Folketonekunstnaren Agnes Buen Garnås har sunge inn ein Landstad-CD på Via Music: “Han rider den mørke natt”. Plata kjem seinare i år, men alt 23. juni vil ein kunne høyre konsertversjonen i Kviteseid gamle kyrkje, den 850 år gamle steinkyrkja som var houvdkyrkje for Kviteseid på Landstads tid.

Agnes Buen Garnås (Foto: Anders Bruen)

Av Tore Skaug, Kviteseid

Magnus Brostrup Landstad (1802-1880) var mann for to av dei viktigaste bøkene som kom ut på norsk på 1800-talet: Norske Folkeviser og Landstads salmebok. Folkeviseinnsamlinga starta han med for alvor då han var sokneprest i Kviteseid i Telemark i åra 1834-39.

I jubileumsåret har folketonekunstnaren Agnes Buen Garnås sunge inn ein Landstad-CD på Via Music: “Han rider den mørke natt”. Plata kjem seinare i år, men alt 23. juni vil ein kunne høyre konsertversjonen i Kviteseid gamle kyrkje, den 850 år gamle steinkyrkja som var houvdkyrkje for Kviteseid på Landstads tid.

Med seg på plata har Agnes Buen Garnås sonen Per Anders som trass sine unge år alt har spela seg til ein plass blant dei fremste spelemennene her i landet. Vidare organisten Sigbjørn Apeland på trøorgel og perkusjonisten Marilyn Mazur. Desse fire vil framføre eit utval songar, viser, salmar og stev som Landstad enten har skrive sjølv, samla inn eller omsett. Slik får ein oppleve spennvidden i Landstads arbeid – frå eigne mollstemde salmar til tonesette dikt og mellomalderballadar.

I gamlekyrkja i Kviteseid blir dessutan Jon M. Landstad med og gir glimt frå tippoldefarens liv og verk.

Norske Folkeviser, som Landstad fekk god hjelp til av Olea Crøger, songlærar på Kviteseid Seminarium, er eit kjempeverk på over 900 sider, som kom ut i 1853. Meir om Agnes Buen Garnås kan du lese her.

Publisert:

Del: