Bransjefestivalen på Stord har også fått nytt styre.

Det nye styret i 100 Dagar, Martha Lyse (STAR), Vegard Moberg (BRAK), Trude Storheim (VossaJazz), Sigvard Madsen (Tysnesfest), Daidalos Dahle (Festidalen), Haakon Vatle og Jostein Sydnes.

Musikkfestivalen 100 Dagar var i fare for å bli lagt ned, men eit ønske frå festivalane som har delteke, sponsorar som har sett verdien av arrangementet og eit trufast publikum har gjort at 100 Dagar har gjenoppstått som stifting med eit styre som skal ta musikkfestivalen og bransjetreffet vidare, skriv festivalen i ei melding.

Styret i 100 Dagar består no av Martha Lyse (STAR), Vegard Moberg (BRAK), Trude Storheim (VossaJazz), Sigvard Madsen (Tysnesfest), Daidalos Dahle (Festidalen) i tillegg til Haakon Vatle og Jostein Sydnes som dreiv festivalen tidlegare.

100 Dagar går av stabelen 26.-27. januar 2018, og artistar og band som ønsker å spela og festivalbookere er velkomne til å søke. Artistpåmeldinga er open på www.100dagar.no og artistar blir plukka ut fortløpande.

Festivalen er Noregs minste bransjefestival og gir mulighet til å knytte kontaktar med musikkbransje og musikkfestivalane på Vestlandet. Opptil 20 band får delta og med det sjanse til å vise seg fram for eit nytt og større publikum, og for meir enn 20 festivalrepresentantar.

Frist for påmelding er 1. desember 2017.

Publisert:

Del: