På Mono i Oslo i tida 15.-17. oktober presenterar forfattar, komponist og installasjonskunstnar Tomas Lægreid prosjektet “Monolægreid”, som er ein performance- og lydinstallasjon med tekst, “nærare bestemt 46 monologar skrivne midt på 90-talet, i randsona av den moglege tenkinga om identitet og dekadens som så sterkt prega Lægreids eigen generasjon i tiåret vi nett har lagt bak oss.”

I løpet av dei tre konsertane presenterer Lægreid (f. 1975 i Årdal i Sogn, busett i Oslo)utdrag frå prosjektet, som første gong vart presentert for publikum på Hulen i Bergen hausten 1999. Prosjektet er ei ny og annleis utforsking i randsona mellom installasjonskunst og performance, der noko av det kunstarlege

hovudføremålet er å utforska nett dette moglegskapsfeltet mellom genrar og kategoribestemte uttrykk.

Lægreid seier: – Etter på heile 90-talet å ha jobba tverrkunstnarleg – med musikarar, komponistar, skodespelarar, biletkunstnarar, installasjonarkunstnarar og andre forfattarar – m.a. med talet 3 og talet 2 som motiv, tykkjer eg tida no er inne til å ta føre seg talet 1 og det enkle i filosofisk meining. Samstundes ser eg prosjektet som eit høve til å få presentert ein del monologar skrivne i tida 1995-98, som til no er komne litt i bakevja for poesien eg har vore med på å formidla i løpet av dei siste åra med stendige poesiformidlingsprosjekt; ikkje at desse monologane ikkje har eit poetisk preg, men dei treng eit anna klangrom enn det samarbeidsprosjekta har kunna tilby.

Prosjektet er av ein slik karakter at det er umogleg å seia kor lang kvar konsert er. Lydinstallasjonen er basert på eit bestemt tabellsystem, som styrer kombinasjonar av lydfiler. Med maksimal treff (dvs. minimal avspelingstid) vil det ta godt og vel1,2 milliardar år å spela av moglegskapsfeltet, dvs. alle kombinasjonane, èin gong. Elementær statistikk tilseier dermed at det med tilfeldig trigging vil ta ca. 50 gonger levetida til vårt solsystem å spela av alle kombinasjonane med rimeleg sannsynlegheit. Dei tre konsertane er dermed presentasjon av eit utdrag av dei moglege kombinasjonane av lydfiler som kvar skaper sin unike samklang.

Av praktiske grunnar har Lægreid valt å avgrensa første avdeling av konserten til 60 minutt performance, medan andre avdeling varer kvelden ut.

I tillegg til Lægreid sjølv medverkar komponist og musikar Eirik Berg (f.1974 i Harstad, busett i Bergen) som teknisk assistent og musikalsk altmulegmann.

Publisert:

Del: