg ikkje fokus først og fremst i det politiske bodskapet om fordeling av land. Fiendebilete vart i stort abstrahert; ein snakka ikkje om israelarar, men om ein ”sjølvgod jeep”, ”store, sterke armar” og sidan ”sinte tanks”. Og sjølv om dei involverte truleg har sine syn på saka, lukkast dei setja fokus på sin eigen situasjon utan å ropa om skuldfordeling og hevn.

”Al Kamandjati” vart dermed ei engasjert beretning om kvifor menneske kastar stein, med von om at der finst andre måtar å bli høyrt. Og at der i mellomtida er mogleg å gjera fortvila livsvilkår levelege for dei som lever i ”eit stort fengsel under open himmel”.

Konsert:
Oslo Konserthus, søndag 12. oktober
Med Ensemble dal’Ouna, TrondheimSolistene, Bjørn Sundquist, Amira Hass, Emilie Ashrawi, Ramzi Aburedwan og Venke Aarethun
Ide og opplegg: Guido Barbieri og Oscar Pizzo
Tekst: Amira Hass
Musikk Frangiz Ali-Zadeh og Ramzi Aburedwan

Fleire detaljar sjå www.ultima.no

Publisert:

Del: