Då påmeldingsfristen til Folkelarm gjekk ut 15. mai kunne arrangøren notere ny påmeldingsrekord. Nær 55 artistar og grupper ønskjer å vera med på Folkelarm i 2006.

Hardingfele

— Juryen får ein tøff jobb, for berre omlag det halve av desse får plass. Truleg er det lysten til å spela i utlandet som lokkar mange til å melde seg på, sier prosjektleiar Frode Rolandsgard.

Landslaget for spelemenn meiner det er viktig å presentere heile breidda i den norske folkemusikken. Dette speglar også påmeldingane, der spennet går frå tradisjonelle solistar til dans og nyskapande samspel. Mellom påmeldingane finn ein også fleire spanande barneframsyningar, samt nokre artistar frå Finland, Sverige og Danmark.

— Fleritalet av dei som melder seg på er artistar som ønskjer å leva som profesjonelle folkemusikarar. Dette viser at desse artistane tek utfordringa med å etablere og marknadsføre seg på alvor. Landslaget for spelemenn ser det som ei sentral oppgåve å hjelpe desse profesjonelle utøvarane med å skaffe speleoppdrag. På Folkelarm i 2006 kjem det som kjend mange utanlandske festivalar, og vi vonar resultatet av Folkelarm er at desse kjem til å ta med seg mange norske artistar attende til ulike europeiske scener, fortel Rolandsgard:

— Folkemusikken er framleis inne i ein fase der ein manglar nokre av strukturane som meir etablerte sjangrar har, slik som managarar, salskanalar, bransjetreff o.l. Folkelarm skal vera ein arena for artistar og bransje til å møtast, slik at ein etterkvart kan få slike strukturar.

Mellom samarbeidspartnarane til Folkelarm 2006 finn du mellom anna: Førdefestivalen, Oslo World Music Festival, Music Export Norway, RFOD (Sverige), FS ( Danmark), samt Norsk kulturråd.

Publisert:

Del: